29. august 2010

Natursutten

I klassikaren Mamma for første gang har Gro Nylander ei overskrift som heiter "Smokk – venn eller fiende?" Det seier vel alt om kor omdiskutert smokken er. Eg skal ikkje gå inn på argumenta for eller imot smokk, men etter at eg blei mor og oppdaga den anatomiske smokken som blir kalla natursutten, kan eg i alle fall gladeleg argumentera for denne smokken framfor tradisjonelle smokkar.

På Mammabutikken.no kan du lesa kvifor natursutten er så bra.

No er det litt vanskeleg å spørja hovudpersonen sjølv om kva han tykkjer om smokken, men alt tyder på at han likar han godt:

Hanken er ganske stor, så ofte ligg han og held rundt denne, faktisk. Søtt! I tillegg til at eg sjølvsagt likar at smokken er fri for gift og drit, likar eg særleg dette:
  • Når Tryggve sovnar med smokken i munnen, hender det at smokken ramlar ut og at han ligg med andletet på smokken. Fordi smokken er supermjuk, blir det ingen stygge avtrykk i andletet. Det er veldig praktisk om natta, når vi ikkje har høve til å få med oss alt som skjer.
  • Det er ingen holrom i smokken, så han er enkel å halda rein. Det er berre å leggja han i kokande vatn i nokre sekund, så blir han fin. (Vi har fleire smokkar vi byter mellom, altså.)  
  • Eg likar at smokken etterliknar ammesitusjonen – både dette med at smokken er så stor og at tutten har den fasongen som brystvorta får når ungen syg i seg mjølk. No har Tryggve aldri hatt problem med å få i seg mjølk, men for dei som slit med det, vil eg tru at smokken kan vera fin. Tradisjonelle smokkar krev nemleg ein annan sutteteknikk enn ved puppen, og nokre babyar greier ikkje denne vekslinga.
  • Han er kul å sjå på! Det er litt sånn retrostil over han. Eg veit ikkje kor mange spørsmål vi har fått om kva i alle dagar det er Tryggve suttar på, og det gir jo eit godt høve til å reklamera for natursutten.
Det finst fleire utformingar av smokken, dvs. smokkar som er mindre og som er pynta litt på (vi har denne også, men eg hugsar ikkje kvar vi kjøpte han.) Smokken kan kjøpast på fleire nettbutikkar og i Oslo har dei han i alle fall på Barnevognhuset Rudo og Den kule mage.

22. august 2010

Juhu! Ny katalog frå Stoff og stil!

Den nye Stoff og stil-katalogen kom her om dag, og som vanleg får eg lyst til å kjøpa stoff i lange banar og sy tusen ting.

Av barneklede likte eg veldig godt alt vi ser på denne sida:
Den stripete kjolen har faktisk vore med i ein katalog tidlegare, men i andre fargar. Det hugsar eg fordi eg kjøpte mønsteret og planla å strikka han. Men det har det ikkje blitt noko av. Den baggy broka trur eg kan passa fint til ein gut, så ho har eg lyst til å sy.

Elles likte eg godt snittet på denne kjolen:
Det er kanskje litt vanskeleg å sjå men det er snøring rett under bringa. Med det rette stoffet kunne eg godt ha tenkt meg å sy og gå i denne kjolen.

Så er vi over på det som eg garantert kjem til å mekka frå katalogen. Då eg var i Stoff og stil-butikken sist, kjøpte eg ei uro og planla å hekla desse søte dyra til å henga opp i uroa:
Eg kjøpte oppskrifta på nettet, eg kjøpte garn, og eg kjøpte vatt til å ha inni dyra. Men fordi eg aldri har hekla figurar før, og fordi oppskrifta er på engelsk, har prosjektet blitt liggjande. Det skal veldig mykje til før eg orkar å gå i gang med dette nett no, merkar eg. Eg har rett og slett fortrengt det.

Men så! Den siste katalogen har løyst problemet mitt:
Kva er så dette? Jau, det er stoffbitar med vatt inni. Dei har blitt klipt ut av dette søte stoffet:
Superenkelt! Eg har utruleg lyst til å kjøpa dette stoffet, sjølvsagt, men skal halda meg i skinnet (inntil vidare). Eg har nemleg stoff liggjande som kan passa ypparleg til prosjektet. Dette er jo ikkje like fint som dei fine hekla dyra, kanskje, men dyra kan eg jo hekla ein annan gong og bruka til noko anna.

Det største problemet er kanskje at eg ikkje greier å finna ut kvar eller korleis eg kan henga opp uroa ... Ho er til Tryggve, sjølvsagt, og då er det jo best å henga henne over stellebordet på badet, men eg skjønar ikkje korleis eg skal få festa uroa i taket utan å borra og styra. Nokon som har tips til korleis eg enkelt kan henga opp uroa i taket utan å øydeleggja det? I mellomtida skal eg kasta meg over stoffa.

18. august 2010

Frå mammakjole til ammekjole?

Det er litt seint å visa fram mammakjolen eg sydde, men betre seint enn aldri. Dette er eitt av få bilete eg har av meg med kjolen på.

Eg sydde inn utringinga og justerte beltet etter at eg tok dette biletet, noko som førte til at utringinga mildt sagt blei stor. Difor kjøpte eg ein kvit blondeaktig topp til å ha på under, som stakk opp akkurat der han skulle. Det blei faktisk ganske fint!
 
Her er eit litt koko bilete der toppen er synleg.
I og med at utringinga er så giga kan eg kanskje vurdera å bruka kjolen som ammekjole? Det står att å testa.

Uansett: Eg er kjempenøgd med mønsteret eg brukte! Eg forstod alt, sjølv om det var skrive på engelsk syspråk. Eg grudde meg til å sy i glidelåsen, men det gjekk kjempebra. Eg kjøpte mønsteret på nettet og har lyst til å finna fleire mønster av denne typen. Eg sydde forresten laaang kjole og ikkje knelang, i og med at eg hadde så mykje stoff. Dessutan tykte eg det blei finast. Stoffet var fantastisk godt å ha på seg i varmen. Det var svalt og godt. Litt stolt av at eg greidde å bli ferdig i tide! – og at eg rakk å bruka kjolen heile tre gonger før ungen kom.