28. august 2009

Ei oppsummering

Allereie etter to veker kan eg slå fast at læraryrket er slankande.

27. august 2009

Høgdepunkt frå august

Det er hektiske arbeidsdagar og dårleg med blogging for tida. Eg saknar å ha tid til sy- og strikkeprosjekt og tid til å pusla med foto. Særleg no når september snart er her, og det blir mørkare og kaldare dagar. Eg håpar det går seg til.

For eit par veker sidan var vi i bryllaupet til Marit og Even i Jostedalen, og det var nok det kjekkaste som skjedde i august. Dei gifta seg i lett yr ved Nigardsbreen. Brura hadde bryllaupsstøvlar på og den finaste brurebuketten eg nokon gong har sett. Vi åt verdas største og søtaste økologiske bringebær. Og dansa. Og sjølv om eg fraus på meg både det eine og det andre, kjem eg aldri til å slutta å seia Å Vestland, Vestland!

9. august 2009

Stripestrikk!

Denne jakka har eg strikka til ein krabat som blir fødd om nokre månader. Det var eit veldig artig strikkeprosjekt på grunn av stripene. Det geniale er at ein ikkje treng å fella av – jakka får fasong av at ein strikkar ulike lengder på stripene. (Ein strikkar altså ikkje nedanfrå og opp, men sidelengs og rundt.)


Eg brukte grått, gult og mørkebrunt garn, men her er det jo berre å bruka fantasien, alt etter kva garn ein har liggjande.


Eg sydde i fire ulike knappar som eg kjøpte i ein bruktbutikk, og det blei jo ganske fint.


Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn – ein stor favoritt!