27. desember 2008

Ikånnjgenser i mål!

I oktober fall eg pladask for denne genseren. Og no er eg i mål! Det står att å festa ein del lause trådar, men eg har sydd saman det som må syast saman, så han er så å seia ferdig. Det ser kanskje ut som om det er vanskeleg å strikka han, men det var faktisk veldig greitt. (Sjølv om eg er glad for at han ikkje var større.) Takk til Dalegarn for gode forklaringar i oppskrifta! Og til mamma, som forklarte meg korleis nøttene skulle strikkast. Trass i at eg ikkje likte det glatte garnet og dei tynne pinnane, likte eg i alle fall mønsteret! Detalj:

12 kommentarer:

Anonymous sa...

Fantastisk! Han verkar so avansert denne gensaren - du er ein kløppar med strikkepinnane!!

Ekorni har det nok bra i Mjosundet - dei får i alle fall ei nøt kvar :)

K.

Eva Marie sa...

Veldig fin Ragnhild!

Ragnhild sa...

K: Eg kan strikka ein ikånnjgenser til deg òg;-)

Eva Marie: takk, eg er nøgd òg!

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Fantastisk fin genser!

Kardemomme sa...

Heisann :) Takk for koselig kommentar på bloggen min :)Alltid koselig å treffe nye bloggere der inne..For en herlig ekorngenser du har strikket!!! Jeg hekler mye for tiden men strikker også i perioder og denne genseren var virkelig til inspirasjon..Håper du har en koselig romjul! Hilsen Kardemomme :)

Ragnhild sa...

Takk for det, Kardemomme:-) Ekorngenseren fann eg i det siste heftet til Dalegarn (nr. 203). Eg har fått dilla på å hekla små blomar til jakkepynt o.l., men eg skjønar no at det går an å hekla mykje meir enn det! God romjul til deg òg!

rypa sa...

Kor mykje skal du ha for han?

Ragnhild sa...

Han er nok ikkje til sals:-)

rypa sa...

Tenkte eg det ikkje. Velvel, Ragnhild, godt nyttår og takk for ein kjekk blogg!

Ragnhild sa...

Takk, det same, rypa!

Ragna sa...

For en flott genser! Jeg holder på med genser til meg selv men det går så saaaakte... Har strikket armene og jobber med bolen. Øverst blir det mønster. Så flittig du er som har strikket en hel genser, og på så kort tid også :-)

ragnhilda sa...

Takk, Ragna! Genseren var i storleik 1.5 år, så han var ikkje så stor, og då gjekk det ganske fort å strikka. Eg har også planar om å strikka ein tunika til meg sjølv, men trur eg kjem til å bruka meir tid på det, gitt. Du må leggja ut bilete av genseren når du er ferdig! Stå på!:-)