15. november 2008

November

Slik kjenner eg meg i november:
Trøytt, matt og i koma av å gå inntulla i lag på lag med ull gjennom dei mørke novemberdagane. Eg skal faktisk strikka meg ein hals, men ikkje ein så stor ein som denne.

Biletet er frå bladet Damernas värld, som eg kjøpte berre fordi det lokka meg med framsideteksten om at bladet inneheldt 45 sider om økologisk mote, mat og skönhet, og fordi Narvesen hadde 25 prosent avslag på utanlandske blad. Har aldri kjøpt bladet før, men eg vart positivt overraska. Det slår definitivt mange norske moteblad som stort sett har lite tekst og uinteressante bilete. Biletet av madammen over, derimot, trefte i alle fall meg.

4 kommentarer:

rypa sa...

Ragnhild, du er meg ein økologisk skjønheit. Venleik?

Ragnhild sa...

Var det eit spørsmål? Skjønte ikkje heilt.

rypa sa...

Nei, det var jo ikkje så mykje å skjøne, eg lurer berre generelt på kva økologisk skjønheit er for noko! No er jo ikkje dette eit veldig viktig spørsmål i livet mitt då, så lat oss svitsje over til at det var ein fin novemberillustrasjon og at den typen vintertrøyttleik kanskje kan kurerast med ein lang skitur i solfylde fjell i Breheimen?

Ragnhild sa...

Det er nok snakk om økologiske venleiksprodukt av ymist slag:-) (Hår- og hudstæsj)

Ein blir nok både vakker, frisk og rask av å gå ute i den kvite snøen i Breheimen, men eg har ikkje skisko eller stavar (men eg har ski). Eg får googla etter økologiske ski. Kanskje treski er tingen?