Viser innlegg med etiketten Jåleri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jåleri. Vis alle innlegg

2. august 2013

Sjå min kjole

... han er gul som sola!
Eg er så nøgd! I København kan ein finna fullt av små butikkar som sel ganske så unike kjolar. No i juli var eg innom ein 50-talskjolebutikk (heilt fantastisk, men eg kjøpte ikkje noko), mange bruktbutikkar og små butikkar som sel eigenproduserte kjolar.

Denne gule kjolen fann eg på den fantastiske butikken Divaen og Krudtuglen i bydelen Nørrebro (bydel som er eit must å vitja). Her sel dei både kjempefine og særs solide leiker (lite plast, mykje tre – Tryggve kjøpte seg eit verktøysett), kjempefine klede til barn (blant anna har dei det økologiske merket Ej sikke lej), og så har dei ei lita avdeling med kjolar og bukser dfor vaksne. Merket heiter Millou og blei skapt av to danske damer i 2006. Divaen og Krudtuglen er den einaste butikken som sel merket, så det er ganske så unikt. 

Ein ser at kjolen er vakkert sydd, her er det ingen saumar på skeive, feil eller manglar. Det er ein omslagsskjole, så ein kan knyta så laust eller stramt ein vil. Han var litt vid i overdelen, tykte eg, så eg må kanskje sy han litt inn i sidene.

Kjolen er sydd av det velrennomerte stoffet Liberty of London. Det er tynt og silkeaktig bomullsstoff, og det er mogleg å kjøpa metervare og sy eigne klede av det, men det er ganske så dyrt (kjolen var ikkje heilt billeg, heller). Stoffet er veldig behageleg å ha på. Kjolen var litt gjennomsiktig, så eg var særs nøgd då eg fann ein supermjuk underkjole på Gudrun Sjöden, som passa heilt perfekt til kjolen.

Så om du skal til København på kjolejakt, styr unna H&M på Strøget, og peil deg inn mot Elmegade 22, der denne butikken ligg. I denne gata ligg det dessutan mange andre kule butikkar og fine kaféar. (50-talskjolebutikken låg like ved.) Vi åt på The laundromat café i Elmegade 15, og det var kjempegod mat både for store og små.

7. mai 2012

Ei åtvaring

Jif skurekrem med sitronlukt står på kjøkenbenken og briskar seg med veslebror i bakgrunnen. 


Og kven er denne veslebroren?
Jau, det er ein body lotion (eller whip body lotion, kva no det tyder) som luktar sweet lemon. Men ikkje la deg forføra av søte ord på etiketten! I alle fall ikkje dersom du ikkje ønskjer å bli assosiert med effektiv rengjøring selv på vanskelige flekker på kjøken og bad.

19. september 2011

Kjoledraumar

Aiaiai! For nokre kjolar! Herleg snitt og mønster og nydelege fargar. Kven skulle tru at det er ein gamal mann som har designa dei? Oscar de la Renta er namnet, og etter ein liten surferunde ser eg at dette ikkje er dei einaste fantastiske kjolane han har laga. Surf og sjå sjølv!
Eg har knabba bileta frå Dagbladet.no i samband med skriveri om NY Fashion Week. 

13. august 2011

Kjolekupp til 149 kr!

På Fretex i Lillestrøm hang denne kjolen i døropninga og ynskte meg velkommen. Det var kjærleik ved første blikk, og eg kryssa fingrane for at han passa. Og som de ser, han sat som eit skot! Lukke! Kjolen er utruleg behageleg å ha på. Materialet er 100 prosent polyester, men det kjennest ikkje slik ut. Kjennest meir ut som silke. Lett og ledig svingar kjolen seg rundt kroppen min. På den litt falma merkelappen står det "Tori Richard. Honolulu." Eg googla merket, og det finst framleis! Ser også at gamle kjolar i dette merket er prisa ganske så høgt på diverse nettbutikkar. Heldige meg som fekk kjolen til 149 kr!



Eg elskar utringinga, og eg elskar ryggen. Og eg likar blomane, sjølvsagt. Og fargane. I ein slik kjole kan eg tolerera å snubla i legoklossar og skrot og rot dagen lang.







Note to self: Kjolekuppa gjer ein ikkje i hovudstaden.

16. juni 2011

Nytt til veggen

Epla er det så utruleg mange fine seljarar! For kort tid sidan kom eg over illustratøren going Danish, og no har eg kjøpt desse fine trykka som eg tenkte å få opp på eine stoveveggen (sjølv om veggen er laga av mur, og det er skikkeleg, skikkeleg demotiverande å tenkja på at eg skal få noko til å hengja fast der).
Fargane og stilen er akkurat etter min (retro) smak, og bileta skal få hengja ved sidan av kvarandre, tenkte eg. Sjå dei andre fine trykka her.

22. mai 2011

Søndagsgleder

Når ein har baby, får ein utruleg lite tid til seg sjølv. Så kva gjer eg ein regnfull søndag når far i huset er ute og trillar den vesle, og eg har huset heilt for meg sjølv?

Eg beundrar gårsdagens kjøp: eit stativ med plass til øyredobbar (som eg ikkje akkurat prioriterer å bruka for tida pga. baby) og innser at eg har veldig mange grøne øyredobbar. Og mange eg ikkje har gått med på veldig lenge.

Eg overser rotet på stovegolvet, skyv det ut til alle sider og breier stoff utover i staden. Og klipper, klipper, klipper.

 Eg drikk kaffi med opa verandadør, slik at tærne får lufta seg litt ...

... og gler meg til å ta inn nyvaska klede med uteluft.

Eg ser på rotet i hyllene mine og planlegg korleis eg skal få det ryddig og fint. Planen er å fylla hyllene med garn og stoff og handarbeidsbøker. Må berre få tak i fleire hyller først (og ikkje meir garn eller stoff) ...

Og no skal eg sy i det stoffet eg har klipt ut!

16. mai 2011

Morgondagens kjole med blome

Dette er den andre 17. mai-en på rad at eg ikkje skal bruka bunaden min. I fjor var eg jo megagravid, og i år orkar eg rett og slett ikkje tanken på kombinasjonen bunad og ekstremt nyfiken gut som vil eta på og utforska alt. Eg måtte ut på kjolejakt, og på H&M fann eg ein utruleg søt, blomstrete kjole! (Sikkert ingen andre som har funne den same ...) Han var nesten like fin som bunaden min.
Kjolen ser litt sånn posete og rar ut der han heng, men han er finare når han heng på ein kropp, altså. Vurderer å bruka eit smalt belte rundt livet for å få meir fasong, men er ikkje heilt sikker. Eg brukar alltid å gå i meir figurnære kjolar, så dette var eit uvanleg kjoleval til meg å vera. Men blomane var jo så fine! (Det er blomar på ryggen også!)

Og eg likte særleg detaljane på kragen:

Og så måtte eg jo sjølvsagt i veg og kjøpa fluffy garn (dvs. Vivaldi), slik at eg kunne strikka denne fine blomen. Det blei ikkje så bra med u-fluffy garn, fann eg ut.

Så no har eg festa blomen til jakka og er klar for 17. mai!

Ha ein fin 17. mai i bygd og by!

24. januar 2011

Ei smal sak

Her kjem litt produktreklame. Eg var innom apoteket her om dagen, og då fekk denne bli med meg heim:
Endeleg har eg funne ein handkrem som eg likar! Etter at eg fekk baby, har eg byrja vaska hendene mykje oftare enn før, og det har ført til veldig tørre hender. Og så er det jo vinter i tillegg, og det hjelper jo ikkje akkurat på.

Eg har lenge brukt leppebalsamen til EOS (som tyder Evolution of Smooth) med stort hell. Når det finst ein handkrem i det same fine merket, kan det jo nesten ikkje gå gale. Alle EOS-produkta luktar så godt, og det det gjer også denne. I tillegg er produkta utan parabenar og anna skit. Eg valde handkremen med agurklukt, og han luktar nok ein smule sterkare og søtare enn agurk, men i alle fall: terningkast seks! Kremen er ikkje for feit og trengjer fint inn i huda. Og noko av det beste av alt: fasongen og storleiken på etuiet! Det er lite og nett og kan fint få plass i veska. Smooth on. Touch. Smile. Meir om EOS her.

1. januar 2011

2011

2011 kjem nok ikkje til å bli fylt av ekstreme mengder glitter og glamour, men det er lov å drøyma.

11. desember 2010

Guttelus

... er ein nettbutikk som sel masse stilig stæsj for gutar. Der kan ein no laga seg ønskjeliste med alt ein ønskjer seg i butikken og dermed vinna delar av eller heile ønskjelista! Eg måtte sporenstreks laga meg ei ønskjeliste. Ein av dei tinga eg har skrive opp, er dette søte forkleet:
Ut frå appetitten på morsmjølk å døma, trur eg nemleg at Tryggve kjem til å bli glad i fast føde når den tid kjem. Og vonleg glad i å laga mat også. Og då treng han jo eit forkle! Les meir her om tevlinga, dersom du vil vera med.

25. september 2010

Mitt forhold til sko

Eg er ganske så enkel når det kjem til sko. I vår-, sommar- og hausthalvåret går eg berre i joggesko (bortsett frå sandalar av og til om sommaren). Eg elskar den lette kjensla som joggesko gjev. Dei siste to åra har eg gått i det som har vore favorittsjoggeskoa mine så langt, eit Adidas-par.  Men her om dagen fann eg ut at eg måtte kjøpa meg nye. Skoa var blitt hôlete, og ikkje minst var dempinga blitt ganske så dårleg etter å ha bore på 91 kg på det meste på slutten av svangerskapet.

Eg har aldri vore fan av å kle meg i rosa. Men den gongen eg kjøpte favorittjoggeskoa mine, var eg ikkje i tvil. Eg måtte ha dei. Sjølv om dei var rosa. Og er det ikkje bra typisk? Denne gongen også var det dei rosa joggeskoa som sat perfekt på foten. Eg prøvde veldig på å få føtene mine til å lika eit lekkert par i turkis, men måtte gje opp. Likevel punga eg gladeleg ut. Og det seier jo litt om kor gode dei er.
 Frå venstre: gamle joggesko og nye joggesko. Og dei glade føtene mine.

25. juni 2010

Mannfolkstrikk

Eg har mista litt bloggelyst den siste tida. Har gått ut i svangerskapsperimsjon og trudde jo liksom at eg skulle få kjempegod tid til å blogga. Men alt går liksom litt treigare, både fysisk og mentalt, så det har ikkje blitt noko av. Eg har både heimestrikka bleiebukser og heimesydd mammakjole å visa fram, men det får venta. No vil eg i staden visa fram det som den komande faren har halde på med på strikkefronten dei siste åtte månadene. 

Tadaaa:
 
Han har strikka eit kjempestort og kjempefint babyteppe!!! Oppskrifta er sjølvsagt frå Strikk til nøstebarn.

Han har ikkje strikka sidan han gjekk på barneskulen, så eg er ganske imponert. Dette er absolutt godkjent! Fargen er limegrøn, og med det mørkegrøne garnet skal eg hekla ein kant rundt teppet. Eg gler meg til å pakka inn den vesle guten i dette!

Og medan vi er inne på limegrønt: Eg er visst inne ein limegrøn/grøn periode no når ting skal kjøpast inn i samband med fødselen. Kjøpte grønt helseteppe også her om dagen:


Og sist, men ikkje minst, limegrøne crocs til sjukehusopphaldet:

Grønt skal jo vera ein avslappande farge, så vi satsar på at dei grøne omgjevnadene kjem til å ha ein heldig effekt på den vesle. Neste gong eg bloggar, er han kanskje her!

16. mai 2010

Nytt frå hus og "hage"

Når det gjeld interiør (oppussing og alt i den dur) og fargerike vokstrar som vi skal prøva å få til å leva på verandaen, skårar vi ikkje særleg høgt, mannen og eg. Den siste tida har vi skjerpa oss veldig. Kanskje fordi vi skal bli tre her i huset. Plutseleg byrja vi å gjera noko av det vi hadde snakka om i tre år, dvs. sidan vi flytta inn. Det fortener å bli blogga om.

Først kjøpte vi ein tomatplante og sådde diverse krydderplantar. Krydderplantane veks som berre det. Og i dag såg eg den første tomaten! Juhu! Planten har altså ikkje daua!

Vi kjøpte også inn fleire blomar enn normalt til å ha på verandaen. Til og med eit lite bord til å ha dei på. Den lysegrøne blomen er lavendel, som eg kjøpte fordi det stod på lappen at "research has shown that it has a soothing effect on people." Det må vi jo testa ut.
Blomster-Finn sa på radioen her om dagen at den nye trenden i år er å ha knæsje fargar i hagen, så vi føler vi er på den sikre sida når vi går for gult.

Når det gjeld verandakassene, planta eg i dag ut pelargoniar. Sist sommar fann vi ut at pelargoniar aldri døyr, så det er ein plante som passar oss perfekt.

Og så er vi framme med det mest revolusjonerande som har skjedd i heimen.
Vi har olja verandagolvet! Det skjedde sjølvsagt ikkje utan assistanse frå svigers. (Eg gjorde ikkje noko.) Det blei støvsuga, skura, vaska og olja to lag. Gurimalla, så dig! Skulle hatt eit før- og etter-bilete, men det har eg ikkje.

Det andre revolusjonerande som har skjedd (og det gjorde vi heilt på eiga hand), var å måla gangen. Det har vi snakka om sidan oktober 2007. Den einaste grunnen til at vi bestemte oss for å måla, var pga. handverkarane som gjorde ein liten måle-fadese då dei dei pussa opp badet. I tre år har vi difor levd med mystiske målingsflekkar på veggene. Men no er flekkane borte!
Fargen var lyselyselimesjøgrøn og er litt vanskeleg å fanga på bilete, men her ser vi korleis han passa perfekt til det fine turkise kunstverket vi har på den eine veggen. (Kunstnaren er Maria, og eg vil tilrå alle å kjøpa kunst frå henne!) Etter dei første målingsstroka fekk vi heilt sjokk fordi fargen såg så vanvittig 80-tals ut, men etter to strok tykte vi det blei bra.

Eg har lese på divserse interiørbloggar om dei som heller målar vegger og tak kvar vår i staden for å vaska, og eg kan berre ikkje fatta at dei får det til! Vi kjem i alle fall ikkje til å måla noko meir, sjølv om det var litt moro.
Fargen på veggen i front er slik alle veggene såg ut før vi måla. Denne veggen har vi no byrja fantasera om å tapetsera. Vi tenkte eigentleg berre å ha han slik som på biletet, men oppussing gav meirsmak (høhø), så vi kan ikkje stoppa når vi først er i gang. 

Av målinga som blei til overs, forvandla eg verdas eklaste oransje krakk til å bli grøn og fin. Dvs. han er ein mykje brukt og høgt elska krakk her i huset, men han var måla utruleg stygt og sarvete. Eg har drassa han med meg frå hybel til hybel som student, heilt sidan våren 2000, og eg anar ikkje kvar han han kjem frå.

Men dette får vera nok interiørprat for ei stund. Det blir garantert lenge til neste gong!

15. mars 2010

Kjoletips

Til alle lesarar med kul på magen som strevar med å finna finklede/kjolar: Butikken Svangerskapet her i Oslo har mykje fint! Dersom du ikkje bur i Oslo, treng du ikkje fortvila, for dei har nettbutikk òg (sjølv om utvalet i den fysiske butikken nok er litt større).

Eg blei heilt i ekstase då eg fann denne kjolen og boleroen då eg var innom:
Særs godt nøgd! Kjolen er laga i eit silke-look-alike-aktig stoff, og det er mogleg å veksa i han frå alle vinklar og kantar. Eg har jo streva veldig med å finna fine kjolar, noko som resulterte i dette syprosjektet, så no håpar eg berre at eg greier å halda symotivasjonen oppe, trass i at eg har funne ein butikk som kan dekkja kjolebehovet mitt ...

8. mars 2010

I høve kvinnedagen

... presenterer eg ein liten biletserie frå Bogerud tekstil, der eg var innom i førre veke på jakt etter alt anna enn lyseblått og lyserosa. Ord blir overflødige:


Dei har mykje anna fint der, altså, så eg skal vera litt grei og leggja ut eit anna bilete frå butikken:
Garn og garn og atter garn! Og syutstyr. Jippi!

1. februar 2010

Ein knapp her og ein knapp der ...

Eg har oppgradert knappesamlinga mi litt etter å ha hamstra i mange fine butikkar på Etsy og Epla. Det er eit heitt tips dersom du treng originale knappar, altså: surf! Eg trur eg har nok knappar for ganske mange år fram i tid, og sikkert inn i neste liv òg, for eg har berre tenkt å bruka dei til klede som eg syr og strikkar. Eg treng jo ikkje mange knappar per plagg ... Sjå så fine dei er då! Herlege fargar og mønster! Eg har lyst til å eta dei opp. 

 

Glimt av nokre av favorittknappane:

Epleknappar!

 
Knappane eg har mest lyst til å eta opp. 


Blomeknappar som skin så fint. 


Katteknappar og ugleknappar! Desse likar eg veldig godt blant anna fordi dei er heimelaga.
Ugleknappane har eg ein konkret plan for, og resultatet kjem eg snart til å visa fram på bloggen.

Men no er noregsglaset mitt med knappar fullt, så heretter skal eg sy og strikka og ikkje kjøpa. Og kanskje skal eg eta nokon til dessert ein dag. Nam!

9. januar 2010

Oransj!

Eg har blitt veldig glad i oransje den siste tida. Rett før jul kjøpte vi oss omsider taklampe til stova. Etter å ha budd i kåken i 2,5 år utan eit einaste straumuttak i stovetaket (og dermed utan taklampe), fekk vi endeleg elektrikar på besøk på nyåret, som fiksa både uttak og oppheng av lampe.

Lampejakta varte vel i 2,5 år, og det var ikkje moro. Men til slutt fann vi henne. Lampa blei designa av sjølvaste Piet Hein i 1929. Han var ikkje berre flnk med ord, han var eit geni på funksjonell design også. Denne lampa er eit godt døme på det. Ho gir veldig godt lys, og eg blir glad av å sjå på henne. I motsetnad til alle dei tusen lampene vi såg på før vi kjøpte denne. Lampa finst både i raud, blå, grøn, svart, kvitt, off-white og oransje, men valet var ganske enkelt. Vi har så mykje grønt og blått i kåken, så vi måtte berre ha ein kontrastfarge som går fint til grønt og blått. Og då blei det oransje, sidan svart og kvit er keisamt, og raudt er ein smule skrikande.



På bordet under ser vi, i tillegg til litt rot, korleis det siste strikkeprosjektet mitt står i stil til den fine lampa.



Eg strikka den same jakka i brunt, gult og grått ein gong før – sjekk ut her. Eg diggar denne oppskrifta,  så eg måtte strikka ei til. Det går superfort å strikka henne.



Blåfargen er i angoraull frå Nøstebarn, og det er mjukare enn merinoulla derifrå. Veldig godt garn å strikka med!



Eg sydde i nokre kjempesøte knappar (kjøpt på Nøstebarn), som det står "klok", "smukk", "ull" og "unge" på, sidan den komande eigaren av jakka høgst truleg er ein klok og smukk ullunge.

I og med at eg er inne i ei oransje bølgje, lurar eg på om det kanskje gjer at det er enklare å fullføra det oransje strikkeprosjektet eg starta på til meg sjølv for snart eitt år sidan.  Det er ei undertrøye til meg sjølv, og det stoppa heilt opp då eg stod fast på ermefellingane. Denne oppskrifta er også frå Strikk til nøstebarn, men ikkje like god som stripejakka. For det første er det feil i oppskrifta, og for det andre er det dårlege forklaringar. Grrr, då blir eg sint.

Til slutt: Favorittmiddagen for tida er sjølvsagt også i riktig farge. Det er gulrotsuppe frå den fantastiske kokeboka Aktivistens kokebok, som eg vil rå alle til å kjøpa. Perfekt og enkel middag å laga når ein kjem inn frå den bitande vinterkulda.