Viser innlegg med etiketten Mindre forbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mindre forbruk. Vis alle innlegg

8. januar 2013

Pakkepakkepakke

Dette var gårsdagens utsikt. Pjuh, det er eit styr å pakka ned alt ein har samla seg av jordisk gods. Vi har 50–60 kassar med ting. I tillegg til møblar. Alt dette har fordelt seg utover 72 kvadratmeter og i ei bod. Korleis er det mogleg? Ein burde eigentleg ha flytta oftare for å bli minna på om at ein har meir enn nok. 

Ting eg har lært (noko av dette veit eg jo, men eg lærer visst aldri):
  • Ikkje kjøp matvarer utan ein plan, kjøpt berre fordi ein tenkte at dette må ein prøva å bruka meir av. To år etter best-før-datoen må matvarene kastast (gjeld særleg pinjekjernar, vaniljepulver og kokosmasse).
  • Flyttekassane frå Biltema er billegast og best (dei på biletet). Dvs. ein får mykje for pengane. 
  • Det løner seg å måla lister med ein gong ein flyttar inn på ein ny plass og ikkje venta til tre dagar før ein flyttar ut.
  • (Denne gjeld ikkje meg!) Aldri kjøp dvd-filmar berre fordi dei er billege. Kva skal ein med ein diger kasse med filmar etter at ein har sett dei éin gong? Livet er for kort til å at ein rekk å sjå filmane fleire gonger.
  • Bruk finn.no jamnleg til å kvitta seg med ting, anten for å selja elle gje vekk.
  • Når ein ikkje kan hugsa sist ein høyrde på ein cd, er det på tide å kvitta seg med cd-spelaren, forsterkaren og høgtalarane (denne har eg tenkt på i årevis).  
  • Kjøp alltid minst fem flyttekassar meir enn ein trur ein treng.

8. februar 2012

Ei påminning i kvardagen

Personligalmanakk.com kan ein laga seg personlege almanakkar. Eg har laga meg meg ein. Dette er framsida: 

Eg tok biletet av mora og dottera på landsbygda i Den dominikanske republikk hausten 1999, då eg var solidaritetseittåring i Changemaker/Kirkens Nødhjelp. Dei levde i stor materiell fattigdom. Det var før eg hadde digitalkamera, så ein visste jo aldri heilt korleis bileta kom til å bli før ein hadde framkalla dei. Dette var lysbiletefilm, og eg hugsar kor sett ut eg blei då eg møtte blikka deira på det store lerretet. 

Dette er originalbiletet:
Av og til treng ein bli minna på om at ein har det så alt for godt her i rike Noreg. Ei slik påminning passar fint å ha på framsida av ein almanakk. Eg treng slike påminningar, i alle fall. Påminningar som gjer at eg hugsar å støtta organisasjonar som gjer ein stor innsats for å hjelpa andre. Og påminningar som gjer at eg tenkjer meg om ein ekstra gong neste gong eg har lyst på eit klesplagg eller noko anna som eg eigentleg ikkje har bruk for. 

22. desember 2011

Innpakningstips!

I fjor byrja eg ein ny trend med å pakka inn julegåver i glossy magasin-sider. Aldri meir skal eg kjøpa vanlege innpakningspapir-rullar! Men i alle fall, i år fekk eg endå ein lur idé. Eg har nemleg dette garnet liggjande, som er skikkeleg fluffy og litt rart raudt:
Limtuben set det heile i perspektiv: Nøstet er stort. Og eg har berre brukt det éin gong, nemleg då eg skulle hekla 17. maiblome tidlegare i år. Men kva er det perfekt å bruka garnet til? Jau, dette:

Som band rundt gåver! Og det blir finare jo fleire rundar ein tek. Det hadde ikkje blitt den same effekten med garn som ikkje er fluffy. Så no har eg både innpakningspapir og band til særs mange gåver. Særs godt nøgd!

31. oktober 2010

100 prosent tøybleiegut!

Då er vi endeleg fullstendig over på tøybleier til den vesle poden! Juhu! Vi byrja med papirbleier fordi det var så mykje anna å setja seg inn i då han blei fødd, men målet var heile tida å gå heilt over til tøybleier. Eg hadde ikkje kjøpt inn noko anna enn brettebleier før fødselen fordi eg ikkje visste om så mykje anna. Men gradvis har eg sett meg inn i kva som finst av tøybleier der ute i den store tøybleieverda. Eg har registrert meg på det fantastiske tøybleieforumet på Tøybleier.no, der ein kan dela erfaringar og spørja om råd og tips, eg har kjøpt brukte tøybleier på Finn.no, Tettinntil.no, og eg har hamstra heilt nye bleier på Bleieboden.no. Det finst til og med dei som har eigne tøybleiebloggar! Eg har vore mest inne på dei fine bloggane Tøybleiemamma to be? og Med tøy på stumpen. I det siste har eg faktisk byrja drøyma om tøybleier. Så ja, eg har blitt skikkeleg hekta!

Eg har kjøpt inn både lommebleier, alt-i-eitt-bleier og formsydde bleier og elskar å testa ut kva som fungerer best til natt og til dag, til tiss og bæsj, kva innlegg som passar i kva for bleier, kva som fungerer best av borrelås og knappar, osv. (Her står det ein informativ tekst om dei ulike bleietypane.) Eg diggar alle dei kule fargane og motiva som finst! Det kjem som ein artig bonus i tillegg til alle dei andre gode grunnane (blant andre økonomiske + miljømessige) til å bruka tøybleier framfor papirbleier.

Tøybleieguten er nøgd, så langt. Her ser vi den fine tøybleiestumpen i det bleiemerket som definitivt har dei kulaste mønstra, nemleg finske Muksut. (Men det er også nokre av dei dyraste bleiene). Dette er ei lommebleie som er fylt med bambusinnlegg (og truleg også litt bimmelimm og bommelomm).

Det blei mange lenkjer i dette innlegget, men eg kjenner meg forplikta til å spreia den gode tøybleiebodskapen til andre som kanskje lurar på om dei bør gå over til tøybleier. Det er umogleg å angra når ein først har gjort det!  

15. april 2009

Katten spør, og vi svarar

– Søren, altså, denne Billy-hylla er alt for lita. Eg treng ei hylle til! Eg er trass alt ein ekte innekatt. Det er vel ikkje mogleg å skaffa meg ei hylle til for ein ultrabilleg penge?

– Æsj, her er jo berre Dalegarn, jo. Kan ikkje nokon skaffa meg litt ekte, godt gamaldags garn frå 70-talet?

– Å, alltid må du ta bilete av meg når eg står i ein eller annan teit posisjon og skjeglar med augo og ikkje har kjemma meg. Er det mogleg å gje meg ein retrospegel slik at eg kan fiksa meg litt først?

Jaja, katten, du stiller fleire retoriske spørsmål her no, men vi kan jo svara likevel: svaret på alle problema dine er dette! Og heldigvis for alle oss som ikkje er innekatt ...

... men som kan springa ute i det fri, er det null problem å koma seg til Sømmelig. Nordahl Brunsgt. 13. Rett ved busstoppen til buss 37, som altså heiter Nordahl Brunsgt. No er det siste sjanse!

PS: Ja, mamma, eg veit at katten sit på kjøkkenbordet. Men han har sitjeunderlag i det minste. Dessutan har innekattar tørre og reine potar.

23. september 2008

Tid for tullull

Det er haust og tid for ull, noko som mellom anna førte til at eg i dag forvilla meg inn på eit prøverom på H&M. Der hang det noko som såg ut som ei god og varm ulljakke, med eit ikkje så aller verst snitt:

Eg gjorde det som eg alltid gjer før eg vurderer eit klesplagg som aktuelt for prøving/kjøping, nemleg las på varedeklarasjonen. Då fekk eg hakeslepp:

Dei er no i det minste ærlege. 100 % syntestisk! Juhu! Men kven vil ha det??? Det kunne like gjerne stått:

100 % plast, som er omgjort til tøyliknande fibrar for å få deg til å tru at du kjøper noko du kan ta på deg. Ja, plastikken liknar mest mogleg på ull for å lura deg til å tru at du kjøper eit varmt og godt plagg, som varer sesong etter sesong, som aldri blir nuppete, som aldri får håret ditt til å stå rett til vêrs pga at det er så syntetisk, som du aldri blir klam, våt eller kald i. Sidan det er så billeg å gjera om desse plastfibrane til noko som liknar på eit tøystoff, kan vi setja ned prisen radikalt, og du får difor jakken for usle 298 kr! Det er jo praktisk, sidan dette plagget kjem til å gå ut av fasong etter to gongar i bruk, sømmane og trådane kjem til å gå opp, fibrane kjem til å gjera håret ditt irriterande syntestisk, og du difor kjem til å trenga ein ny tullulljakke etter kort tid, og kjem til å gå tilbake til H&M for å finna ein liknande jakke. Pga at prisen er såpass låg og snittet er såpass kult, går du rett i fella igjen, og kjøper tullull på nytt.

Forholdet mitt til H&M og dei andre billegkjedene sine ull-liknande klede er OVER! No skal eg gå heilt over til å kjøpa all ull frå Icebreaker - merinoull som kjem frå glade sauer på New Zealand, og ikkje minst frå norske Nøstebarn, som sel ubehandla, sympatisk, snill og god ull. Eg tek veldig gjerne i mot tips til andre plassar der dei sel ekte ull!

17. februar 2008

Tre på topp i hovudstaden

Denne gongen: ein hyllest til folk som bidreg til at sko og klede blir fiksa og ikkje kasta:

1. Sømmelig symaskinkafe i Nordahl Brunsgt 13

2. Skomakarane på Mister Minit på Oslo City

3. Skreddaren i Trondheimsvegen rett ved Samlaget

Eg har testa ut alle. Terningkast seks!

15. august 2006

Kva du kan kan få for 35 kr:


Desse perfekte dessert-bringebæra (1 kg) , sjølvplukka, på ein enorm bringebæråker i Årdal i Sogn. Dagen før: 10 min unna ein parkeringsplass kunne vi hamstra 8,7 kg enormt store, søte blåbær, utan konkurranse frå eit einaste menneske. Oslo har inkje å stilla opp med når det gjeld prisar eller utval (verken på bær eller hus).

Konklusjon: Vestlandet gjev størst gevinst. Vi har no både full frysar og full pængbok.