26. desember 2009

Kjoleprosjekt ferdig!



Det er eigentleg ei stund sidan eg blei ferdig med kjolen. Eg trur det var i november ein gong. Då eg tok dette crappy mobilbiletet, hadde eg enno ikkje dampa hals- og ermekantane. Dei blei nemleg ganske krøllete etter at eg hekla to omgangar med fastmasker rundt til slutt. Kjolen blei god og varm, i alle fall, og han har kjempefin passform. Eg hadde han på på julaftan, og utpå kvelden måtte eg vrengja han av meg og naut fridomen i berre topp og strømpebukse. Kjolen var faktisk veldig enkel og grei å strikka, og det gjekk ganske fort (eg byrja i august og strikka i rykk og napp), men eg måtte få hjelp til å tolka oppskrifta mot slutten. Takk til Torunn for gode forklaringar! Kjolen kjem nok til å bli brukt til kvardags òg, i alle fall no når det er meldt så kalde dagar i hovudstaden.

3 kommentarer:

Torunn sa...

Nydeleg vart den!! Godt jobba, Ragnhild!! Eg brukar min mykje og. Hadde min på på julebord og på julafta i år og. Men må nok bruke den litt meir framover og. Eg er utruleg glad i den kjolen og det tvilar eg ikkje på at du kjem til å verte og. ;) Ønskjer deg ei fortsatt fin jul!

Kort og Søm sa...

Så fin!!
Må si du er flink til å strikke.
Hos meg går det mest i luer, skjerf, pulsvanter og votter... :o)

Forsatt god jul,
klem Fredrikke :o)

Ragnhild sa...

Takk og takk:-) Eg trur eg kjem til å bruka kjolen mykje, ja. Med ulltrøye under blir han skikkeleg god å ha på når det er kaldt. Og det er ikkje så vanskeleg, Fredrikke. Når garnet er tjukt (og oppskrifta forståeleg;-)) går det unna:-)

Framleis god jul!