24. februar 2008

Nytt perspektiv


Eg har aldri før hatt så vondt i ryggen at det har hemma meg i kvardagen. Før no. Etter å ha hatt ein kontorrottejobb i snart tre år. Så no ligg eg her i senga og ser verda frå nye vinklar og lurar på om det verkeleg ikkje finst fysisk utfordrande jobbar for oss akademikarar. Tips vert mottekne med takksemd.

17. februar 2008

Tre på topp i hovudstaden

Denne gongen: ein hyllest til folk som bidreg til at sko og klede blir fiksa og ikkje kasta:

1. Sømmelig symaskinkafe i Nordahl Brunsgt 13

2. Skomakarane på Mister Minit på Oslo City

3. Skreddaren i Trondheimsvegen rett ved Samlaget

Eg har testa ut alle. Terningkast seks!

12. februar 2008

Grensa er nådd

I dag prøvde eg ei brok på Bik Bok i storleik XL (EXTRA LARGE). Ho var FOR LITA!!! Eg rekna ut BMIen min her no, og han er på 21. Inkje tyder på at eg er ekstra stor, nei. Det verste er likevel at dei ikkje hadde større storleikar, MEN at dei hadde både medium, small og ikkje minst: EXTRA SMALL. Nei, det er ikkje sikkert eg er i Bik Bok si målgruppe. Men kven er det DÅ??? Det lurar eg på.