25. oktober 2009

Fiskefint

Det verdsomfemnande strikkesamfunnet Ravelry er eit mekka for strikke-entusiastar over heile verda. Alle kan leggja ut strikkeprosjekta sine, sjølvlaga oppskrifter, garntips, strikkepinnetips, ein kan diskutera i forum og ein kan vera med i ulike grupper (eg er med i bl.a. Nordic knitters, Addicted to knitting, Keen on green, Strikk til nøstebarn ...) og diskutera felles strikkegleder og -sorger:-) Og noko av det beste av alt: ein kan få tips om akkurat det strikkeprosjektet ein held på med. Nett no driv eg og strikkar denne kjolen til meg sjølv, og eg er ikkje den einaste i verda som strikkar akkurat den kjolen. Nei, det er 56 andre på Ravelry som har strikka og strikkar den same kjolen. Dei legg ut bilete, tips og triks, framlegg til anna garn og andre fargar, skriv kva dei tykkjer om mønsteret, osv. Det er berre GENIALT!

Og no, vettu, kom eg over dette fantastiske mønsteret, som eg sjølvsagt må testa ut! Fiskar! Så utruleg fint! Eg skal strikka vottar, tenkte eg, for det var også mogleg. Den utruleg flinke dama SpillyJane i Canada har laga utruleg mange kule mønster, og dette er berre eitt av mange. Sjekk ut endå fleire her.

6 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Helt fantastiske!!
Må klikke meg inn der og titte, ha en fin dag!
Fredrikke :o)

wine-fueled narcissism sa...

Åj, så søte! :)

MagFly sa...

Fantastisk. Sånne vil eg ha...

Men det er mogeleg at eg må vente litt. Fann ikkje mindre enn tre prosjekt i bilen (!) i dag)

Torunn sa...

Så artig mønster! Eg er og medlem på Ravelry, men må innrømme at eg brukar det omtrentlet ingenting. Har ikkje orka å sette meg inn i det enno. Men den kjolen har eg strikka. ;) Eg strikka min i Smart. Viss du kikkar i bloggen min under Voksen i menyen finn du den. ;) Lykke til!!

Ragnhild sa...

Hei, alle saman! Ja, fiskemønsteret er kjempekult! Kjenner til det med å ha mange prosjekt gåande samstundes;-)

Torunn sa...

Klart eg kan hjelpe deg, men eg har eit lite problem... Har prøvd å leite etter mønsteret mitt no på morgonen, men eg finn det ikkje. Treng å lese litt meir av mønsteret og sette meg inn i det igjen ettersom det er eit år sidan eg strikka kjolen. Har du mulighet til å sende den på mail til meg, evt skrive litt meir før og etter så kan eg prøve å sette meg inn i mønsteret igjen og huske? Mailadr mi er: torunnk@gmail.com