27. februar 2010

Kvifor eg ikkje er spesielt fan av vinter eller vinteraktivitetar

Greitt nok at draumeyrket mitt er spion, men likevel: Det er ikkje særleg behageleg å gå slik. Og noko av det verste av alt: Det er så vanskeleg å få teke bilete! Av og på med vottar, ut og inn med kameraet, neglbit og frysing. Eg gler meg sånn til å kasta kleda!

Det hjelper å sjå på lettkledde bilete som dette, frå Jotunheimen sommaren 2008:
Og ja, det blei veldig mange bilete frå denne turen. 

22. februar 2010

To nye København-favorittar

Det er den siste kvelden i København for denne gongen. Trass i regn, vind, sludd og alt slikt har det vore eit herleg opphald. København skuffar ALDRI. Ein treng ikkje å ha planar for å koma til denne byen. Det er berre å gå ut, rusla rundt i gatene og vips! – finn ein ein fantastisk fin kafé eller ein koseleg butikk ein aldri har sett maken til.

Denne gongen testa eg ut garnbutikkar. Det er mange garnbutikkar i sentrum, og ein av favorittane blei Bette design. Nettstaden er veldig dårleg, men butikken er utruleg! Garn frå heile verda, og utvalet av økologisk garn er kjempebra. Dessutan er det veldig mange fine strikkeoppskrifter der. Ho som eig butikken, er ei utruleg triveleg dame, og ho kunne fortelja meg at eg ikkje var den første nordmannen som hadde vore innom der. Ikkje så rart, kanskje:-) Eg kom ut av butikken med færøysk garn, og det har eg aldri ått før:


Det fanst også som 1-trådsgarn og 3-trådsgarn (eg kjøpte 2-trådsgarn).

Den andre favoritten denne gongen blei kafeen Granola i Værnedamsvej 5. Ufatteleg stilig stil! 30-talsstil på alt frå møblar til mat. Vi kjøpte hønsesalat med eple, karri, selleri og anna digg oppi, i tillegg til fantastiske smoothiar. Kaffien var slett ikkje verst (eg har alltid låge forventningar til kaffi), og vi gjekk ut derifrå med ein boks Kusmi-te, ein gamaldags kaffiboks og pastillar med bikinidame utanpå boksen. To glimt:


20. februar 2010

Baggy bukse

Då var eg ferdig med endå eit strikkeprosjekt frå Strikk til nøstebarn. (Det er oppskrifta på bukse med selar 0–1 år.)

Dette prosjektet har teke litt tid. For det første skulle eg eigentleg strikka ei heilt anna selebukse enn denne, men eg byrja på feil oppskrift. Då eg innsåg feilen, hadde eg strikka såpass langt at eg ikkje gadd å rekka opp. Men eg mista motivasjonen for å halda fram, så strikketøyet blei liggjande. Eg tok det fram att, men då var eg ikkje heilt nøgd med fargekombinasjonane, så eg greidde ikkje å strikka så mykje. Men så var eg så heldig at eg kom over nokre kjempefine ugleknappar som eg såg ville passa veldig godt til buksa, og då kom motivasjonen for å fullføra prosjektet, attende.  

Eg likar den baggy stilen, sjølv om buksa ser litt rar ut på biletet. Eg trur ho blir veldig stilig på ein baby (sjølv om eg er litt usikker på funksjonen til selane – dei ser så smale ut). Nokon som har testa ut plagget på ein baby? Det ser i alle fall ut til å vera god plass til bleier!  

12. februar 2010

I mål med babybukse!

Då er eg ferdig med mitt første syprosjektet frå boka Barnetøj du selv kan sy 0–4 år. Boka er frå 1979, så dette er 70-talshimmelen, altså!

Eg har sjølvsagt dokumentert litt av prosessen. Det som er bra med denne boka, er at ho inneheld  enkle og forståelege mønster. Og så er kleda superfine, sjølvsagt. Eg sakna litt meir detaljerte forklaringar av og til, men eg er jo ingen proff, då. Det var buksa til den vesle guten på biletet som var målet.

Eg valde meg eit turkisrutete bomullsstoff (bombe) som eg har kjøpt på Stoff og stil. Stoffet er litt ruglete å ta på, og det likar eg.

Syinga gjekk som ein draum heilt til eg skulle sy på skråband. Dvs. til eg skulle sy på skråband i ein sving! Det var ikkje lett å få fint, og eg er jo ei utolmodig sydame. Men det blei da ikkje så aller verst. Eg hadde berre mørkegrønt skråband liggjande, og det er eldgamalt! Fann det i ein uopna pakke i syskrinet til mamma, som det stod "S-laget 12.90,-" på. Det hadde slett ikkje gått ut på dato!

Eg trur kanskje det ville blitt enklare å sy med breiare skråband, men smale skråband blir jo veldig fint.

Ok, eg hoppar over den kjipe prosessen med å sy knapphol, montera strikk i føtene og trykk-knappar i skrittet. Det tok eg faktisk ikkje bilete av ein gong. Trykknappane var veldig vanskelege å montera fint. Eg sydde i fire stk. Neste gong skal eg bruka trykknappar som ein slepp å sy fast, dvs. slike. Nokon som har erfaring med å montera desse? Resultatet blir vel finare, eller hur? 

 Eg sydde i nokre lysegule knappar sidan fargekombinasjonane allereie var litt snåle.

Og tadaaa! Her er den ferdige buksa. Eg er ikkje heilt nøgd med alle sømmane, men heldigvis trur eg dei fleste av dei er usynlege. Og no veit eg kva det er lurt og ikkje å gjera neste gong. For det er nok ikkje siste gongen eg syr noko frå denne boka!

8. februar 2010

Festlege strikkeprosjekt for beibiar

Det er veldig moro å sjå på gamle strikkeoppskrifter frå fordums tider. 60- og 70-talet har veldig mykje som eg kan tenkja meg å strikka. MEN 90-talet blir eg ikkje heilt ven med. Her er nokre godbitar for dei aller minste frå Garnstudio. Og alt er stort sett frå 90-talet, trur eg.

 På 90-talet skulle babyar ha store, upraktiske hovudplagg. 

Håret (same kor lite hår det var å ta av) skulle samlast i ein gigantisk strikk oppe på hovudet. Så å seia alle beibiane i denne katalogen har denne frisyren. (Genseren er fin, altså.)

Men beibiar med alt for kort hår treng ikkje å uroa seg. Det finst alternativ til hår i strikk! Nemleg hårband! Dette er eit godt eksempel på korleis ein kan pynta på ein beibi.

På 90-talet skulle kleda vera store. Alt for store. Dette biletet er freaky, altså. Kanskje fordi det ser ut som ein liten beibi i eit vaksen-plagg.

  
Enda verre! Huff og huff. Sjekk korleis beibien sit, da. Som ein vaksen!

Veldig fin sovepose, men er han ikkje hakket for stor? Ser veldig varm ut.

Nei, lat oss avslutta med noko ekte sukkersøtt. Ein kanin og ein kanin. Begge kaninane burde vore rosa, tykkjer eg. Den kvite passar ikkje inn. 

1. februar 2010

Ein knapp her og ein knapp der ...

Eg har oppgradert knappesamlinga mi litt etter å ha hamstra i mange fine butikkar på Etsy og Epla. Det er eit heitt tips dersom du treng originale knappar, altså: surf! Eg trur eg har nok knappar for ganske mange år fram i tid, og sikkert inn i neste liv òg, for eg har berre tenkt å bruka dei til klede som eg syr og strikkar. Eg treng jo ikkje mange knappar per plagg ... Sjå så fine dei er då! Herlege fargar og mønster! Eg har lyst til å eta dei opp. 

 

Glimt av nokre av favorittknappane:

Epleknappar!

 
Knappane eg har mest lyst til å eta opp. 


Blomeknappar som skin så fint. 


Katteknappar og ugleknappar! Desse likar eg veldig godt blant anna fordi dei er heimelaga.
Ugleknappane har eg ein konkret plan for, og resultatet kjem eg snart til å visa fram på bloggen.

Men no er noregsglaset mitt med knappar fullt, så heretter skal eg sy og strikka og ikkje kjøpa. Og kanskje skal eg eta nokon til dessert ein dag. Nam!