Viser innlegg med etiketten Syprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syprosjekt. Vis alle innlegg

3. mars 2013

I mål med eit lite gardinprosjekt

I det nye huset vårt er det enormt mange vindauge, og alle er av ukonvensjonelt format. Det er jo ikkje nødvendig med gardiner framfor alle vindauga, men der sola steikjer, og der det er mykje innsyn, er det jo litt greitt med gardiner. Det er ganske så bra innsyn på badet oppe, så der fann eg ut at vi måtte ha ei gardin. Vindauget er under 1x1 meter og kvadratisk, og eg leita blant stoffrestar for å sjå om eg fann eit lite flak eg kunne sy gardin av.

Eg sydde saccosekk til poden for eit års tid sidan (denne), og dette stoffet hadde eg nokre restar av. Eg blei særs nøgd, for fargane passa perfekt til det pastellblå og litt triste 80-talsbadet vårt. Eg sette i gang, og trudde eg hadde meir enn nok stoff. Men nei, det største flaket var for lite. Så kva gjorde eg? Eg måtte lappa saman ... Eg klipte i firkantar og trekantar og prøvde meg fram.

Glimt frå prosessen ...

Heldigvis er det eit praktisk mønster når det gjeld å lappa saman slik at det blir fint.


Etter litt prøving og feiling og triksing og miksing blei dei fem stoffdelane til ei lita og søt gardin.

Det er jo ikkje spesielt spanande å sy gardiner, men dette prosjektet blei jo litt artig. Eg var på nippet til å gje opp eit par gonger fordi eg ikkje trudde det kom til å bli nok stoff. Eg måtte ta i bruk kvar ein cm med stoff eg hadde att.

Eg er særs nøgd med at eg fekk brukt opp stoffrestar, for eg har ein plan om å bruka opp mykje stoff som berre ligg og sleng.

Så no vart det god karma på do!

16. april 2012

Selebuksefavoritt #3

For ei tid tilbake skreiv eg om eit syprosjekt med stjerner på. I helga blei eg endeleg ferdig!
Dette er den tredje buksa eg syr av dette fantastiske mønsteret. Den første buksa var oransje, den tredje var mosegrøn, og denne er altså mintgrøn. Alle stoffa er tynn cordfløyel frå Stoff og stil. Stjernestoffet er eit bomullsstoff eg kjøpte på nettet for fleire år sidan, og det blei til knelappar. Og lappane blei festa på tradisjonelt vis med knallraud tråd i sikksakk rundt.
Eg var litt i tvil om kva farge eg skulle ha på skråbandet, men enda opp med lilla. På bileta ser skråbandet blått ut, så dei lyg litt. Eg fann ein lilla kamel i sysakene mine, og han strauk eg på med strykejernet. Utruleg enkel pynt! Eg skal pynta meir med både kamelar og andre skapningar eg har liggjande.
Eg gjorde noko nytt denne gongen, nemleg brukte eit anna stoff enn hovudstoffet som forsterking på skuldrene. Det blei ganske fint!
Buksa er ei gåve til ein fin, liten 1-åring. Strikk i anklane er ein garanti for at bukser varer lenge, så eg trur nok han kan bruka denne buksa til han er 2 år. Det gjorde nemleg Tryggve. Eg har berre sydd i storleik 2 år så langt, men no har eg tenkt å sy storleik 3 år til finingen min, for 2 år har blitt for lite. Så dette er nok ikkje den siste gongen eg publiserer bilete av selebuksefavoritten. 

17. mars 2012

Stjerner i sikte

Å, eg skulle så gjerne ha site oftare ved symaskina! Men det er ikkje så lett. Når eg skal sy, må eg ha overskot, det må helst vera lyst, og eg bør helst vera heime åleine. Ingen enkel kombinasjon. På den alltid rotete pulten min kan vi no skimta dette:

Stjerner! Kvar kveld siklar eg etter å sy i det fine stoffet, men det har berre blitt liggjande. No har eg endeleg klipt ut dei delane eg treng, men det er det eplegrøne stoffet som ligger under stjernene, som er hovudstoffet i det eg skal laga. Og det har eg byrja sy i. Så no kryssar eg fingrane for både overskot, lysare tider og åleinetid slik at eg kan få på plass stjernene og deretter starta på det neste syprosjektet, som er noko til meg sjølv!

31. januar 2012

Eg har sydd mitt første møbel!

80-talet er tilbake i heimen! Men eg vil påstå at dette møbelet er finare enn det tilsvarande eg hadde på 80-talet. I alle fall reint fargemessig. Stoffet kjøpte eg på nettet for fleire år sidan. Eg har det i gul-/lime-prikkete utforming også. Til fôret brukte eg lerretstoff eg kjøpte på sal for mange år sidan. Det var veldig godt å bruka opp stoff frå det store lageret mitt!

Ja, det er ein saccosekk! Eller sekkestol, om ein vil. Eg sydde storleik junior, for møbelet var til veslingen vi skimtar oppi der. 

Saccosekken eg hadde på 80-talet, hadde eit ytterlag av svart skaistoff, og det var umogleg å få det reint kvar gong ein eller annan kattunge hadde tissa i han. Usj! Væske vil jo nå inn til isoporkulene uansett, men det er i alle fall mogleg å ta av og vaska det ytste trekket på denne sekken.

Eg kjøpte mønsteret på Stoff og stil, og må seia at eg ikkje vart begeistra for det. Eg har ikkje brukt mønster frå Stoff og stil før sjølv om eg har fleire liggjande i kø. Syoppskrifta var utforma så stikkordsmessig og ufullstendig at eg måtte lesa henne mange gonger for å vera sikker på at eg hadde forstått alt. Ikkje var det gode illustrasjonar til, heller. Det var snakk om seks stoffdelar som skulle syast saman x 2 + ein glidelås som skulle syast i, så det var ikkje snakk om avansert søm. Kor vanskeleg er det mogleg å gjera det? Eg har null tolmod når det gjeld slikt! Eg har lese og brukt oppskrifter på langt meir avanserte syprosjekt enn dette, der eg forstår kvart eitt ord, så det er jo mogleg å få til. (Eg ser no at dei andre oppskriftene eg har frå Stoff og stil, er utforma på den same ordknappe måten. Kjem nok ikkje til å kasta meg over desse prosjekta på ei stund!)

Uansett. Eg er glad for at eg kunne testa ut oppskrifta på fôret, for det er jo ikkje så nøye om det ikkje blir fint. Eg brukte usynleg glidelås, for eg tykkjer det blir finast. Glidelåsen er sydd fast i botnen. 
Eg kjøpte mange fleire gram med isoporkuler enn det stod i oppskrifta, så sekken blei kanskje vel full av kuler. Men eg meiner å hugsa at 80-talssekken blei ganske så slapp i fisken etter ei stund, så eg trur ikkje det gjer noko. Dessutan er det bra med polstring når eigaren sjølv både vil hoppa, liggja og sitja i han. Så eg trur eg kan seia meg nøgd med resultatet, trass i ein del irritasjon undervegs.

15. august 2011

I mål med favorittbuksa

I mai sydde eg denne til Tryggve. Buksa har vore mykje i bruk i sommar. Så då kjøpte eg endå meir av det tynne cordfløyelstoffet for å sy ei bukse til. Denne gongen kjøpte eg stoff i ein mosegrøn farge. Og eg sydde gule lappar på knea – denne gongen trefte eg litt betre med dei, dvs. det blei ikkje legglappar, men knelappar.



Eg tykkjer det artig å sy med kontrastfargar her og der, sånn som då eg festa lappane.









Det blei gult skråband. Eg byrjar å bli flinkare til å sy i svingar no! Og knappane gjekk det også betre med. 



Eg strauk også på denne søte ugla på bringa:





... men ho byrja losna allereie etter ein vask, diverre. Nokon som har triks for å få sånne figurar til å sitja fast skikkeleg? Det var lim på baksida, så det var jo berre å stryka over med strykjernet?



Buksa i bruk:







Eg skal definitivt sy fleire bukser! Men det blir ikkje fleire til Tryggve denne sesongen. I går måtte vi nemleg fram med ulla ... så ullsesongen er rett rundt hjørnet.

22. juni 2011

På syplanen

Eg hadde liksom tenkt å sy litt sjølv om eg ikkje er heime ved mi eiga symaskin for tida. Vi får sjå korleis det går. Her kan vi skimta stoffa eg plukka med meg på reisa. Eg pakka sysakene i den fine pungen med Småfolk-mønster som eg har kjøpt av Gunn som driv Maganda. Får i alle fall sylyst når eg ser på dette!

4. juni 2011

Solbukse i bruk

I fjor sydde eg denne søte babybuksa. Eg sydde i storleik 1 år og var ganske spent på om ho ville passa til Tryggve. I dag var det fantastisk fint vêr, så det var dagen for å sjekka det.  

Og hurra! Buksa passa! Endeleg eit plagg eg har laga til han som ikkje er for lite!
Den fine t-skjorta (med stilige seglbåtar) fekk han då han blei fødd og har berre lege i klesskapet og venta på sommaren. Ho passa jo ganske så bra til buksa. Eg har lyst til å sy fleire bukser, men eg har så mange andre syprosjekt på planen, så det blir nok ikkje tid til det. 
Det var dagen for å investera i solhatt! Og hatten var jo prikken over i-en.

28. mai 2011

Ein ny oransje favoritt

Den vesle finingen i huset er ganske så stor og god. Gong på gong opplever vi at kjøpebukser er alt for smale eller for korte i livet. Dessutan brukar han tøybleier, og det gir litt større bleiebak enn med papirbleier. Men NO har eg funne ein ny favoritt. Eg har sydd ei snikkarbukse i diggbart oransje stoff (tynn cordfløyel) frå Stoff og stil. Eg trur det var storleik 2 år (frå den fantastiske boka Barnetøj du selv kan sy), og her er det god plass til å boltra seg i. Det er sjølvsagt nesten umogleg å ta bilete av hovudpesonen sjølv. Han er stadig på farten, som de ser. Og då passar det jo bra at buksa er så vid og god!

(Det er han som har drege ut alle bøkene, altså. Dei skal kasserast.)

Eg sydde lappar på knea av eit stoff eg kjøpte på den superfine Blafrebutikken i Ekeberg hageby. Eg blingsa litt med plasseringa av lappane. Dei hamna alt for langt ned på leggane. Så det blei legglappar. Men pytt, pytt. Då veit eg det til neste gong.

Eg hadde jo litt trøbbel med den eine trykk-knappen. Festa han feil veg. Men den lokale skreddaren greidde å få ut knappen i ein fei, og takk og lov for det. Så då var det berre å konsentrera seg skikkeleg hardt om å gjera det riktig. Og det blei jo bra. Men eg tykkjer ikkje det er så veldig enkelt å hamra laus på knappane, altså, for å få dei til å sitja. Nokon som har tips?

Noko som er ekstra stas når ein har funne ein favoritt, er at han kan vara lenge. Som de ser, er buksa ganske lang i føtene, men fordi det er strikk nedst, passar buksa fint. Og ho kjem til å passa ei stund til. Dvs. nokre månader. Og eg er i gang med å sy endå ei, denne gongen i eit stretchstoff (for aller første gong). Kryss fingrane for at det går bra.

7. mai 2011

Eit rop om syhjelp

Eg har blingsa ein smule på syprosjektet eg held på med, og som eg snart var i mål med til og med ... Hulk! Så no vender eg meg til alle flinke sydamer der ute og lurar på om det er mogleg å fjerna denne knappen på ein enkel måte, utan å øydeleggja verken stoff eller kroppsdelar? Plis sei ja!
Eg har nemleg plassert han feil veg ... Holet/låsemekanismen skal venda innover, ikkje utover. Veit ikkje kva eg tenkte på, men slik gjekk det. Eg har prøvd med saks og med tenner (!), men det gjekk ikkje. Så no er eg redd eg må øydeleggja stoffet. Det er altså selane på ei snikkarbukse til poden vi ser eit glimt av.

Og buksa blir superfin berre eg får denne knappen på riktig plass! Sjå så fine knelappar!

4. mai 2011

Smekke

Då har eg sydd mine første smekker til to nye verdsborgarar. Superenkelt! Eg brukte ei anna smekke som mønster, klipte ut i mjuk voksduk (dvs. det er ein slags bomullsduk med voksaktig belegg) frå Kremmerhuset (kan vaskast på 40 grader i maskin) og sydde på skråband. Vips!
Eg tenkte eg skulle vera litt fancy, så eg sydde med lilla tråd på kvitt skråband. Ikkje lurt dersom ein er ei utolmodig syerske, for det er fort gjort å sy litt stygt i svingane, og det blir supersynleg. Så eg måtte rekka opp litt her og der, og det blei litt krøll.
Men alt i alt var det veldig enkelt, og ikkje minst var det kjekt at det gjekk så fort å sy. Eg sydde ei smokkesnor også, men ho gløymde eg å ta bilete av. Eg får sy fleire smokkesnorer og hugsa å ta bilete. Og eg må nok gje dei bort, for poden her i huset er ikkje så interessert i smokk lenger.

13. mars 2011

Saum og draum

Trass i mange meter med nyinnkjøpt stoff (+ eit allereie velfylt stofflager), blir blir det ikkje så mykje tid til sying som eg drøymer om ... Eg drøymer stadig om å ta turen til Stoff og stil, og eg har laga meg ei laaang liste over alt eg har lyst til å sy. Det er jo så kort veg til den fine butikken, og det var ikkje noko problem å ta med poden dit, som vi ser.

Men det gjeld å ikkje berre drøyma. Og no har eg funne ut at det einaste som kan få fart på syinga, er når eg har eit heilt konkret mål med syinga, dvs. at det eg syr, skal brukast ved eit bestemt høve. Som då eg gjekk gravid og skulle sy gravidkjole til å bruka i eit bryllaup. (Eg rakk å bruka kjolen tre gonger, faktisk.) Eller no forrige helg, då Tryggve blei døypt (største dåpsbarnet i mils omkrins, sikkert), og eg hadde bestemt meg for å sy dåps-outfit i form av ei skjorte og ei bukse (ingen dåpskjole, nei). Eg sydde og sydde. Og blei ferdig! Skjorta sydde eg etter ei oppskrift frå den fantastiske klassikaren Børnetøj du selv kan sy. Skjorta såg slik ut:
Eg likte dei tre legga på kvar side, men droppa å sy legg på ermene. Eg laga pose-ermer i staden for å få skjorta til å passa betre til buksa (pose-bukse). Det er også eit legg på ryggen, og det var superstilig. Det var første gongen eg sydde ei skjorte, og eg digga det. Fin oppskrift! Eg brukte eit lysegrønt lintstoff. Diverre har eg ingen supergode bilete som viser skjorta, innser eg no, men her er eit glimt av hovudpersonen saman med bror min:

Eg valde treknappar fordi eg tykte dei passa så fint til det litt røffe linstoffet (tjukk lin). Han hadde ei kvit ulltrøye under skjorta, det er ho som stikk fram over navlen;-)

Buksa sydde eg etter dette mønsteret, og her valde eg lin i ein annan farge for å unngå at antrekket skulle få ein slags uniform-look. Eg må ta bilete når guten har på seg begge plagga samstundes, for han blei skikkeleg smashing, men enn så lenge får eg visa fram eit bilete av buksa i grelt blitzlys, før eg hadde festa strikkane:
Det som eg blei litt nøgd med, var blondekanten. Kjøpte blonder på Stoff og stil (åf kårs) og tykte dei pynta opp buksa. Kven seier at gutar ikkje kan gå i blonder? Vonleg får han på seg kleda til 17. mai! Eg sydde storleik 1 år, men kleda sit perfekt allereie, som vi ser ...

Uansett, eg veit ikkje heilt kva som blir neste syprosjekt enno. Eg må finna ein dato og eit høve først! Og drøyma litt innimellom.

14. februar 2011

Oppdatering: den søtaste sauen

Buksa eg sydde til Tryggve i går, sat veldig fint på!
Ho var høg nok i livet, og no har eg justert strikkane i livet og rundt anklane slik at ho vonleg passar til sommaren. Han har litt å å gå på når det gjeld beinlengda, men det var strikkane, då ... Det er ikkje enkelt å sy noko som skal passa fleire månader fram i tid!
 Men uansett skal eg sy ei tilsvarande bukse i lin. Trur det kan bli fint!

13. februar 2011

Baggy brok til guten

Ute er det 12 minusgrader, sol og alt for mykje snø. Medan gutane har vore ute og trilla,  har eg vore heilt åleine med det første syprosjektet mitt sidan fødselen. Endeleg! Og eg rekk til og med og blogga om det. Juhu! Eg har sydd ei baggy brok i storleik 1 år:
Stoffet kjøpte eg på nettet for eit par år sidan. Det er frå Robert Kaufmann, og dei har berre sååå mange fine, fargerike og glade stoff!
Mø! Mønsteret til buksa kjøpte eg på Panduro for ei tid sidan. Det er frå Minikrea.dk og er mønster nr. 20300 på denne sida. Det finst vel ikkje noko enklare ein kan sy enn dette. Eg klipte ut dei to (!) mønsterdelane og stoff i går kveld og brukte to timar på å sy i dag. Er ikkje heilt ferdig med strikka, for eg må tilpassa dei til guten, og han har ikkje kome heim enno.

No skal eg avsløra ein dårleg eigenskap eg har: Eg rotar vanvittig medan eg syr. Eg er så utolmodig etter å bli ferdig at eg ikkje orkar å rydda etter kvart som eg blir ferdig med ting og tang. Eg orkar ikkje ein gong å rydda vekk rotet som ligg på syplassen før eg går i gang! Slik ser det ut på stovebordet nett no:


Og det er nok sannsynleg at bordet blir sjåande slik ut ei stund til. Håpar det er fleire som har det slik ... Uansett, viss denne buksa sit fint, har eg tenkt å sy ei slags fest-posebukse også i same mønster, i einsfarga lin. På bordet er det mogleg å skimta eit anna syprosjekt eg har tenkt å gå i gang med. Og som eg håpar kan passa til den eventuelle linbuksa.

Eg oppdaterer vonleg med eit bilete av guten i den nye buksa. Ein veit jo aldri. Kanskje eg ikkje får buksa over stumpen ein gong ...

5. februar 2011

Stoff og stiiiil til OSLO!

I går opna endeleg Stoff og stil avdeling i Oslo!!! Juhu! Så i dag køyrde vi bortom. Det tok 7–8 minutt, så eg skal ikkje klaga. Eit lite glimt:
Sikle, sikle! Det var ganske så folketomt der. Ho eine i kassa sa at mange trudde butikken opna 10. februar, for det er det som står i katalogen. Men på nettet står det altså 4. februar. Parallelt med ny butikk har det no kome nye katalogar. Dobbeltlukke! Eg har eigentleg påført meg sjølv innkjøpsstopp når det gjeld stoff, men det spørs om det går så bra no ... Det har kome inn SÅ mykje fint stoff, og eg har tenkt å prøva meg på jerseystoff for første gong. MEN i dag kjøpte eg berre nokre fine merke til å lima på klede eg skal sy til søtnosen, og så kjøpte eg mønster til smokkesnor og katt. Det har blitt mykje strikking det siste året, men no klør eg etter å syyy!

22. august 2010

Juhu! Ny katalog frå Stoff og stil!

Den nye Stoff og stil-katalogen kom her om dag, og som vanleg får eg lyst til å kjøpa stoff i lange banar og sy tusen ting.

Av barneklede likte eg veldig godt alt vi ser på denne sida:
Den stripete kjolen har faktisk vore med i ein katalog tidlegare, men i andre fargar. Det hugsar eg fordi eg kjøpte mønsteret og planla å strikka han. Men det har det ikkje blitt noko av. Den baggy broka trur eg kan passa fint til ein gut, så ho har eg lyst til å sy.

Elles likte eg godt snittet på denne kjolen:
Det er kanskje litt vanskeleg å sjå men det er snøring rett under bringa. Med det rette stoffet kunne eg godt ha tenkt meg å sy og gå i denne kjolen.

Så er vi over på det som eg garantert kjem til å mekka frå katalogen. Då eg var i Stoff og stil-butikken sist, kjøpte eg ei uro og planla å hekla desse søte dyra til å henga opp i uroa:
Eg kjøpte oppskrifta på nettet, eg kjøpte garn, og eg kjøpte vatt til å ha inni dyra. Men fordi eg aldri har hekla figurar før, og fordi oppskrifta er på engelsk, har prosjektet blitt liggjande. Det skal veldig mykje til før eg orkar å gå i gang med dette nett no, merkar eg. Eg har rett og slett fortrengt det.

Men så! Den siste katalogen har løyst problemet mitt:
Kva er så dette? Jau, det er stoffbitar med vatt inni. Dei har blitt klipt ut av dette søte stoffet:
Superenkelt! Eg har utruleg lyst til å kjøpa dette stoffet, sjølvsagt, men skal halda meg i skinnet (inntil vidare). Eg har nemleg stoff liggjande som kan passa ypparleg til prosjektet. Dette er jo ikkje like fint som dei fine hekla dyra, kanskje, men dyra kan eg jo hekla ein annan gong og bruka til noko anna.

Det største problemet er kanskje at eg ikkje greier å finna ut kvar eller korleis eg kan henga opp uroa ... Ho er til Tryggve, sjølvsagt, og då er det jo best å henga henne over stellebordet på badet, men eg skjønar ikkje korleis eg skal få festa uroa i taket utan å borra og styra. Nokon som har tips til korleis eg enkelt kan henga opp uroa i taket utan å øydeleggja det? I mellomtida skal eg kasta meg over stoffa.

18. august 2010

Frå mammakjole til ammekjole?

Det er litt seint å visa fram mammakjolen eg sydde, men betre seint enn aldri. Dette er eitt av få bilete eg har av meg med kjolen på.

Eg sydde inn utringinga og justerte beltet etter at eg tok dette biletet, noko som førte til at utringinga mildt sagt blei stor. Difor kjøpte eg ein kvit blondeaktig topp til å ha på under, som stakk opp akkurat der han skulle. Det blei faktisk ganske fint!
 
Her er eit litt koko bilete der toppen er synleg.
I og med at utringinga er så giga kan eg kanskje vurdera å bruka kjolen som ammekjole? Det står att å testa.

Uansett: Eg er kjempenøgd med mønsteret eg brukte! Eg forstod alt, sjølv om det var skrive på engelsk syspråk. Eg grudde meg til å sy i glidelåsen, men det gjekk kjempebra. Eg kjøpte mønsteret på nettet og har lyst til å finna fleire mønster av denne typen. Eg sydde forresten laaang kjole og ikkje knelang, i og med at eg hadde så mykje stoff. Dessutan tykte eg det blei finast. Stoffet var fantastisk godt å ha på seg i varmen. Det var svalt og godt. Litt stolt av at eg greidde å bli ferdig i tide! – og at eg rakk å bruka kjolen heile tre gonger før ungen kom.

1. mai 2010

Sysesesongen er i gang!

Etter ein lang vinter med strikketøy i fanget er det utruleg dig å gå i gang med vårens syprosjekt. Her om dagen reiste eg til Stoff og stil i Drammen. Det var eitt år sidan sist, og denne gongen hadde eg litt meir konkrete planar for kva eg skulle ha, men eg greidde likevel å kjøpa alt mogleg som ikkje stod på handlelista. I tillegg til trådsneller, glidelås, kritt, strikk og slikt, kjøpte eg mange fine stoff: 

Dei to turkise stoffa er perfekte kjole- og blusestoff. Soppstoffet (som er økologisk) har eg sett mykje av rundt om på diverse kreative bloggar. Det er heilt fantastisk fint! Sjekk da:

Stoffet finst både i stretch og vanleg bomull. Sidan eg ikkje har overlock-maskin, blei det vanleg bomull. Ganske tjukt bomullstoff, eigentleg. Har ingen konkrete planar for det enno. Sukk, eg har lyst på overlock-maskin!

Pingvinstoffet er også utruleg fint:
Det beste med stoffet er at det er så mjukt og godt å ta i. Trur det kan passa perfekt til dyne- og putetrekk!

Og så – stoffet som var grunnen til at eg eigentleg måtte på Stoff og stil:
Dette er stoffet eg skal bruka til å sy mammakjolen med. (Eg bestemte meg for å sy kjolen utan ermer – altså den til høgre.) Eg leita lenge for å finna eit perfekt stoff. Dette er veldig tynt, glatt og silkeaktig å ta på (er laga av 100 prosent polyester, da ...), og er sikkert fint å ha inn mot kroppen når det blir skikkeleg varmt. Eg har aldri sydd med slikt stoff før, så det blir spanande å testa ut! Eg har sydd ein dummy-kjole av mammakjolen i eit stoff eg aldri kjem til å bruka til noko fornuftig:
Då fann eg ut at medium blir alt for stort, og at eg må bruka eit tynt stoff for at kjolen skal falla fint. Eg vurderer å bruka eit lilla stoff som belte, som eg kjøpte litt av også, men er litt usikker. Vel, eg fann også ut at dette var ein veldig enkel kjole å sy. Utruleg gode syinstruksjonar, sjølv om dei var på engelsk. Eg brukte to kveldar på sjølve syinga (men då sydde eg ikkje i glidelåsen, altså, og dessutan var eg ikkje supernøyaktig heile vegen). Så no har eg stoff i vaskemaskina og er klar som eit egg til å gå i gang med syinga når dei har tørka! 

7. mars 2010

Optimistisk prosjekt?

Det er vååår i lufta og eg gler meg til å kasta vintersko og vinterklede og ta på meg sommarlege klede! Eg er nøydd til å utvida garderoben min til sommaren, og difor har eg kjøpt dette kjolemønsteret på nettet:

Eg planlegg å sy den rosa varianten, men ikkje i rosa stoff, då. Eg planlegg å bruka eit gammalt, grønblomstrete dynetrekk. Mønsteret ser veldig enkelt og greitt ut, og det er veldig gode forklaringar, trass i at det står på engelsk. Likevel: Dette kjem til å ta tid! Eg har klipt opp halvparten av mønsterdelane eg treng, og det tok laaang tid! Eg er jo slett ingen proff.

Problemet er at eg er ein blanding av storleikane small, medium og large, og eg er ikkje flink til å tilpassa mønster til kroppen min, så eg må nok sy ein prøvekjole av eit jallastoff for å sjå korleis eg må tilpassa. Eg tør ikkje å klippa opp det fine dynetrekkstoffet før eg er sikker på at mønsterdelane er i riktig storleik. Så får vi sjå om eg rekk å bli ferdig før eg kan gå i dei vanlege sommarkjolane mine igjen ...