Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg

19. januar 2014

Nytt kamera

Eg er veldig glad i å ta bilete. Etter at kameraet mitt (frå 2007) byrja å oppføra seg dårleg mot meg, i tillegg til at det blei knust på den eine sida då det datt i golvet i jula, var det openbert at eg måtte eg ha nytt. Etter mange og lange surferundar enda eg opp med eit systemkamera frå Olympus. Eg gjekk over frå spegelrefleks til systemkamera for å sleppa drassa rundt på tungt kamera. Overgangen var større enn eg trudde. Eg blei litt skuffa med det same, men eg trur det går seg til. Det er jo alltid uvant med nytt kamera, og i tillegg er det uvant at det er litt annleis å ta bilete. Men det er sjeldan kameraet sin feil dersom bilete blir dårlege, så her er det berre å øva seg. I dag har eg gått rundt og knipsa utan å tenkja så nøye gjennom kva eg tek bilete av – for å testa ulike objektiv og funksjonar, og no har eg lasta inn bileta. Og då fann eg ut at sjølv om motiva var litt føremålslause, så var dei litt fine òg. Her kjem eit biletras frå kvardagen i vest ein litt lat søndag i januar.






















6. mars 2013

Kapa!

Eit lite tips til dekorativ innramming av bilete: framkall bileta og få mondert kapaplate bak! (Tips nr. 2: Ein treng ikkje furuvegg i alle rom i eit hus ...) Det er jo ganske poppis med fotolerret på blindramme, men eg tykkjer ikkje det blir så fint med tjukk ramme, så difor blei eg så nøgd då eg prøvde kapaplater. Kapaplata er veldig lett, så det er enkelt å festa bileta på veggen med sånn der lærartyggis. (Perfekt dersom du har ein murvegg du ikkje vil borra i!)

Det er ikkje så vanleg at fotobutikkar tilbyr kapaplater, men det gjer Akersgata foto. Ein fotobutikk eg kan tilby på det varmaste! Det er rett og slett ein unormalt bra fotobutikk. Framkallinga blir særs bra, folka som arbeider der har skikkeleg peiling, og dei tilbyr tenester som kjedebutikkar ikkje kan tilby / ikkje er gode på. Eg har aldri vore så nøgd med fargeattgjevinga på bilete før, og eg er ekstremt kritisk når eg får framkalla bilete.

Den kvite rundt kanten er valfri. Eg likar han!

Bror min har skanna mange dias frå barndommen, og på 70-talet var det kvadratiske foto som galdt. Eg tykkjer det blir sååå fint med kvadratiske foto på kapa.

Når ein har bilete på kapa / utan glasramme, er det finast med matt overflate, men eg tykkjer eigentleg matt eller halvmatt alltid blir finast.

Eg har berre vore i butikken deira og framkalla, men ein kan senda inn bestilling på nettsida òg (sjå nedst på startsida).

No angrar eg berre på at eg ikkje forstørra bileta endå meir, fine er dei. (Desse er 15 x 15, trur eg.)

29. juni 2011

Sommardokumentar

Eg har vore i barndommens paradisiske omgjevnader i litt over ei veke no. Vi har ete ute på verandaen berre éin gong. Og vore på berre éin båttur. Og vore på Bugasætra berre éin gong. Jepp, få uteaktivitetar. Det har nemleg regna og regna. Og regna. Då er det fint å ha kamera. For motiv er det over alt, same korleis vêret er. Så eg klagar ikkje.

























Og soundtrack for late sommardagar er sjølvsagt sommarspelelista til Glamourbibliotekaren.

4. juli 2010

Ventetid

Det er mykje ein kan gjera medan ein ventar på at veslingen skal koma ut. Til dømes kan ein rydda i iPhoto (eg har 30.579 bilete ...) og gjera plass til dei mange bileta som garantert kjem til å bli tekne av den nye verdsborgaren. For eitt år sidan var eg i Botanisk hage og knipsa vilt i samband med fotokurset eg var på. Det var artig å koma over desse bileta igjen. Så her kjem ein liten sommarleg biletkavalkade medan vi ventar.







2. oktober 2009

På rammejakt



(Du bør klikka på bileta for å sjå dei i stort format)

Desse fotoa er frå 1980, og kven skulle tru det? Rett nok er det mogleg å sjå at bileta ikkje blei tekne i fjor, men eg er likevel imponert over fargeattgjevinga og biletkvaliteten, eller rettare sagt kvaliteten på negativa. Dei har halde seg så godt at skanninga går utan problem. Og kvadratisk biletformat er så fint! Eg skal gå i gang med å framkalla og henga opp foto frå fortida, og eg er spent på om eg finn rammer som passar perfekt til foto som desse (også svart-kvitt-foto), og som ikkje kostar skjorta. Og som eg ikkje treng å ta med til rammebutikk for å få ramma inn. Dersom nokon har tips til kvar ein kan få kjøpt enkle, gjerne svarte, smale rammer, som passar til kvadratiske foto, rop ut!

3. april 2009

80-talet er tilbake

Juli 1985 stod det bakpå dette biletet. Då eg var innom Cubus her om dagen, såg eg ein identisk topp. Eg måtte le. Eg trur eg må på mørkeloftet ein tur. Eller kanskje ikkje.

Det var fleire 80-talsfakter å spora også:
Fargane minner meg om markeringstusjane eg samla på.

Denne ville eg nok ha sikla etter. Den gongen.