Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg

30. august 2015

August

København 2014. I år var vi ikkje der. Men eg har lyst tilbake! Kanskje vi reiser i haustferien.

Det har vore dårleg med blogging det siste halvåret. Når eg har hatt tid, har eg prioritert å sova, strikka, rydda, vaska, laga mat ... No byrjar eg å sjå framover. Mot haustferien, når vi kanskje skal til København att. Og til januar, når eg skal byrja arbeida.

2. august 2013

Sjå min kjole

... han er gul som sola!
Eg er så nøgd! I København kan ein finna fullt av små butikkar som sel ganske så unike kjolar. No i juli var eg innom ein 50-talskjolebutikk (heilt fantastisk, men eg kjøpte ikkje noko), mange bruktbutikkar og små butikkar som sel eigenproduserte kjolar.

Denne gule kjolen fann eg på den fantastiske butikken Divaen og Krudtuglen i bydelen Nørrebro (bydel som er eit must å vitja). Her sel dei både kjempefine og særs solide leiker (lite plast, mykje tre – Tryggve kjøpte seg eit verktøysett), kjempefine klede til barn (blant anna har dei det økologiske merket Ej sikke lej), og så har dei ei lita avdeling med kjolar og bukser dfor vaksne. Merket heiter Millou og blei skapt av to danske damer i 2006. Divaen og Krudtuglen er den einaste butikken som sel merket, så det er ganske så unikt. 

Ein ser at kjolen er vakkert sydd, her er det ingen saumar på skeive, feil eller manglar. Det er ein omslagsskjole, så ein kan knyta så laust eller stramt ein vil. Han var litt vid i overdelen, tykte eg, så eg må kanskje sy han litt inn i sidene.

Kjolen er sydd av det velrennomerte stoffet Liberty of London. Det er tynt og silkeaktig bomullsstoff, og det er mogleg å kjøpa metervare og sy eigne klede av det, men det er ganske så dyrt (kjolen var ikkje heilt billeg, heller). Stoffet er veldig behageleg å ha på. Kjolen var litt gjennomsiktig, så eg var særs nøgd då eg fann ein supermjuk underkjole på Gudrun Sjöden, som passa heilt perfekt til kjolen.

Så om du skal til København på kjolejakt, styr unna H&M på Strøget, og peil deg inn mot Elmegade 22, der denne butikken ligg. I denne gata ligg det dessutan mange andre kule butikkar og fine kaféar. (50-talskjolebutikken låg like ved.) Vi åt på The laundromat café i Elmegade 15, og det var kjempegod mat både for store og små.

30. juli 2013

Kjøben, altså

København! Det var tre år sidan sist, alt for lenge sidan. Eg diggar den byen! Eg diggar ikkje turistoverfylte Strøget, der er vi sjeldan. Men København er meir enn Strøget. Mykje meir!

Denne gongen leigde vi ei privat leilegheit som vi fekk tak i på ferieboligkbh.dk. Kan tilrå det, altså! Særleg når ein har barn er det fint å ha fleire rom å boltra seg på. Vi kjøpte mat hjå den lokale kjøbmanden, og sjølv om det var ein liten, lokal kiosk, hadde dei veldig bra utval av mat: gode ostar, godt kjøtpålegg, gode juicar. Og utvalet av økologisk mat er enormt bra, same kvar ein handlar.

Noko av det beste med København er at folk syklar! Folk syklar over alt. Fordi det er sykkelvegar over alt. Denne gongen leigde vi syklar i to dagar. Den eine sykkelen hadde ein kasse frampå, som Tryggve sat (og sov i).




I løpet av dei to dagane sykla vi mange kilometer. Det som er så diggbart med Kjøben, er at det ligg små, fine butikkar i kvar ei minste gate. Så då vi sykla rundt, stoppa vi opp der vi såg noko tiltrekkande. Eg likar særleg dei små bruktbutikkane som slett ikkje er overprisa (dersom ein samanliknar med norske forhold). Vi gjorde mange kupp på bollar og fat og barnebøker.
 


Det var svært heitt dei fem dagane vi var i Kjøben, og den eine dagen tok vi toget til Amager strand, til liks med ein million andre. Vi hadde aldri bada i Kjøben før, men det må vi gjera igjen dersom det blir like heitt neste gong vi reiser dit. Det var ein fin bris i lufta, så det var slett ikkje kokheitt å vera på stranda. Temperaturen i sjøen var perfekt, og stranda var mjuk å gå på.

Eg har skrive om København på bloggen før, og eg brukte faktisk nokre av tipsa på bloggen. Ein gløymer fort, så det var fint å finna dei att.

22. februar 2010

To nye København-favorittar

Det er den siste kvelden i København for denne gongen. Trass i regn, vind, sludd og alt slikt har det vore eit herleg opphald. København skuffar ALDRI. Ein treng ikkje å ha planar for å koma til denne byen. Det er berre å gå ut, rusla rundt i gatene og vips! – finn ein ein fantastisk fin kafé eller ein koseleg butikk ein aldri har sett maken til.

Denne gongen testa eg ut garnbutikkar. Det er mange garnbutikkar i sentrum, og ein av favorittane blei Bette design. Nettstaden er veldig dårleg, men butikken er utruleg! Garn frå heile verda, og utvalet av økologisk garn er kjempebra. Dessutan er det veldig mange fine strikkeoppskrifter der. Ho som eig butikken, er ei utruleg triveleg dame, og ho kunne fortelja meg at eg ikkje var den første nordmannen som hadde vore innom der. Ikkje så rart, kanskje:-) Eg kom ut av butikken med færøysk garn, og det har eg aldri ått før:


Det fanst også som 1-trådsgarn og 3-trådsgarn (eg kjøpte 2-trådsgarn).

Den andre favoritten denne gongen blei kafeen Granola i Værnedamsvej 5. Ufatteleg stilig stil! 30-talsstil på alt frå møblar til mat. Vi kjøpte hønsesalat med eple, karri, selleri og anna digg oppi, i tillegg til fantastiske smoothiar. Kaffien var slett ikkje verst (eg har alltid låge forventningar til kaffi), og vi gjekk ut derifrå med ein boks Kusmi-te, ein gamaldags kaffiboks og pastillar med bikinidame utanpå boksen. To glimt:


20. juli 2008

København

Eg elskar København! Og kvifor gjer eg det? Lista er lang, og eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrja, men her kjem nokre viktige punkt:

1. Sykkelkulturen
Som nordmann, og særleg som Oslo-innbyggjar, er det utruleg uvant og fantastisk å sjå korleis sykkelen er ein naturleg del av biltrafikken. Syklistane har sitt eige, breie sykkelfelt til høgre for bilane, og dei respekterer trafikklysa på lik line med bilane (og bilistane respekterer syklistane). ALLE syklar, ser det ut til: dresskledde forretningsmenn (som snakkar i mobil medan dei syklar), småbarnsforeldre (med ein diger kasse med to hjul frampå sykkelen, med ungane oppi), ungar, jålete damer med høge hælar og miniskjørt, gamle damer, gamle menn, fjortisar ... Og dei syklar i all slags vêr. Då det regna som verst, såg dei ikkje ut til å bry seg noko særleg.

Danskane er utruleg elegante når dei syklar! Dei syklar på svarte, tunge syklar utan særleg mange gir, og det er ikkje viktigast å koma fyrst (slik som eg har inntrykk av er trenden i Oslo). Dei sit rett opp og ned og syklar i behageleg tempo. Dei har gjerne korg på sykkelen både framme og bak (gjeld både menn og kvinner). Praktisk!

Beste oppleving
: Å leiga bysykkel og testa ut korleis det var å vera syklist (men det var ikkje enkelt å finna bysykkel-stativa! Der er Oslo betre). Det kosta 20 dkr, og då kunne ein ha sykkelen så lenge ein ville, men det var ikkje lås på han, noko som var ei ulempe dersom ein måtte setja sykkelen frå seg i ei stor folkemengde.

2. KaféaneEg har enno ikkje blitt nemneverdig skuffa over verken kaffi eller lunsjmåltid (eller middagar) i København. Alltid tipp-topp kaffi og salatar, som lunsjen min ofte består av (det er lurt å halda seg unna den verste turistgryta i Nyhavn og Strøget - der får ein gjerne overprisa salatblad). Dei aller fleste kaféane tilbyr økologisk mat, og det likar eg.

Favorittkaféar: kaffikjeda Baresso Coffee (på grunn av kaffien), Café Norden (på grunn av salatane, ikkje kaffien) og ein kafé i Blågårdsgade på Nørrebro, som eg ikkje hugsar namnet på, og som minte veldig om kaféane ein finn i Haight Street i San Francisco (hippie-stroket). Eit lite glimt av den supre salaten, smoothien og inventaret på kaféen:
3. Ravnsborggade!
Denne gata har til og med ein eigen nettstad, med oversikt over alt gata har å by på. Det som er bra med denne gata, er at ho ligg litt utanfor sentrum, der alle turistane er. Eg hatar å gå i enorme folkemassar, og det slepp ein her. Her ligg det enormt mange bruktbutikkar og antikvariat, og prisane varierer veldig. Vi rakk ikkje å få oversyn over alt, men eg fann i alle fall ein klesbutikk eg fall pladask for: Riktigt. Ho som driv butikken, syr kleda sjølv. Og her stakk eg av med ein fantastisk, fin retro-inspirert kjole (med 70 % avslag!). Nemleg denne:
Han er laga i eit syntetisk materiale, som ikkje er ekkelt å ha på huda. Det er trykk-knappar framme, så han er enkel å flenga av seg. Mønsteret ser litt sånn bestemor-aktig ut, men detaljane med puff-ermar og innsving gjer at eg ikkje ser ut som ei bestemor når eg har han på. Han er fin å ha utanpå dei baggy linbrøkene mine. Eg likar detaljane, og drøymer om å sy ein liknande kjole sjølv. (På biletet ser ein forresten gåva eg fekk frå Samlaget då eg slutta der - ein kjolebyste! Herleg!) Eit nærbilete av kjolen:
4. Louisiana
Sjølv om det ikkje ligg i København, må eg tipsa om museet Louisina. Det er berre å ta toget nordover til Humlebæk stasjon (tek ca 45 min) og gå ca 500 m, så er ein der. Museet ligg ute ved havet, med store, grøne plener på alle kantar. Det er så vakkert der! I tillegg til faste utstillingar, har dei ulike utstillingar utover i året, så det er alltid noko nytt å sjå. Alltid ein god grunn til å reisa tilbake, med andre ord.

Elles må det nemnast at det er herleg å reisa til ein by der ein kan snakka norsk, og bli forstått. Dette er særleg kjærkome for meg som heile tida må be om glutenfri mat, og då er avhengig av å bli forstått 100 %. Eg likar danskar. I alle fall dei vi har møtt. Dei smiler og gjev i alle fall inntrykk av at dei likar ein.

Heilt til slutt: det er veldig lurt å reisa til København i juli. Det er heilt vilt med sal på ALT! Alt frå 30-70 % avslag. Men ikkje reis når det er helg, for det gjer nemleg alle andre. Reis midt i veka. Vi var der frå tysdag til fredag, og det var perfekt. Då vi reiste heim, kom alle nordmennene veltande inn. Lurt å unngå det.