13. november 2008

Hurra for b-dagen!

I dag feira eg b-dagen. Eg kom på arbeid mellom 09.30 og 10.00 (men var ikkje så veldig utkvilt pga. årstida, og måtte sova ein time i kveld).

Verda går sanneleg framover! Som b-menneske er det veldig kjekt å sjå at det no er oppretta ein organisasjon for rettane til b-menneske, B-samfunnet. Dei har laga ein kjempefin nettstad der dei m.a skriv: B-samfunnet er en organisasjon som kjemper for å tilrettelegge samfunnet for individuelle søvnvaner. Dette støttar eg. Folk som ikkje greier å stå opp kl.07.00 og som kjem på arbeid etter kl.09.00, kan lett bli sedde på som late. Men det har inkje med latskap å gjera, noko B-samfunnet skriv mykje lurt om. Det er på tide å ta på alvor at folk har ulik tidsrytme! Sjekk den supre nettstaden her.

4 kommentarer:

Fivrel sa...

Ah, B ja, det er eg au, og det er IKKJE greitt, serleg ikkje når ein er student og skal sitje heilt stilt i eit halvskumt auditorium og høyre på monotone, messande røyster som talar om vanskelege ting - frå kl 8 om morgonen og utover... MEN, det hadde vel hjelpt om ein hadde kome seg i seng i tide. Noko eg IKKJE gjer, som du no ser (klokka er halv tolv at this very minute).

Kommentarar til dei førre kommentarane: Du store alpakka sel dei fantastiske Knit Picks Harmony Woods-pinnane. Dei må du prøve, iallefall rundpinnane. Dei er nemleg laga slik at du kan SKRU pinnane frå plast"kabelen". Såleis kan ein ha tre slike plast"kabel" eller -trådar (40 cm, 60 cm, 80 cm), og eitt par 3,0 pinneendar, eitt 3,5, eitt 4,0 osb. GENIALT, dette gjer at ein treng mykje færre rundpinnar, og at ein lettare kan halde orden i kaoset. Eg skal au innom i morgon ein tur, i 15-16-tida truleg, på veg til toget til Gausdal. Kan jo ikkje på togtur i 2 timar utan spit, og no felar eg rundpinne 4.

Takk for dialektkyt ;-) Linda Eide var faktisk i Setesdal no nyss og hadde ny duell med Sigurd. Og han vann att, sjavsagt... Ingen kan slå oss i (det verda kallar) rare ord. "Vi du fli mi spitet mitt, ja bå sneisan å nåa, så vi mi røe a liti bil å have kaffirus" (kanskje kan me gjere det i form av spitekafe på Du store alpakka ei gong? Dei har nemleg det annankvar tysdag. Har aldri vore der, men tenkt på det).

God helg! :-)

Ragnhild sa...

No har eg kjøpt pinnane du skreiv om! Takk for tipset!:-) Eg var der rett før stengetid og hamstra både pinnar og garn. Diggg!

Eg er veldig open for å vera med på strikke/spitekafe! Rop ut om du har lyst til å gå ein tysdag!

Vonar du fekk strikka på toget og at du får ei fin helg!

hlewagastiR sa...

Her veit du at du hev 100 % støtte frå meg!

Ragnhild sa...

Godt å vita, hlewagastiR:-)