20. mai 2011
16. mai 2011
Morgondagens kjole med blome
Dette er den andre 17. mai-en på rad at eg ikkje skal bruka bunaden min. I fjor var eg jo megagravid, og i år orkar eg rett og slett ikkje tanken på kombinasjonen bunad og ekstremt nyfiken gut som vil eta på og utforska alt. Eg måtte ut på kjolejakt, og på H&M fann eg ein utruleg søt, blomstrete kjole! (Sikkert ingen andre som har funne den same ...) Han var nesten like fin som bunaden min.
Kjolen ser litt sånn posete og rar ut der han heng, men han er finare når han heng på ein kropp, altså. Vurderer å bruka eit smalt belte rundt livet for å få meir fasong, men er ikkje heilt sikker. Eg brukar alltid å gå i meir figurnære kjolar, så dette var eit uvanleg kjoleval til meg å vera. Men blomane var jo så fine! (Det er blomar på ryggen også!)
Og eg likte særleg detaljane på kragen:
Og så måtte eg jo sjølvsagt i veg og kjøpa fluffy garn (dvs. Vivaldi), slik at eg kunne strikka denne fine blomen. Det blei ikkje så bra med u-fluffy garn, fann eg ut.
Så no har eg festa blomen til jakka og er klar for 17. mai!
Ha ein fin 17. mai i bygd og by!

13. mai 2011
Førebuing til 17. mai
Å, det er så kult at Drops garnstudio har laga oppskrifter på søte ting ein kan laga til 17. mai! Denne skal eg strikka no:
Men eg har ikkje fluffy garn i raudt og blått, da ... Eg har i det heile teke veldig lite raudt garn. Så eg skal prøva å bruka extra fine merino frå Pickles, sjølv om det ikkje blir nokon fluffy effekt av det.
Sjekk ut alt det andre søte ein kan laga da! Mannen i huset ville gjerne ha slips, men eg trur nok ikkje det blir denne 17. mai-en.
8. mai 2011
Yndlingsbiletet mitt
Dette er meg og bror min i 1979. Eg skulle veldig gjerne hatt den grøne genseren. Eg diggar fargekombinasjonane i biletet, og eg diggar særleg hårfargen min.
7. mai 2011
Eit rop om syhjelp
Eg har blingsa ein smule på syprosjektet eg held på med, og som eg snart var i mål med til og med ... Hulk! Så no vender eg meg til alle flinke sydamer der ute og lurar på om det er mogleg å fjerna denne knappen på ein enkel måte, utan å øydeleggja verken stoff eller kroppsdelar? Plis sei ja!
Eg har nemleg plassert han feil veg ... Holet/låsemekanismen skal venda innover, ikkje utover. Veit ikkje kva eg tenkte på, men slik gjekk det. Eg har prøvd med saks og med tenner (!), men det gjekk ikkje. Så no er eg redd eg må øydeleggja stoffet. Det er altså selane på ei snikkarbukse til poden vi ser eit glimt av.
Og buksa blir superfin berre eg får denne knappen på riktig plass! Sjå så fine knelappar!

10 månader!
Det er ikkje til å tru, men vesle Tryggve er 10 månader i dag! Smask!
Favorittaktivitetar er å krabba i superfart, å stå, å gå langs ting, å få tak i det eg har i hendene og putta det i munnen, å stirra på og smila til folk på t-banen, å seia mammamammamamma (veit ikkje om han forstår at det er meg, men), å bita på bøkene som eg prøver å lesa høgt frå, å fikla med leidningar og stikkontaktar, å plaska i vatn, å riva ut bøker og cdar frå alle hyller, å eta på strikkepinnar ... Det er altså travle tider for alle og ein kvar, utruleg artig likevel. Dette må vera den artigaste babyperioden, har eg tenkt gong på gong opp gjennom dei 10 månadene han har vore her. Det er nok det at det skjer så mykje nytt heile tida som gjer at kvar månad, kvar veke og kvar dag kjennest heilt spesiell ut.

6. mai 2011
Tabbestrikk
Ha-ha, eg sat og såg gjennom gamle bilete på macen, og måtte le då eg fann dette biletet frå september:
Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn og i storleik 0–1 år (han var to månader på dette biletet).
Det er mogleg poden ser veldig søt ut der han ligg, altså, men makan til upraktisk selebukse med merkeleg passform skal ein leita lenge etter. Eg strikka buksa i februar i fjor og tenkte at det var fint at ho var så baggy. Jauda, ho var god og vid i føtene. Det eg ikkje visste, var at føtene var alt for korte og selane alt for lange + at dei kom til å gli ned heile tida. (Kva skal ein liten baby med selar, eigentleg?) Og den gule ribbestrikken var alt for vid. Tryggve hadde på seg buksa ein gong, og det var då eg tok dette biletet. Eg brukte kjempelang tid på å strikka buksa også.
Tabbestrikk!
Eg har strikka mange plagg som blei alt for små for poden (han er stor for alderen), men eg kan ikkje tru at det var strikkinga mi som var problemet her? Er det andre som har strikka buksa med god erfaring? Eller er det rett og slett ei tabbeoppskrift?

5. mai 2011
Tøysete tøysetopp
Eg har strikka tøysetopp frå Pickles. Brukte bomullsgarn derifrå også. Her er toppen rett før eg festa den siste tråden:
Strikka i storleik 2 år til poden på snart ti månader (brukte mindre pinnar enn i oppskrifta). Men eg får ikkje toppen over hovudet hans ... og armopningane ser litt små ut også. Det er mogleg eg felte litt stramt, rett og slett. Eg likar eigentleg rundfelling, men her tykte eg fellingane blei veldig synlege. Laga liksom hakk i mønsteret. Kanskje pga. at bomullsgarn er litt stivare enn ull? Eg likar nok best å strikka i ull, ja. Æsj. Så dette blei ein tøysete tøysetopp, rett og slett. Men eg trur han kan passa fint til ein annan unge, altså. Han passa berre ikkje til min unge.

Noko positivt til slutt: Eg likte godt rillene. Dei gav ein fin effekt. Og fargane blei også fine. Men eg går nok tilbake til ullgarn no ja, sjølv om det er sommar snart.
4. mai 2011
Smekke
Då har eg sydd mine første smekker til to nye verdsborgarar. Superenkelt! Eg brukte ei anna smekke som mønster, klipte ut i mjuk voksduk (dvs. det er ein slags bomullsduk med voksaktig belegg) frå Kremmerhuset (kan vaskast på 40 grader i maskin) og sydde på skråband. Vips!
Eg tenkte eg skulle vera litt fancy, så eg sydde med lilla tråd på kvitt skråband. Ikkje lurt dersom ein er ei utolmodig syerske, for det er fort gjort å sy litt stygt i svingane, og det blir supersynleg. Så eg måtte rekka opp litt her og der, og det blei litt krøll.
Men alt i alt var det veldig enkelt, og ikkje minst var det kjekt at det gjekk så fort å sy. Eg sydde ei smokkesnor også, men ho gløymde eg å ta bilete av. Eg får sy fleire smokkesnorer og hugsa å ta bilete. Og eg må nok gje dei bort, for poden her i huset er ikkje så interessert i smokk lenger.

3. mai 2011
Det er ikkje eitt feitt
Eg elskar kaffi. Men det var ikkje før eg var i USA i 2007 at eg oppdaga at eg i årevis hadde drukke gamal kaffi. Då fekk eg nemleg smaka FERSK kaffi, dvs. kaffi som var laga av ferskbrende bønner. Kaffien både luktar, smakar og ser heilt annleis ut enn gamal kaffi. Kaffi er ferskvare, noko vi nordmenn ikkje er så vande med å tenkja.
Heldigvis er det mogleg å kjøpa fersk kaffi i Noreg etter kvart, men ein kan også kjøpa over nettet. Her ser vi yndlingskaffien min:
Det er French roast frå Peet´s coffee and tea (kjøpt i USA). Kaffien er mørkbrend, og mørkbrend kaffi har ei oljete overflate fordi feittet tyt ut når han blir brend. Ein blir skikkeleg feittete på fingrane av å ta på bønnene. Det er synd biletet ikkje kan formidla lukt, for bønnene luktar utruleg intenst.
Bønnene sette spor, som vi ser, etter at eg tømde dei ut av koppen:
Slurp!

2. mai 2011
Tips til garnoppbevaring?
Til no har eg oppbevart garnet mitt i korger rundt omkring i kåken, men det har blitt litt vanskeleg etter kvart:
Dette biletet blei teke i mars, og ein månad seinare er det blitt heilt vilt, for no kan guten både krabba og stå, så ikkje noko får vera i fred, verken av garn eller andre saker og ting han kan riva ut. Så: Er det nokon som har tips til barnevennleg garnoppbevaring? Finst det geniale korger med lokk eg kan få tak i, eller er det reolar/hyller som er den beste løysinga? Eg tek i mot alle slags tips og triks!

1. mai 2011
Pledd på pledd
Etter at vi fekk baby i hus, er dette noko vi har brukt dagleg:
Nemleg ullpledd! Det kvite pleddet blei strikka av ei venninne, og det er strikka i babyull, trur eg. Dette pleddet brukar vi ofte å leggja på madrassen i senga til poden, og så ligg han oppå. Det gråblåe pleddet har svigerinna mi hekla, og det er eit veldig varmt, men samtidig luftig pledd. Det brukar han som dyne i senga, og det held seg fint på plass fordi det er såpass tungt. Han har aldri brukt vanleg dyne. Det lyseblå pleddet er strikka av søskenbarnet mitt, i mønsteret med det talande namnet sjøsprøyt, og det brukar vi i vogna no når ullposen har blitt lagt vekk, saman med det lysegrøne pleddet (som er strikka av far i huset).
Vel, slik blir pledda brukte no for tida, men dei har hatt ulike bruksområde opp gjennom. Dei har blitt brukte vekselsvis inne og ute, i senga, i bilen, som ekstra polstring i vogna på kalde vinterdagar, som sitjeunderlag, som leike (kvar er mamma? titt-tei! ...), som varmekjelde for meg på kalde trilleturar .... Bruksområda er uendelege! Så ullpledd er rett og slett blitt ein suksess, og det beste av alt: Dei blir aldri for små, slik som klede blir. Desse kjem vi til å bruka lenge. Likevel drøymer eg om å strikka eller hekla endå eit pledd, og til det har eg ein vag idé om å bruka restegarn. Tida vil visa!

Abonner på:
Innlegg (Atom)