Det er haust og tid for ull, noko som mellom anna førte til at eg i dag forvilla meg inn på eit prøverom på H&M. Der hang det noko som såg ut som ei god og varm ulljakke, med eit ikkje så aller verst snitt:

Eg gjorde det som eg alltid gjer før eg vurderer eit klesplagg som aktuelt for prøving/kjøping, nemleg las på varedeklarasjonen. Då fekk eg hakeslepp:

Dei er no i det minste ærlege. 100 % syntestisk! Juhu! Men kven vil ha
det??? Det kunne like gjerne stått:
100 % plast, som er omgjort til tøyliknande fibrar for å få deg til å tru at du kjøper noko du kan ta på deg. Ja, plastikken liknar mest mogleg på ull for å lura deg til å tru at du kjøper eit varmt og godt plagg, som varer sesong etter sesong, som aldri blir nuppete, som aldri får håret ditt til å stå rett til vêrs pga at det er så syntetisk, som du aldri blir klam, våt eller kald i. Sidan det er så billeg å gjera om desse plastfibrane til noko som liknar på eit tøystoff, kan vi setja ned prisen radikalt, og du får difor jakken for usle 298 kr! Det er jo praktisk, sidan dette plagget kjem til å gå ut av fasong etter to gongar i bruk, sømmane og trådane kjem til å gå opp, fibrane kjem til å gjera håret ditt irriterande syntestisk, og du difor kjem til å trenga ein ny tullulljakke etter kort tid, og kjem til å gå tilbake til H&M for å finna ein liknande jakke. Pga at prisen er såpass låg og snittet er såpass kult, går du rett i fella igjen, og kjøper tullull på nytt.Forholdet mitt til H&M og dei andre billegkjedene sine ull-liknande klede er OVER! No skal eg gå heilt over til å kjøpa all ull frå
Icebreaker - merinoull som kjem frå glade sauer på New Zealand, og ikkje minst frå norske
Nøstebarn, som sel ubehandla, sympatisk, snill og god ull. Eg tek veldig gjerne i mot tips til andre plassar der dei sel ekte ull!