Viser innlegg med etiketten Ragnhild lurar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ragnhild lurar. Vis alle innlegg

22. desember 2009

Førjulstankar

Det har vore dårleg med blogging i desember, gitt, sjølv om eg eigentleg har hatt god tid til å blogga. Og eg har hatt nok av emne å blogga om. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på emne som har med handarbeid og andre diller å gjera. Det som irriterer meg oftare og oftare, er at eg ikkje kan skriva kva som helst her inne. Det å blogga om strikking og mat og daglege syslar er ganske snilt samanlikna med kva eg eigentleg har lyst til å blogga om mange gonger. Eg har mykje på hjartet om andre emne også ... emne som engasjerer meg, som provoserer meg – emne som gjer at eg får ein enorm trong til å uttrykkja meiningane mine. Det er ofte vanskeleg å vita kvar grensa går mellom kva eg kan seia og ikkje. Eg har fått mange nye tankar om norsk skule, f.eks., etter å ha arbeidd som lærar i haust. Men det er ikkje så lurt å skriva alle tankane mine når alle kan lesa det – foreldre, lærarar (elevane er nok ikkje så gode på å finna fram på det store Internettet enno) ... Innimellom lurar eg på om eg må venta til eg blir pensjonist med å ytra meg. Det er litt keisamt å venta. Og når eg blir pensjonist, er eg sikkert ikkje så sint lenger, heller. Og ingen bryr seg om kva pensjonistar seier. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg skal tenkja på det.

12. april 2009

Før i tida

Før i tida hadde folk tid til å sitja ein heil søndag i solveggen saman med gode vener, over piknik-korger og kaffikoppar. Damene gjekk i kvardagslege kjolar, mannfolka hadde skjorter og ungane leikte seg med det som var å finna rundt dei. Kvifor er det ikkje slik lenger? (Ja, eg etterlyser Kvardagskjolen!)

Til inspirasjon: bilete som pappa knipsa av naboane (tantene, onklane og søskenbarna mine) utanfor huset heime ein gong på 60-talet.

Og med det skal eg halda fram søndagsarbeidet framfor data'n med utsikt til verandaen som har vore mest brukt til klestørk. Dei førre eigarane sa at dei hadde hatt eit festleg lag med 17 menneske samla der ute på ein gong. Hm. Eg trur rett og slett vi må byrja med å kjøpa oss fleire klappstolar!

25. november 2008

Dagens ungdom

Smart Club på laurdag
Gut bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Hva er dette?
– Ingefærrot, svarar kunden.

I dag på Meny på Oppsalsenteret
Jente bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Dette er en squash, ikke sant?
– Nei, det er en avocado, svarar kunden.

Kva tyder dette? Eg er sjokka! Eg trudde urbane ungdommar anno 2008 hadde peiling på alle slags eksotiske matvarer som finst i butikkane? Til og med på ultravesle Mjosundet Mat sel dei ingefærrot og avocado!

22. oktober 2008

Jag trivs best i öpna landskap ...


Eg veit ikkje om dei tilsette i DNB Nor Markets ville ha sagt det, men. Biletet i Aftenposten i dag gav meg assosiasjonar til The Gathering i Vikingskipet på Hamar, datamessa der fjortisar sit og spelar dataspel og drikk cola døgeret rundt i fleire dagar. Greitt nok å sitja slik i nokre dagar, men å arbeida slik??? Uansett, slik ser det ut på The Gathering, til samanlikning:

8. mai 2008

8. mai


Det er ei velkjend plage at handelstanden fyller opp med julesjokolade i oktober og påskeharar i februar. Dei sel ofte 17. mai-effektar i god tid òg, men det som til no har vore nytt for meg, er at dei FLAGGAR lenge før! I dag er det ni dagar til 17. mai, men utanfor Bryn senter vaiar norske flagg i vinden allereie. Det same såg eg i går og dagen før der på andre stader. Kva ER dette? Truleg er det den beste pynten dei kan koma opp med for å få folk til å kjøpa 17. mai-stæsj. Dei er desperate. Men eg kjøpte faktisk eit flagg.

20. mai 2007

Noko eg lurar på

For tida brukar eg og gubben fritida vår på å gå på visningar. Vi skal kjøpa kåk for første gong, og ikkje fordi vi VIL (hallo, det er Oslo!), men fordi vi MÅ. Vi har vore og sett på ganske så mange 3-roms og 4-roms-kåkar på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia og Romsås.

I dei aller fleste husværa bur seljaren framleis der. Han har berre rydda og vaska og stukke ut ein tur medan visninga går føre seg. Når vi står der og ser rundt oss i kåken prøver vi å finna ut kvar vi skal plassera alle tinga våre. Er det plass til sofaen, kjøkkenbordet, skrivepulten...og bokhyllene? spør vi oss. Sidan kåkane er møblerte, er det ikkje så vanskeleg å sjå føre seg kvar VI kan ha dei tilsvarande møblane våre. MEN det vi stussar over på kvar plass vi har vore på er at det ikkje finst BØKER/BOKHYLLER! Vi spør oss: er det eit salstriks å ikkje ha bøker i ein visningsleilegheit, dvs at seljaren har gøymt vekk alle bøkene? Dette verkar ikkje heilt realistisk når vi underøkjer kåken nærare. Vi ser nemleg inn i alle skåpa og i bodene, og der er det ingen bøker eller bokhyller. Etterkvart har eg blitt utruleg nyfiken på dette, og ser inn i kvar ein minste krik og krok, for å sjå om det gøymer seg ei bok. Det ser ikkje ut til at seljaren har køyrt vekk alle bøkene til visninga byrjar, heller. For det finst jo ingen spor etter bokyller! Når vi hintande seier til meglaren at vi prøver å sjå føre oss kvar bokhyllene våre skal stå, spør han/ho gjerne om vi er glade i å lesa. Njaaa, vi arbeider i forlag, så vi får så mange bøker, seier vi...Men er fem Billy-hyller frå Ikea så mykje, eigentleg? Dette er alle bøkene vi har med oss frå kvar vår kant, og det er ikkje berre bøker, men permar med diverse papir og ting vi samlar på (unødvendige ting), fotoalbum...og vi (i alle fall eg) er flinke til å kvitta oss med bøker vi ikkje gidd å lesa.

Viss det er slik at bøkene er fjerna med vilje: kvifor er dei det? Viss det blir fleire visningar, og eg enno ikkje har funne ut kva dette er eit teikn på, skal eg spørja meglaren om kvar det har blitt av alle bøkene.

PS Det hender det står nokre peikebøker og barnebiblar i dei husværa der det er eit barnerom, men det er INGEN SPOR av bøker for vaksne.

21. november 2006

Ny bærbar: pc eller mac?

Min trufaste bærbare pc (IBM Thinkpad X30) er daud. Eg heidrar minnet med eit foto frå lesesalen av oss to på Blindern i februar 2005.

Etter tre års intens dagleg bruk (minst 12 timar dagleg, særleg i hovudfagsoppgåveinnspurten, som varte i ca to år), døydde maskina. Skjermen vart svart, rett og slett. Etter å ha sett ekspertar på saka, viste det seg at hovudkortet var gått. Garantitida var utgått (med berre eit par dagar over tida), så då er løysinga ganske enkel: eg treng NY BÆRBAR MASKIN! Det er heilt forferdeleg å prøva å bli van med å skriva på Knut si bærbare maskin, som summar, har eit bråkete tastatur og ei ekkel musepute, så innkjøpet bør skje R A S K T!

Eg står no overfor eit stort val: skal eg kjøpa meg bærpar pc eller mac? Her vil eg setja stor pris på respons frå lesarane.

Her er krava mine og kven eg trur er best til å innfri krava:
- høve til bra biletbehandling (mac)
- under 1,2 kg (både mac og pc)
-12'' skjerm, men ikkje absolutt, så lenge maskina er lettvektar (både mac og pc)
- lekker design (MAC!)
- få kræsj (MAC!)
- under 20.000 kr (både mac og pc)

Mac har òg den fordelen at eg må på butikken med det fantastisk velklingande namnet Eplehuset for å kjøpa maskina. Veldig tiltrekkande. Men eg tek i mot alle råd og tips som hallar mot pc òg, så no ventar eg spent på respons!

23. mai 2006

Skilde ved fødselen?



Dette er bror min og Nicolai Cleve Broch. Say no more! Det er endå lettare å sjå likskapen/ane når dei snakkar og røyver på seg.