25. november 2009

Korleis sprita opp tomatsuppa

Eg er glad i suppe. Men for at eg skal bli mett, må eg alltid ha masse stæsj oppi suppa. Oppsprita tomatsuppe har blitt ein stor favoritt i heimen her den siste tida.

Aller først: det aller, aller beste utgangspunktet for å laga tomatsuppe på, finn du i denne posen. Når du kjøper denne, har du tomatsuppe lenge. Du tek berre så mykje pulver som du treng. Pulveret inneheld verken gluten, mjølk, soya eller egg og er dermed perfekt for mange slags allergikarar. Og det beste av alt: Suppa gir ein mykje fyldigare smak enn dei små tomatsuppeposane gjer.

Uansett: Oppskrifta er superenkel. Når pulveret og vatnet har hamna i kasserollen, er det berre å ha oppi det du måtte ynskja av dette (ta det du finn i kjøleskåpet – perfekt for å bli kvitt restar): 
  • gulrøtter
  • kålrot
  • sjampinjong
  • kylling- og kalkunpølse
  • selleri
  • pasta
  • brokkoli
(Det som treng kortast koketid, ventar du sjølvsagt med til slutt.)

Her ser du dagens resultat:


Dersom du ser godt etter, kan du sjå ein annan stor favoritt for tida: bokstavpasta! Eg ser i alle fall fleire bokstavar. Denne pastaen er perfekt fordi han treng så kort koketid. Og så er det mykje kjekkare å eta når det er bokstavar i maten.

Vi brukar alltid å laga ein stor suppeporsjon, slik at vi kan varma opp restar seinare. Suppa smakar nemleg minst like godt dagen etter.

6 kommentarer:

Little Man From Another Place sa...

Er innholdet det samme deilige som den tomatsuppen vi fikk som barn? Eller har tomatsuppepulveret også endret seg med årene?

Ragnhild sa...

Tomatsuppepulveret i denne posen som eg brukar, er i alle fall ikkje det same pulveret som i dei småposane vi hadde som barn (og som framleis finst). Pulveret i dei små posane er mykje lysare og grovkorna, og dei er tilsett mykje meir uggabugga (f.eks kveitemjøl, som eg ikkje kan eta). Du tykte sikkert det smakte deilig som barn fordi det var tilsett så mykje sukker;-)

Mette sa...

Har ein award til deg på bloggen min.

rypa sa...

Eg òg vil ha bokstavpasta!

Ragnhild sa...

Her kan du kjøpa bokstavpasta, rypa: https://www.allergimat.no/butikk/s/products/view.html?p=1509547&c=6005&g=false

:-)

Ragnhild sa...

Her kan du kjøpa bokstavpasta, Eli: https://www.allergimat.no/butikk/s/products/view.html?p=1509547&c=6005&g=false

:-)