
I seinare tid, særleg etter at eg kom ut i arbeidslivet, har folk byrja protestera når eg omtalar meg sjølv som raudhåra. Dei seier at eg er BLOND! Då eg skulle fornya passet mitt måtte eg fylla ut hårfargen min i søknadsskjemaet, og eg skreiv "raudbrunt". "Brunt" føydde eg til pga den generelle skepsisen eg er blitt møtt med. Dama bak skranken rynka på nasen då ho las dette, og freista endra det til B L O N D T. Eg måtte protestera og freista peika på det raudlege skjeret i håret mitt, men ho var framleis skeptisk.
Eg måtte oppsøkja ekspertise. Eg gjekk til frisøren og spurte kva farge eg hadde på håret. Og ho sa gyldenblondt! Ho sa at eg ikkje hadde det ho ville kalla raudt hår. Så no freistar eg å innsjå realitetane. Eg har ikkje lenger raudt hår. Hårlokk har eg heller ikkje lenger - det har heller blitt fall i det (noko eg ikkje hadde snev av før). Gradvis, og utan at det har gått opp for meg før no, har eg blitt blondine med bølgjer i håret (men med GYLDENT skjer!).
To be continued...