Viser innlegg med etiketten Strikkeprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkeprosjekt. Vis alle innlegg

11. februar 2015

Teppe i bruk!

Ja, no er ullteppet som eg skreiv om for fire månader sidan, i bruk. Og det var då eg blogga sist òg ... 16. desember kom denne fine guten til verda, og han ser ut til å lika seg her ute.

Ullteppet nuppar ein del, og det er litt upraktisk. Det festar seg ulldottar på kleda til guten, og av og til får han dottar i munnen òg. Men eg har kjøpt ein nuppefjernar frå Sandnesgarn, og eg er spent på korleis han funkar.

Eg har strikka vanvittig mange ting og tang sidan sist, men eg er litt usikker på når eg får tid til å visa fram alt. Og no har eg så mange strikkeprosjekt på gang at eg har liggjande eitt i kvart rom – eitt på kjøkkenbordet, eitt på stova, eitt på kontoret ...

13. oktober 2014

Teppe i bikubemønster

Kva: teppe i bikubemønster frå Sandnesgarn
Til kven: han i magen
Garn: Easy (pinnestorleik 9!), i dei same fargane som i oppskrifta
Ullpledd får ein aldri nok av når ein har baby i hus. Eg har skrive ein hyllest til ullpleddet i eit blogginnlegg ein gong tidlegare, faktisk. Vi hadde fire ullpledd vi bytte mellom då Tryggve var liten krabat, men no er det berre att tre av dei etter at det eine forsvann.

I sommar kom eg over oppskrifta på dette superfine pleddet. Eg fall pladask for fargekombinasjonane og mønsteret, kjøpte garn og mønster ganske impulsivt og gjekk i gang med å strikka same dag, trass i tropevarmen. Veldig artig mønster å strikka, og fargane var jo berre superfine saman.

Det blei liggjande då eg hadde att å festa alle trådane, som det var ca. ein million av. Men i kveld blei eg ferdig, juhu! Dette er det første eg strikkar til han i magen. Det blir mykje arv på han, nemleg.

Garnet er supertjukt, og på pinne 9 går det unna. Babyen skal i alle fall bli varm når han blir tulla inn i dette!

Det som er nytt samanlikna med andre pledd eg har vore borti, er at det får ei rettside og vrangside. Ja, det vi ser her er rettsida.

Som regel er det alltid noko å utsetja på ei strikkeoppskrift, men Sandnesgarn har eg lite å utsetja på, gitt. Eg tykkjer dei lagar så utruleg fine strikkehefte for tida (heilt sidan dei la om profilen sin, usikker på når det var). I det heftet der eg fann denne oppskrifta (sjå lenkje øvst), har eg lyst til å strikka ca. alle plagga. Dei er supergode til å setja saman fargar på spanande måtar, dei er gode til å både konstruera og skriva (viktig!) oppskrifter, og så tek dei utruleg tiltalande bilete av plagga, slik at eg fell pladask for alt ihop. Tommel opp!






5. oktober 2014

Gravidversjon av Frøken seglargenser

Kva: Frøken seilergenser frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles merino tweed, fargen fjell i det fjerne og Pickles angora, fargen petrol
Storleik: small i bolen, medium i ermene

Dette er det drygaste strikkeprosjektet eg har vore borti. Eg hugsar ikkje når eg byrja på genseren, men det var i vinter ein gong. Tynt garn, tynne pinnar. Og garnet (merino tweed) var ikkje godt å strikka med. Det var hardt, og det hadde ein tendens til å slita seg. Då eg strikka angorastripene, var det andre bollar. Det var mjukt og dig å strikka med. Samtidig likar eg jo at tweedgarnet er spettete og liksom-nuppete. Det vil truleg ikkje bli så godt synleg når/dersom genseren byrjar å nuppa, til dømes. Praktisk!

Eg strikka genseren MYKJE lenger enn i oppskrifta, så eg måtte kjøpa to nyste ekstra (brukte berre litt av det siste, irriterande nok). Eg kan ikkje fatta at dette er storleik small, for det er altså plass til ein mage i sjuande månad der inne. Og det blir garantert plass til større mage. Når eg ser på bileta på nettsidene til Pickles, ser ikkje genseren så vid ut. Dei må ha strikka han i extra small.

Eg strikka storleik medium i ermene fordi eg las på nettet at fleire hadde erfaring med tronge ermer i oppskrifta. Eg kunne nok ha strikka small, men samtidig er det greitt å ha plass til ein genser under seinare i vinter, så det er ikkje så farleg.

Då eg først var ferdig og hadde festa alle trådane, blei eg riktig så nøgd, som vi alle ser. Tippar genseren blir storleik telt når magen er vekke, men eg må jo ha vinterplagg som passar til magen, så slik er det berre.

23. august 2014

Vimpel-tee, eller vimpeltrøye, om du vil

Kva: vimpel-tee/vimpeltrøye frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles summer wool, fargar: vanilje (eller var det iskrem?) og vassmelon
Storleik: small

For godt og vel eitt år sidan byrja eg å strikka på vimpeltrøya frå Pickles, og i sommar vart eg ferdig. Det tok lang tid, for dette vart verkeleg eit tolmodsprosjekt, som lenge låg i ro i strikkekorga og berre irriterte meg. Men i sommar bestemte eg meg for at NO skulle eg fullføra alle uferdige strikkeprosjekt.
Det er ganske lang avstand mellom fargane, så det eg tykte tok tid, var å binda opp garn på baksida medan eg strikka. Det har eg aldri gjort før, og det finst sikkert raskare måtar å gjera det på enn det eg gjorde. Uansett: Det blir mykje finare og tettare mønster når ein bind opp garnet undervegs, så det var på ein måte verdt slitet.

Noko eg tykte var merkeleg med oppskrifta, var at bolen skulle vera så kort! Men det var jo ikkje noko problem å strikka lenger. Eg strikka sikkert 20 cm lenger enn det som stod i oppskrifta. Det andre litt rare var måten ein skulle fella av halskanten på. Det var ein måte eg ikkje har prøvd før, og som skulle sørgja for at kanten ikkje krølla seg, stod det. Vel, kanten krølla seg, som det er mogleg å sjå. Det er mogleg eg bør vaska og dampa trøya for å få kanten fin.

Eg strikka storleik small, men det er framleis plass til ein gravidmage i veke 23/24. Trur kanskje han blir litt vid når magen er vekke ...

Sommarulla til Pickles er ei blanding av ull og bomull, og eg likte å strikka med garnet. Likevel: Eg trur ikkje eg hadde greidd å gå med trøya då det var på det heitaste i sommar. Og til vinteren blir det jo litt rart å gå med korte ermar (sjølv om eg kan ha ein tynn, langerma genser under). Så når på året er det mogleg å gå med denne, eigentleg? Eg får testa om det er ei eigna hausttrøye. Så lenge magen ikkje er større enn dette, i alle fall.

31. juli 2014

Strikk for livet

Her er eg! Det har vore ein travel vår og ein sommar nesten utan internett (godt!), men no skal eg prøva å blogga litt att (kanskje). Eg har litt på hjartet (trur eg).

På strikkefronten har det skjedd ganske mykje òg. Mange strikkarar har jo heilt sikkert høyrt om Strikk for livet allereie. Eg har hatt som mål i år at eg skal få brukt opp mykje restegarn eg har liggjande, og då då blei Strikk for livet ei genial løysing. NB: Dei har lagt ut veldig enkle strikkeoppskrifter på pledd, genser, lue og sokkar på nettsida si, så det er mogleg å strikka for dei som ikkje har strikka mykje før òg.

Eg byrja med eit pledd, men eg brukte oppskrifta på På veg helseteppe frå Pickles. Eit fantastisk artig mønster å strikka, som gjekk superfort på tjukke pinnar. Og eg fekk brukt opp haugevis med garn i Extra fine merino (også frå Pickles), som er eit utruleg mjukt og godt ullgarn. Eg strikka til eg var tom for garn i kvar farge. Den lyseblå fargen er eit heilt nøste, faktisk.

Pleddet blei ganske stort. Som det er mogleg å sjå, fekk 4-åringen god plass under det. Og så strikka eg nyføddgenser og nyfødd-lue, som poden også viser fram (men ikkje fekk på seg ...). Då brukte eg oppskriftene til Strikk for livet, og eg brukte babyull frå Dalegarn.
 




























Rart (og godt!) å tenkja på at garnet mitt kan koma til nytte for nokon som verkeleg treng det!

2. mars 2014

Enkel lue i stripestrikk

Eg gløymer ofte å blogga om småplagg eg har strikka, men denne gongen hugsa eg det. Eg har strikka ei enkel, kjapp og fin lue av garn eg har hatt liggjande ei stund. Garnmerket er Misti – eit garn i 100 % alpakka, og som eg strikka mange skjerf, halsar og luer av for nokre år sidan. Garnet er svært tjukt, mjukt og sterkt (eg slit alltid av tråden i staden for å klippa, men denne var vond å slita av!). Eg trur lua kjem til å varma ganske bra. Eg har meir garn att, og eg trur det er nok til ei lue til.

Luefakta:

16. februar 2014

I mål med flettehals

Oppskrift: "Joda, det er en flettehals" frå Pickles
Til kven
: leiaren i Noregs Mållag (svært forseinka bursdagsgåve)
Garn: Abuelita tjukk merino multi i fargen raudrosa (biletet lyg – fargane er mykje blassare i røyndomen)

Eg bad Marit om å ønskja seg ein hals i bursdagsgåve, og så lova eg at eg skulle strikka den ho valde. Eg blei litt nervøs då ho valde denne flettehalsen ... fordi han såg litt komplisert ut, og fordi eg har dårlege erfaringar med litt finurlege oppskrifter frå Pickles (men det var eg som viste henne Pickles-halsane då, så det er jo mi eiga skuld). Og ja, oppskrifta var litt kryptisk. Og det rare var at halsen blei mykje trongare enn det det ser ut som på biletet i oppskrifta. Sjølv om eg strikka han mykje lenger! Eg såg på Ravelry at det var fleire som hadde opplevd det same. MEN! Det var ganske artig å fletta strikka flettene då eg først kom i gang (sjølv om eg pådrog meg strikkesår i høgre peikefinger).

Her prøvde eg halsen rett etter at alle trådane var festa, og då vart eg ein smule skeptisk som vi kan sjå ... fordi eg streva med å få han over hovudet, og fordi han kjendest supertrong ut då eg først hadde fått han på. Eg skylde han difor i rennande vatn og strekte han så vid eg kunne.


Heldigvis er ikkje Marit så tjukk i hovudet som meg, he-he, såg eg satsa på at det gjekk bra. Og det gjorde det! Men eg har ikkje bilete av hovudpersonen sjølv med han på, då.

Det vart att ein god del restegarn, og garnet er utruleg godt og mjukt, så eg må finna på noko lurt å bruka det opp på. Eg trur ikkje eg strikkar ein identisk hals. Om ikkje nokon ønskjer han seg då!

31. desember 2013

Mitt strikkenyårsforsett

Eg strikkar mykje, og då samlar det seg mykje restegarn. Eg har også garn liggjande som eg aldri har greidd å bruka på grunn av at garnfargane ikkje var slik som eg hadde tenkt. I 2014 har eg tenkt å ta tak i det store garnlageret mitt og bruka det til noko fornuftig. Og eg har funne ut korleis!

Organisasjonen Strikk for livet sender strikka ullplagg og ullteppe til nyfødde, prematurfødde og sjuke barn ved sjukehus i fattige land. Og her har eg tenkt å bidra. 
Eg har byrja på eit ullteppe i Pickles extra fine merino, som er eit utruleg godt og mjukt garn. Oppskrifta er frå Pickles og heiter På veg helseteppe. Det går fort å strikka, og eg har tenkt å strikka så langt at eg har brukt opp alt restegarnet av denne garnsorten. Eg har også tenkt å strikka prematurtrøyer som det ligg oppskrift på på nettsida til Strikk for livet. Gå inn der og les meir. Og strikk! 

Og til slutt ønskjer eg deg eit godt nytt år, anten du strikkar eller ikkje! 

9. november 2013

Gult er kult, som vanleg

Kva eg har strikka: genser med rund sal frå Sandnesgarn, oppskrift nr. 18 – guttegenser med rund sal – i heftet 0811 Til fjells
Til kven: sonen min på 3 år
Garn: Smart
Storleik: 4 år

Lua strikka eg forresten på tampen av førre vinter. Det er Kongen på haugen-lue frå Pickles. Lua er strikka med Pickles extra fine merino lagt dobbelt, så det gjekk jo veldig kjapt å strikka. Ei supermjuk og god (og gul) lue!

Det er ganske lenge sidan eg byrja på genseren, og eg har streva både med fargeval, strikkefastheit og sjølve oppskrifta, som det var ein feil i. Men no er eg ferdig!

I oppskriftsheftet såg fargane blågrøne og fine ut, som det er mogleg å sjå på biletet til venstre (biletet er frå nettsida til Sandnesgarn). Eg hadde opphavleg lyst til å strikka i desse fargane fordi eg likte dei blågrøne nyansane. Men fordi dette var eit litt gammalt oppskriftshefte var to av fargane utgåtte fargar, nemleg hovudfargen og den fargen som har sterkast grøntone. Eg fekk hjelp i garnbutikken til å velja fargar som likna, og eg enda opp med fargar som eg eigentleg berre var sånn passe nøgd med. Dvs. den fargen som øydela, var den lyselysegrøne her (ser nesten kvit ut):












Eg strikka meg passe nøgd oppover mot halsen, og då eg skulle til å strikka sjølve halsen, innsåg eg at genseren var alt for stor for guten min. Eg hadde altså strikka for laust (ein klassikar). Eigentleg var eg ikkje nøgd med fargesamansetjinga, så det var ikkje trist å rekkja opp. Eg tok ein pause frå genseren over sommaren, og fann han fram i haust. Det blasse blå garnet blei bytt ut med sennepsgult, eg gjekk ned ein halv storleik i pinnar og strikka stramt. Då! Gult gjorde susen, rett og slett.

Det var første gongen eg strikka med Smart. Det er eit ganske tjukt garn, og det var godt å strikka med. Eg har planar om å strikka ei restegarnlue frå boka Klassisk barnestrikk. Der er det nemleg oppskrifter med Smart-garn.

Jepp, eg strikka genseren ganske lang med vilje. Eg likar at genserar varer meir enn éin sesong. Og når det ligg så mykje arbeid bak som med denne, er det jo ekstra kjekt at genseren varer ei stund. 

22. oktober 2013

Snart!

No har eg endeleg fått melding frå Eplehuset om at den nye og fine maskina mi er på veg til meg! Det har vore eit langt bloggopphald først og fremst fordi eg ikkje har hatt anna enn lånemaskin utan enkel tilgang på dei 50.000 bileta mine, men snart blir det bloggings att! Dagens utsikt frå heimekontoret:

3. august 2013

I mål med julegåvestrikk

Kva: kragejakke frå Nøstebarn, oppskrifta står i Strikk til nøstebarn
Til kven: mamma
Garn: dobbel tråd med 2-tråds merino lammeull frå Nøstebarn. Fargar: 885 rust (mørk oransje) og ein lys oransje farge frå Nøstebarn som er utgått.
Storleik: small

Endeleg blei eg ferdig med julegåva til mamma! Julegåva for 2012, altså ... Eg skulle strikka ferdig jakka i dagane før jul i fjor, men så blei eg sjuk og gjorde ikkje så mykje anna enn å liggja til sengs i heile jula, og då blei jakka liggjande på vent. Lenge. Men i går blei eg ferdig!

Eg blei ganske godt nøgd med fargevalet. Dei to oransje fargane gir eit fint spel. Den lysoransje fargen som er utgått, hadde eg eigentleg byrja strikka ei Nøstebarn-undertrøye med for fleire år sidan, men dette prosjektet blei ikkje så bra, så eg rekte oppatt alt. Den andre oransjefargen er mørkare oransje, og er altså den oransjefargen Nøstebarn sel i dag.

Mottakaren blei ganske så nøgd òg, trur eg!

2. august 2013

Sjå min kjole

... han er gul som sola!
Eg er så nøgd! I København kan ein finna fullt av små butikkar som sel ganske så unike kjolar. No i juli var eg innom ein 50-talskjolebutikk (heilt fantastisk, men eg kjøpte ikkje noko), mange bruktbutikkar og små butikkar som sel eigenproduserte kjolar.

Denne gule kjolen fann eg på den fantastiske butikken Divaen og Krudtuglen i bydelen Nørrebro (bydel som er eit must å vitja). Her sel dei både kjempefine og særs solide leiker (lite plast, mykje tre – Tryggve kjøpte seg eit verktøysett), kjempefine klede til barn (blant anna har dei det økologiske merket Ej sikke lej), og så har dei ei lita avdeling med kjolar og bukser dfor vaksne. Merket heiter Millou og blei skapt av to danske damer i 2006. Divaen og Krudtuglen er den einaste butikken som sel merket, så det er ganske så unikt. 

Ein ser at kjolen er vakkert sydd, her er det ingen saumar på skeive, feil eller manglar. Det er ein omslagsskjole, så ein kan knyta så laust eller stramt ein vil. Han var litt vid i overdelen, tykte eg, så eg må kanskje sy han litt inn i sidene.

Kjolen er sydd av det velrennomerte stoffet Liberty of London. Det er tynt og silkeaktig bomullsstoff, og det er mogleg å kjøpa metervare og sy eigne klede av det, men det er ganske så dyrt (kjolen var ikkje heilt billeg, heller). Stoffet er veldig behageleg å ha på. Kjolen var litt gjennomsiktig, så eg var særs nøgd då eg fann ein supermjuk underkjole på Gudrun Sjöden, som passa heilt perfekt til kjolen.

Så om du skal til København på kjolejakt, styr unna H&M på Strøget, og peil deg inn mot Elmegade 22, der denne butikken ligg. I denne gata ligg det dessutan mange andre kule butikkar og fine kaféar. (50-talskjolebutikken låg like ved.) Vi åt på The laundromat café i Elmegade 15, og det var kjempegod mat både for store og små.

1. august 2013

Vimpeltrøye frå Pickles

Etter mange gloheite dagar på heimlege trakter kom omsider regnet. Og lyn og torden.

Passa perfekt at garnpakken eg bestilte frå Pickles, dumpa ned i postkassa då det byrja hølja ned. Må forresten skryta av leveringstida til Pickles. Eg bestilte garnpakken på ein laurdag, og på tysdag hadde eg garnet i hus (på bygda). 

Eg er i gang med vimpeltrøye til meg sjølv, eller vimpel-tee som Pickles kallar det. Det var mange fine farge-kits, og etter litt att og fram enda eg opp med fargane over. Den raudlege fargen er ein slags korallfarge, og Pickles kallar han vassmelon. Stemmer ganske bra. På biletet ser fargen litt mørkare ut enn han er i verkelegheita. Eg veit ikkje om eg kler denne fargen så godt, eg trudde fargen skulle vera endå raudare. Men i og med at eg har eit mål om å kle meg i litt fleire fargar enn grøn, turkis og gul, tek eg sjansen.  

Det blir ganske lange trådar på vranga, og Pickles har lagt ut eit videotriks for korleis festa trådane medan ein strikkar slik at det ikkje blir så lange trådar. Eit lurt tips, men det tek lenger tid å strikka. Eg er elles supernøgd med å strikka med sommarulla til Pickles, garnet er mjukt og godt. 

To be continued ...

19. mars 2013

God morgon!

Endeleg ferdig! Byrja på God morgon-genser frå Pickles i jula, og det var jo ein enkel genser å strikka, men eg tykkjer det er så keisamt å strikka med berre éin farge, så det tok si tid likevel. Eg strikka bolen litt for kort, men han blei passeleg lang etter at eg vaska genseren og strekte han i våt tilstand. (Eg strikka i storleik small.)

Det beste med genseren er at han er så utruleg god og mjuk. Og varm! På biletet har eg ein tynn ullgenser under, men han måtte eg ta av, gitt, så eg gjekk berre med ein singlet under. Det kjendest ut som om eg var innpakka i bomull. Mmm.

Pickles har fine strikkehjelpfilmar på sidene sine, og denne gongen lærte eg å veva saman to delar (oppe på skuldrene) og å henta opp masker (for å strikka ermene og halsringinga) slik at det blei superfint. Særs godt nøgd med å få lure strikketips!

Eigentleg tenkte eg jo å strikka genseren i fargen appelsin, men fargen var ikkje heilt som forventa, så eg bytte til ein litt keisam farge (lime). Angrar litt på at eg ikkje strikka med ein knæsjare farge, det er litt for mykje grønt i livet mitt. Men det neste strikkeprosjektet er i alle fall fargerikt!

Det skal bli bråkmakargenser, også oppskrift frå Pickles. Dobbelt tråd og fire fargar krev litt tolmod, merkar eg, men det er vel straffa for å ikkje villa strikka med éin farge.

18. desember 2012

Vimpelgenser

Eg har strikka vimpelgenser frå Pickles til poden. Han er snart 2.5 år, men eg strikka storleik 4 år og la på litt ekstra lengde. Genseren kan nok ikkje brukast denne vinteren, sjølv om det sikkert kunne ha vore godt å gå med ein varm kjole av og til ...
Eg likar godt dette garnet (Pickles Pure Thin Alpaca). Det er veldig mjukt og godt å strikka med. Strikka med dobbel tråd, så det blei ein del flokar undervegs i vimpelstrikkinga. Og eg har ein del trådar att å festa, som det er mogleg å sjå.

Eg har ikkje vore begeistra for alle oppskriftene frå Pickles eg har prøvd, men denne oppskrifta likte eg.

Det blei att ein del restegarn, så eg må finna på noko av det.

14. desember 2012

Dagens skjerf

Det har vore kaldt lenge i hovudstaden no.
Og i det eg er ferdig med å strikka meg eit megatjukt skjerf i Eskimo-garn, er det sjølvsagt meldt mildvêr. Ja ja, det kjem vel kalde dagar att. Eg strikka perlestrikk, og eg brukte diverse garnnøste eg hadde liggjande som eg ikkje hadde nokon plan for. Skjerf er bra restegarnprosjekt!

20. november 2012

Sitrondrops er kult, men det er appelsin òg

Endeleg har eg bestilt oppskrift og garn til eit strikkeprosjekt til meg sjølv!
Det er God morgen-genser frå Pickles (klikk på biletet for å koma til oppskrifta), og eg har sikla på genseren lenge. Eg diggar den gule fargen (med det høvelege namnet sitrondrops), men eg trur kanskje ikkje at eg kjem til å kle han, så difor bestilte eg garn i fargen appelsin:




Det er alltid litt risikabelt å bestilla garn på nettet, eg likar aller best å sjå garnet i levande live. Lageret til Pickles er ope på torsdagar og laurdagar, men eg greidde rett og slett ikkje å venta. Og eg kan jo byta fargen dersom eg angrar. Det er i alle fall mange fargar å velja blant! Gler meg til eg får pakke i posten!

Er det nokon av lesarane mine som har strikka genseren? Eg ser han er poppis på Ravelry, i alle fall.

26. oktober 2012

Likbart!

The Purl Bee er ein utruleg inspirerande blogg for den som elskar å strikka og sy. I kveld kom eg over denne fine og originale halsen på bloggen, og oppskrifta står også der. Sjekk her!

15. oktober 2012

Skappelgenseren? Nei, FARMEN-genseren!

Det er mange som driv og strikkar skappelgenseren for tida. Og han ser jo god og fin ut å ha på (bortsett frå at eg ikkje ville ha hatt han så vid). Men eg kjem nok ikkje til å strikka han med det første. Eg tykkjer nemleg det er så keisamt å strikka genser utan mønster. Derimot er det ein annan kjendisgenser eg har falle pladask for. Eg ser ikkje på Farmen, men kanskje eg må det no etter at eg oppdaga at Gaute Grøtta Grav har på seg denne genseren i årets sesong:
Eg har henta biletet frå nettsida til Gaute Grøtte Grav.

Wow, altså! Sååå fin! Det er laga mønster både til karar og kvinnfolk. Husfliden har både mønster og garn. Jepp, må førast opp på lista over framtidige strikkeprosjekt.

22. september 2012

Sauer i hus

Juhu, dette var det artigaste og raskaste strikkeprosjektet eg har vore borti på lang tid. Veldig tjukt garn gjorde at det gjekk unna. Eg strikka storleik 2 år, men strikka nokre omgangar ekstra på bolen og ermene. Sauene er strikka i perlestrikk – noko så enkelt får ein kul effekt! Eg strikka ikkje blomemønsteret nedst på ermene – rett og slett fordi eg ikkje fekk det til å gå opp med blomar og masker. Det er mogleg det var ein feil i oppskrifta, for mønsteret var jo ikkje vanskeleg.

Poden var ikkje særleg interessert i å prøva det nye plagget, men eg håpar at han forstår at dette blir ein god genser på kalde dagar.

Her er meir om oppskrifta. Eg har nok restegarn til å laga noko meir – kanskje ei lue?