Viser innlegg med etiketten 90-talet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 90-talet. Vis alle innlegg

8. februar 2010

Festlege strikkeprosjekt for beibiar

Det er veldig moro å sjå på gamle strikkeoppskrifter frå fordums tider. 60- og 70-talet har veldig mykje som eg kan tenkja meg å strikka. MEN 90-talet blir eg ikkje heilt ven med. Her er nokre godbitar for dei aller minste frå Garnstudio. Og alt er stort sett frå 90-talet, trur eg.

 På 90-talet skulle babyar ha store, upraktiske hovudplagg. 

Håret (same kor lite hår det var å ta av) skulle samlast i ein gigantisk strikk oppe på hovudet. Så å seia alle beibiane i denne katalogen har denne frisyren. (Genseren er fin, altså.)

Men beibiar med alt for kort hår treng ikkje å uroa seg. Det finst alternativ til hår i strikk! Nemleg hårband! Dette er eit godt eksempel på korleis ein kan pynta på ein beibi.

På 90-talet skulle kleda vera store. Alt for store. Dette biletet er freaky, altså. Kanskje fordi det ser ut som ein liten beibi i eit vaksen-plagg.

  
Enda verre! Huff og huff. Sjekk korleis beibien sit, da. Som ein vaksen!

Veldig fin sovepose, men er han ikkje hakket for stor? Ser veldig varm ut.

Nei, lat oss avslutta med noko ekte sukkersøtt. Ein kanin og ein kanin. Begge kaninane burde vore rosa, tykkjer eg. Den kvite passar ikkje inn. 

11. mai 2009

90-talet

Det er på tide å ta føre seg 90-talet! Og kva er vel meir relevant då enn å sjå litt nærare på strikkemoten? Drops (Garnstudio) er ein fantastisk nettstad. Der ligg det samla gratis strikkeoppskrifter frå langt tilbake på 80-talet og fram til i dag. På 80-talet kom oppskriftene ut i hefte, og eg hugsar enno korleis eg bladde og bladde og drøymde om å eiga alle dei pastellfarga gensrane strikka i Muskat-garn (tynt bomullsgarn, omtrent det einaste eg hadde høyrt om). På nettstaden fann eg genseren eg byrja å strikka på i 1988–89 (og som eg aldri blei ferdig med)! Ok, vi må berre ta ein kikk på han først, då:

Eg bytte ut det grøne garnet med lyseblått og det lilla garnet med rosa (eg trur det var pga. at det var det garnet som var tilgjengeleg i garnbutikken) ... Eg hugsar eg likte genseren fordi han såg så firkanta ut. Hahaha! I motsetnad til denne her, som hadde ein litt rundare fasong, på fleire måtar:

Uansett, dette skulle handla om 90-talet (dvs. tidleg 90-tal, sånn ca. 1993). 80-talet blir jo direkte keisamt i samanlikning. Bort med pastellar, inn med sterke fargar, helst alle samstundes og i merkeleg miks. Gensrane skal helst gå nedanfor ræva og ha ein uformeleg fasong. Litt sånn boys cut. Og du skal helst sjå 10 år eldre ut. Check it out:



(Alle bileta er frå Drops Garnstudio.)

Og det mest fantastiske av alt: det er mogleg å strikka gensrane den dag i dag! Garnfargane finst framleis, og oppskriftene ligg ute gratis, som sagt. Eg berre elskar når teknologien spelar på lag med nostalgien på denne måten!