1. mai 2010

Sysesesongen er i gang!

Etter ein lang vinter med strikketøy i fanget er det utruleg dig å gå i gang med vårens syprosjekt. Her om dagen reiste eg til Stoff og stil i Drammen. Det var eitt år sidan sist, og denne gongen hadde eg litt meir konkrete planar for kva eg skulle ha, men eg greidde likevel å kjøpa alt mogleg som ikkje stod på handlelista. I tillegg til trådsneller, glidelås, kritt, strikk og slikt, kjøpte eg mange fine stoff: 

Dei to turkise stoffa er perfekte kjole- og blusestoff. Soppstoffet (som er økologisk) har eg sett mykje av rundt om på diverse kreative bloggar. Det er heilt fantastisk fint! Sjekk da:

Stoffet finst både i stretch og vanleg bomull. Sidan eg ikkje har overlock-maskin, blei det vanleg bomull. Ganske tjukt bomullstoff, eigentleg. Har ingen konkrete planar for det enno. Sukk, eg har lyst på overlock-maskin!

Pingvinstoffet er også utruleg fint:
Det beste med stoffet er at det er så mjukt og godt å ta i. Trur det kan passa perfekt til dyne- og putetrekk!

Og så – stoffet som var grunnen til at eg eigentleg måtte på Stoff og stil:
Dette er stoffet eg skal bruka til å sy mammakjolen med. (Eg bestemte meg for å sy kjolen utan ermer – altså den til høgre.) Eg leita lenge for å finna eit perfekt stoff. Dette er veldig tynt, glatt og silkeaktig å ta på (er laga av 100 prosent polyester, da ...), og er sikkert fint å ha inn mot kroppen når det blir skikkeleg varmt. Eg har aldri sydd med slikt stoff før, så det blir spanande å testa ut! Eg har sydd ein dummy-kjole av mammakjolen i eit stoff eg aldri kjem til å bruka til noko fornuftig:
Då fann eg ut at medium blir alt for stort, og at eg må bruka eit tynt stoff for at kjolen skal falla fint. Eg vurderer å bruka eit lilla stoff som belte, som eg kjøpte litt av også, men er litt usikker. Vel, eg fann også ut at dette var ein veldig enkel kjole å sy. Utruleg gode syinstruksjonar, sjølv om dei var på engelsk. Eg brukte to kveldar på sjølve syinga (men då sydde eg ikkje i glidelåsen, altså, og dessutan var eg ikkje supernøyaktig heile vegen). Så no har eg stoff i vaskemaskina og er klar som eit egg til å gå i gang med syinga når dei har tørka! 

8 kommentarer:

engsmella sa...

Har du trestings-sikksakk på symaskina di?
I så fall har eg eit tips: Med trestings-sikksakk kan ein sy i stretchstoff som berre det!

Ragnhild sa...

Ja, har mange sømmar som sikkert kunne vore aktuelle (overlock, lukka overlock og tre-sting forsterka rett- og sikksaksøm), men eg har alltid tenkt at det ikkje funkar like bra som skikkeleg overlock-maskin. Men når du seier det, så skal eg jammen testa det ut!:-)

AnneLavendel sa...

Så mange fine stoff du har kjøpt. Bli spennende å følge med på hva du tryller frem :)

Strikk og tøys sa...

Her var det mye fint stoff! Pingvin-stoffet liker jeg aller best!

Torunn sa...

Så mykje spennande stoff du har kjøpt!! Mammakjolen vert nok kjempefin i det stoffet. Ønskjer deg ei fin veke.

Mari sa...

Så flink og nøye du er som både syr test-kjole OG vaskar stoffet før du syr! Det gjer aldri eg. Og ikkej er eg særleg nøyaktig heller. Eg føler meg imponert og inspirert.

Og forresten, sidan eg berre er stalker-blogg-lesar som aldri kommenterer: gratulera med baby som skal kome! Lukke til med både den og kjolen!

Ragnhild sa...

Takk for fine kommentarar, både når det gjeld kjole og baby!:-) Eg er inga proff sydame, Mari, så eg tør ikkje å klippa i stoffet før eg er sikker på at det blir bra. Difor dummykjole. Vil absolutt tilrå å vaska nyinnkjøpt stoff før du syr i det, så slepp du at plagget krympar ETTER at du har sydd i det ...

Christine sa...

så utrolig flott kjole!! tar du bestilling?