25. juni 2007

Cathrineholm

Eg har fått meg ein ny hobby! Eg har IKKJE særleg sansen for å samla på ting (dvs eg har jo samla på lukt-viskelær, då, men då var eg unge, så det er på ein måte forståeleg), men eg må vedgå at den nye hobbyen min er ein slags samlehobby. Eg samlar på Cathrineholm-bollar! - bollar som sikkert er eit kjent syn for mange. Dei er frå 60-talet, og det er norsk design. Dei finst i mange ulike fargar, og eg har lyst på så mange fargar som mogleg. Eg har fått den første bollen i hus, og han er så fiiin! Oransj:



Han eignar seg veldig godt til grøne eple, sånn farge- og storleiksmessig. Eg har ikkje tenkt å samla på bollane berre for å ha dei til pynt, slik som med viskelæra, som det var forbode å viska med. Bollane kjem til å bli flittig brukte. Viss du har sett slike bollar på ein nedstøva låve eller på ein annan ubrukeleg plass, rop ut til meg, så kjøper eg dei tvert. Eg lovar at dei ikkje skal støva ned.

6. juni 2007

Det fyrste skjørtet


Eg har sydd ferdig mitt fyrste skjørt! Eg trudde det skulle vera SÅ enkelt å sy eit skjørt, men det har rett og slett vore dritvanskeleg. Den enkle delen var å kjøpa lekkert stoff på nettet og å finna eit (tilsynelatande) enkelt mønster. Den vanskelege delen var å bruka mønsterpapirbitane til å laga ein geometrisk figur i tøystoff som eg skulle kunne ta på meg! Eg måtte ta i bruk nye reiskapar, som t.d sømometer, eg måtte ta mål, leggja stoffbitane rett mot kvarandre, klippa opp stoffbitane rett...Syprosjektet minte meg sterkt om å løysa vanskelege mattestykke på barneskulen. Frustrasjonen eg kjende då eg sleit med å sy i glidelåsen, var nett den same eg kjende som då eg kom til den siste oppgåva i matteboka, som var lureoppgåva, der nokon prøvde å setja meg fast. Sidan eg ikkje ville bli lurt og ikkje hadde særleg matematisk sjølvtillit, svarte eg alltid det motsette av det eg eigentleg tenkte var svaret. Og det vart sjølvsagt feil. Så då vart det tramping i golvet og slenging med dører. Eg har sydd i glidelåsen ca 10 gongar og slengt det nesten ferdige skjørtet i golvet ca tusen gongar. Glidelåsen sit, men eg likar han ikkje. Han irriterer meg framleis.

Eg reknar med at det neste skjørtet går lettare og at irritasjonen gradvis minskar. Eg skal sy i det same mønsteret, men med nyinnkjøpt stoff og med notatane mine over kva eg IKKJE skal gjera, attmed meg.