27. august 2009

Høgdepunkt frå august

Det er hektiske arbeidsdagar og dårleg med blogging for tida. Eg saknar å ha tid til sy- og strikkeprosjekt og tid til å pusla med foto. Særleg no når september snart er her, og det blir mørkare og kaldare dagar. Eg håpar det går seg til.

For eit par veker sidan var vi i bryllaupet til Marit og Even i Jostedalen, og det var nok det kjekkaste som skjedde i august. Dei gifta seg i lett yr ved Nigardsbreen. Brura hadde bryllaupsstøvlar på og den finaste brurebuketten eg nokon gong har sett. Vi åt verdas største og søtaste økologiske bringebær. Og dansa. Og sjølv om eg fraus på meg både det eine og det andre, kjem eg aldri til å slutta å seia Å Vestland, Vestland!

4 kommentarer:

hlewagastiR sa...

Sei gjerne litt om livet som lærar ved høve. Dat hadde vore forvitneleg med ei skildringa av lærarlivet i hovudstaden! Men det er kanskje ikkje det ein gidd mest når dagen er ferdig...

Ragnhild sa...

Nei, det er ikkje mykje tid til å blogga når ein er lærar. Eg får sjå kva eg får til:-)

Torunn sa...

Nydeleg!! Mykje flott du har laga og. Ha ein fin søndag.

Ragnhild sa...

Takk for det, Torunn!:-)