Viser innlegg med etiketten Feminisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Feminisme. Vis alle innlegg

23. juli 2012

Om kjerringbloggar

Clara Lidström driv bloggen Underbara Claras värld, og eg diggar bloggen hennar. Ho skriv så braaa! Ho skriv om emne som interesserer og inspirerer meg, som eg kjenner meg att i, og som eg lærer mykje av. Ho er dedikert og ekte.

Sockerbloggandet som stör er eitt av favorittinnlegga mine på bloggen hennar, og det er aktuelt i ordskifte som med jamne mellomrom dukkar opp her i Noreg òg, no siste gongen i midten av juli, der bloggkollektivet Maddam hadde ein (etter mi meining) unyansert artikkel på trykk i Dagbladet der dei kritiserer det dei kallar mammabloggar. Innlegget heiter Familielykke fanget i nettet. Den fine bloggen Mammadamen har skrive eit tilsvar under overskrifta Mammabloggdebatten er fordumsfull og nedlatende. Eg tykkjer overskrifta er ei god oppsummering. Støttar den!

Men altså: Clara skriv særleg godt om emnet. Les! 

14. mai 2012

Pippi og eg

Her er bror min og eg i 1983. Eg har nettopp vaska kleda til dokka mi (for hand i vasken på badet), og står og heng ut dei nyvaska kleda på klessnora (mi) i hagen. Eg hugsar den gode lukta av nyvaska klede og kjensla av å ta inn knusktørre, stive plagg. Kleda hadde eg og bror min gått med då vi var babyar, så dei var eigentleg litt for store for dokka. Og ho voks irriterande nok aldri inn i dei, heller. Men klesvask måtte til med jamne mellomrom. Dokka var jo med over alt og blei lortete, ho bæsja seg ut, osv.
Men eg likte ikkje berre å leika med dokker. Eg likte å klatra i tre, eg likte å ro, samla på bilnummer og sprengleidningar, eg likte å kle meg ut, byggja hytte, spionera, spela piano, laga radioprogram, sykla i full fart i nedoverbakkar ... Ja, eg likte rett og slett å halda på med det som barn likar å halda på med. Slik som Pippi Langstrømpe, som har vore, og framleis er, eit førebilete for alle barn, uavhengig av kjønn. Og slik kjenner eg meg på ein måte framleis. Eg likar ikkje berre å sy og strikka, for å seia det slik, sjølv om det er handarbeid eg skriv mest om her på bloggen. (No kjenner eg at eg fekk lyst til å skriva eit sint innlegg retta mot dei som kritiserer handarbeidande bloggedamer for å driva med det dei kallar husmorblogging, dvs. noko som berre er tull og tøys og antifeministisk og tilbake til 50-talet og slikt. Dette må eg tenkja på!)

Uansett, grunnen til at eg skriv dette, er at eg for nokre veker sidan las ein utruleg god artikkel i magasinet Fett som heiter Pippi Langstrømpe er en jente, jente! Skribenten Heidi Bøhagen skriv innsiktsfullt om omgrepet gutejente, og ho skriv ting som eg aldri har tenkt fullt ut, men som eg kjenner meg så utruleg godt igjen i. Det er ein lang artikkel til å vera på nett, men han er verkeleg verdt å lesa. LES HAN! Kjenner du deg att?

8. mars 2010

I høve kvinnedagen

... presenterer eg ein liten biletserie frå Bogerud tekstil, der eg var innom i førre veke på jakt etter alt anna enn lyseblått og lyserosa. Ord blir overflødige:


Dei har mykje anna fint der, altså, så eg skal vera litt grei og leggja ut eit anna bilete frå butikken:
Garn og garn og atter garn! Og syutstyr. Jippi!

9. mars 2008

Hurra for kvinnedagen!


... som var i går. Eg markerer dagen i dag òg. Biletet er frå ei lærebok som var i bruk på seint 70-tal/tidleg 80-tal. Det er faktisk ikkje SÅ lenge sidan! Det går heldigvis litt framover. I heimen vår er det mannen som står for tepperistinga.

20. januar 2008

Rosa og blått

Det er ein ikkje alt for tidleg morgon på t-banevogn 3 mot Sognsvann. Denne morgonen er det på Skøyenåsen stasjon invasjonen kjem. Når dørene opnar seg, kjem minst hundre (nesten) fem/seks-åringar myldrande inn i vogna. Eg står, og blir ståande midt i den myldrande massen. Nokre ungar held seg fast i meg, eg vinglar, og tenkjer at dei ser utruleg små og søte ut.

Og så ser eg det som gjer meg så utruleg overraska; av alle ungane i vogna er det INGEN som går kledd i noko anna enn rosa og blått! Eg veit jo at dette er fargar som diverre er særs utbreidde i denne aldresgruppa, men det som gjer meg så overraska er at det er så utruleg perfekt gjennomført. Her er det INGEN unntak! Og kvar unge er heilt perfekt styla, ser det ut som. Jentene har rosa lue, rosa vottar, rosa bobledress, rosa sekkar MED små rosa kosedyr hengande fast, rosa støvlar ... Og gutane: motsett oppdressa i blått. Det er rett nok nyansar av rosa og blått. Eg ser både både rosaraudt, raudt og lillaktig raudt. Og både lyseblått, blågrønt og mørkeblått er å sjå. Eg lurar nesten på om dei har kledd seg ut slik med vilje, så merkeleg er det.

Eg merkar at eg blir utruleg irritert når eg står der og ser utover den blå massen på den eine sida og den rosa massen på den andre sida. Ikkje irritert på ungane, men på dei som har dressa dei opp. Eg skjønar det berre ikkje! Eg kjenner fleire oppegåande folk som har sagt at dei ikkje kan tenkja seg å kle opp framtidige ungar i rosa/blått. Og SÅ, når dei har fått ungar, seier dei at dei kler ungane i rosa eller blått FORDI UNGANE LIKAR DET BEST. Men det er jo ikkje farleg å introdusera nye fargar for dei, er det det? Eg lurar verkeleg på kva som skjer på vegen. Er eit noko genetisk som gjer at foreldra skiftar så totalt syn undervegs?

Eg har ikkje ungar, så det er sikkert lett for meg å seia dette. Og sjølv om eg er 110 % medviten om at eg ALDRI skal dressa opp ungar på denne måten, fryktar eg det verste. Kryssar fingrane for eg får ungar med raudt hår, sidan raudt hår og rosa klede er ein særs uheldig kombinasjon.

17. mars 2007

Frå barnemunn: "Å vera engel er eit typisk kvinneyrke"

Det er ikkje noko som gjer meg så sint som MENN som gjennom ord, mimikk og handlingar seier:
- eg er utruleg vittig og sjarmerande
- er eg utruleg smart og intellektuell
- eg seier mykje viktig
- eg er kul og urban (du er ukul)
- alle damer vil ha meg (du òg)

...når ALLE kan sjå og høyra at vedkomande ER:

- usymptatisk
- mannssjåvinist
- lite lyttande
- fordomsfull
- sneversynt
- kunnskapslaus
- egoist
- stappfull av dårleg humor
- full av nynorskhets (prikken over i-en)

Det verste er når vedkomande i tillegg har ei leiande stilling og får lov til å seia berre vås utan at nokon stoppar han.

Eg møtte nettopp ein slik mann. Og eg gjorde noko som eg sjeldan gjer når eg møter slike dumskallar. Som regel overser eg dei og går. Men denne gongen gjekk eg inn i ein verbal kamp med han, der eg sa forferdeleg sinte og stygge og usymptatiske (men sjølvsagt heilt fortente) ting. Eg vart så sint, og alt kom berre veltande ut. Det var akkurat som om eg ikkje greidde å stogga. Alt oppsamla raseri overfor møte med liknande menn kom til overflata. Han elska sjølvsagt at eg vart provosert, og då sa han berre dei same provoserande tinga oppatt (mangel på gode argument, vettu) og det gjorde meg endå meir provosert.

MEN: eg trur at raseriet mitt var perfekt. Det var ei fantastisk kjensle å gje han inn. Eg oppmodar alle medsystre og englar som har møtt liknande menn om å la raseriet koma til overflata. Det er nok av kandidatar å ta av.

16. juli 2006

Folkeopplysning for damer

"Rørslevanane våre lagar seg tidleg. Og har dei fyrst fest seg, krev det både lang tid og mykje arbeid å få forandra dei. Det er difor svært verdfullt at vi får lært gode stillingar så tidleg som råd er."

Legg merke til følgjande: ho med den range stillinga har høghæla sko (vs flate sko), struttande puppar (ho skyt brystet alt for langt fram, nemleg), ho har veske (hm, kva signaliserer det?), morske augebryn (vs eit uttrykkslaust andlet), sløyfe i halsen (jåle), hanskar (jåle), ein merkeleg hatt på hovudet (vs ei keisam frisyre) og veivande armar (vs uprovoserande armrørsler). Eigentleg litt overraskande at ho ikkje har har kortare skjørt.

Kjelde: Husmorboka. Utgjeven av Landslaget for husstell-lærerinner. J.W. Cappelens Forlag 1958 (4. opplaget) (Boka er skriven på nynorsk!)