16. april 2012

Selebuksefavoritt #3

For ei tid tilbake skreiv eg om eit syprosjekt med stjerner på. I helga blei eg endeleg ferdig!
Dette er den tredje buksa eg syr av dette fantastiske mønsteret. Den første buksa var oransje, den tredje var mosegrøn, og denne er altså mintgrøn. Alle stoffa er tynn cordfløyel frå Stoff og stil. Stjernestoffet er eit bomullsstoff eg kjøpte på nettet for fleire år sidan, og det blei til knelappar. Og lappane blei festa på tradisjonelt vis med knallraud tråd i sikksakk rundt.
Eg var litt i tvil om kva farge eg skulle ha på skråbandet, men enda opp med lilla. På bileta ser skråbandet blått ut, så dei lyg litt. Eg fann ein lilla kamel i sysakene mine, og han strauk eg på med strykejernet. Utruleg enkel pynt! Eg skal pynta meir med både kamelar og andre skapningar eg har liggjande.
Eg gjorde noko nytt denne gongen, nemleg brukte eit anna stoff enn hovudstoffet som forsterking på skuldrene. Det blei ganske fint!
Buksa er ei gåve til ein fin, liten 1-åring. Strikk i anklane er ein garanti for at bukser varer lenge, så eg trur nok han kan bruka denne buksa til han er 2 år. Det gjorde nemleg Tryggve. Eg har berre sydd i storleik 2 år så langt, men no har eg tenkt å sy storleik 3 år til finingen min, for 2 år har blitt for lite. Så dette er nok ikkje den siste gongen eg publiserer bilete av selebuksefavoritten. 

Ingen kommentarer: