29. juni 2008
Roser
24. juni 2008
Mus i mur
Jepp, ein ekte mus-i-mur-tekst! Frå det som var læreboka mi då eg gjekk i første klasse (dette er ei bokmålsutgåve, så det er altså ikkje mi lærebok, reint fysisk). Eg skal ikkje gje meg ut på å seia kva eg meiner om det syntetiske perspektivet på den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa (tilhengjarane av dette perspektivet elskar det som blir kalla mus-i-mur-tekstar). Men eg trur ikkje det er direkte farleg å introdusera elevane for ord som inneheld bokstavar dei enno ikkje har lært.
21. juni 2008
Nytt kamera!

20. juni 2008
PJ Harvey i operaen
Heilt, heilt elektrisk! Eitt piano, 3-4 gitarar, ein trommeboks, eit munnspel og nokre andre dingsar var alt som skulle til. Og PJ Harvey si heilt utrulege røyst. Nett no går eg bananas på iTunes.
18. juni 2008
Sex and the City - The Movie

No har eg òg sett han. Dette blir oppsummeringa:
Håret til Miranda/Cynthia Nixon var fantastisk. Eg vart inspirert til å klippa meg. Berre så synd det krev tolmod å ha så kort og fabelaktig hår. Det er mogleg eg treng ein assistent òg.
17. juni 2008
Organisk liv

Mitt første innkjøp var reinsemjølk frå Dr. Hauschka (Smart Club sel det!) Frå før har eg dyre reinseprodukt frå Clinique og Dermalogica, men denne reinsemjølka er himmel i forhold. Etter å ha reinsa andletet, er huda glatt som silke, og eg treng ikkje å ha på krem etterpå ein gong, noko eg må etter å ha brukt dei andre produkta, som gjer at huda blir tørr og ekkel. Reinsemjølka svir heller ikkje viss eg får ho i augo, og mascaraen går av så lett som berre det. Eg kjøpte òg ein lypsyl i same merke. Eg har blitt avhengig av blåkvit lypsyl, som berre tørkar ut leppene, men no er det slutt!
Eg har googla meg fram til ein million ulike nettbutikkar som sel diverse organiske produkt, og fann til slutt ut ein som eg likte godt, nemleg So organic. Her har eg no bestilt lipgloss og mascara. Og meir skal det bli!
16. juni 2008
15. juni 2008
Dette er ei bok-åtvaring
Abonner på:
Innlegg (Atom)