31. mars 2006

Soga om det raude hårlokket

Den siste tida har eg ved fleire høve kome opp i ordskifte om korvidt eg har raudt hår eller ikkje. Eg har alltid sett, tenkt og sagt at eg har raudt hår. Biletet av meg frå seint 70-tal med eit enormt raudt hårlokk skulle jo vera prov nok. Ein gong vi hadde skuleavslutning på barneskulen og skulle spela stykket om alle dyra i Hakkebakkeskogen eller noko slikt, måtte eg til og med spela reven, som tørka ei tåre med halen då ein eller annan bamse hadde bursdag. Eg og reven hadde nemleg begge raudt hår!

I seinare tid, særleg etter at eg kom ut i arbeidslivet, har folk byrja protestera når eg omtalar meg sjølv som raudhåra. Dei seier at eg er BLOND! Då eg skulle fornya passet mitt måtte eg fylla ut hårfargen min i søknadsskjemaet, og eg skreiv "raudbrunt". "Brunt" føydde eg til pga den generelle skepsisen eg er blitt møtt med. Dama bak skranken rynka på nasen då ho las dette, og freista endra det til B L O N D T. Eg måtte protestera og freista peika på det raudlege skjeret i håret mitt, men ho var framleis skeptisk.

Eg måtte oppsøkja ekspertise. Eg gjekk til frisøren og spurte kva farge eg hadde på håret. Og ho sa gyldenblondt! Ho sa at eg ikkje hadde det ho ville kalla raudt hår. Så no freistar eg å innsjå realitetane. Eg har ikkje lenger raudt hår. Hårlokk har eg heller ikkje lenger - det har heller blitt fall i det (noko eg ikkje hadde snev av før). Gradvis, og utan at det har gått opp for meg før no, har eg blitt blondine med bølgjer i håret (men med GYLDENT skjer!).

To be continued...

16 kommentarer:

Magnus sa...

Kva er 'hårlokk' og kva er 'fall'?

Ragnhild sa...

Eit hårlokk = hår ligg som eit lokk over hovudet. Du har sikkert høyrt om EIN hårlokk - det er noko heilt anna. Det er ein liten del av eit hår, jmf uttrykket "Min første hårlokk":

http://www.haugrud.no/shop/varer/670.jpg

Fall i håret = håret legg seg slik du vil, det er medgjerleg. Ikkje fall i håret = håret er stritt og gjer aldri det du vil.

Ragnhild sa...

Fotoet av meg gjev vel dei beste definisjonane av korleis hårlokk og mangel på fall i håret ser ut. Hehe...

Magnus sa...

takk, takk.

Eg lærer så lenge eg lever, ser eg.

Ragnhild Bjorge sa...

Velkomen til blondineklubben!

"Gyldne blondiner for alt som er bra i verda"

Magnus sa...

Finst ein nettstad som er autoritativ på kva som er brunt, blondt etc.? Eg anar ikkje kor grensene går.

Magnus,
med manglande hårkunnskaper

Jarle sa...

Som vi alle vet, så har blondiner mer moro enn andre. Siden du stadig blir blondere, Ragnhild, vitner det om en god utvikling i livet. For min del ser jeg frem til den dagen jeg blir hvit i håret - da tror jeg at jeg kommer til å le meg ihjel. Det må være fint å dø av latter.

Ragnhild sa...

Magnus: nei, eg trur ikkje det finst nokon nettstad som fortel kva som er blondt osb. Du får søkja på nettet:-)

Jarle: eh...prøvde du å vera artig? Eg forstod det ikkje heilt. Du har jo kvitt hår, jo.

Jarle sa...

Ikke helt hvitt Ragnhild. :-)

Men snart, kanskje! Noen får hvitt hår nærmest over natten - om de har opplevd noe sjokkerende el.l. Tragedien er the flip side of komedien.

Barn som gråter når de blir født får helt sikkert mørkt hår. De som ler blir blonde.

Magnus sa...

Leland i Twin Peaks, for eksempel. Han fekk jo plutseleg heilt kvitt hår.

Her står det i alle fall litt om hår:
http://en.wikipedia.org/wiki/Hair_colour

Ragnhild sa...

Ja, eg òg tenkte på Leland i Twin Peaks:-)

Jarle: eg trur du har hårfargen "snow". Sjå Magnus si ekstremt nyttige lenkje! Eg trur eg er ei blandig av cinnamon, honey, ginger, blonde & golden. Og kanskje med litt redhead i botn;-)

Sigmund sa...

Hahaha! Der ser du. Du som påstår at eg har raudt skjegg.

Ragnhild sa...

Sigmund: du HAR raudleg skjegg!!! Det er berre min eigen hårmanke eg ikkje greier å vurdera hårfargen på.

Hilde frå det lova landet sa...

Ragnhild, du er ikkje blond!
Eg har no alltid tenkt på deg som ei medsyster, om enn i ei noko lysare (ikkje blondare) utgåve. Blondisar kler t.d. rosa, lyseblått, skarp lilla og andre stygge fargar, medan me likar å kle oss i nydelege grøne og turkise og flotte raudoransje lovgjevande jordfargar. Så det så :-)

Hilde frå det lova landet sa...

Det skal vera LIVgjevande, altså, ikkje lovgjevande. Veit ikkje heilt kva det skulle vera, forresten.

Ragnhild sa...

Takk, Hilde!!! Men eg må innrømma noko: eg har byrja å gå i rosa! Dvs har kjøpt EIN rosa topp. Han er veldig kul - litt sånn hip hop og fjortis-aktig. Så eg ser ikkje yndig og blond ut i han, eigentleg. Fargen er ikkje alt, ein må vurdera snittet òg;-) Men trur eg kler den rosa fargen, altså. Og om ikkje, så har eg funne ut at livet er for kort til å ikkje finna på sprell!