Her er bror min og eg i 1983. Eg har nettopp vaska kleda til dokka mi (for hand i vasken på badet), og står og heng ut dei nyvaska kleda på klessnora (mi) i hagen. Eg hugsar den gode lukta av nyvaska klede og kjensla av å ta inn knusktørre, stive plagg. Kleda hadde eg og bror min gått med då vi var babyar, så dei var eigentleg litt for store for dokka. Og ho voks irriterande nok aldri inn i dei, heller. Men klesvask måtte til med jamne mellomrom. Dokka var jo med over alt og blei lortete, ho bæsja seg ut, osv.
Men eg likte ikkje berre å leika med dokker. Eg likte å klatra i tre, eg likte å ro, samla på bilnummer og sprengleidningar, eg likte å kle meg ut, byggja hytte, spionera, spela piano, laga radioprogram, sykla i full fart i nedoverbakkar ... Ja, eg likte rett og slett å halda på med det som barn likar å halda på med. Slik som Pippi Langstrømpe, som har vore, og framleis er, eit førebilete for alle barn, uavhengig av kjønn. Og slik kjenner eg meg på ein måte framleis. Eg likar ikkje berre å sy og strikka, for å seia det slik, sjølv om det er handarbeid eg skriv mest om her på bloggen. (No kjenner eg at eg fekk lyst til å skriva eit sint innlegg retta mot dei som kritiserer handarbeidande bloggedamer for å driva med det dei kallar husmorblogging, dvs. noko som berre er tull og tøys og antifeministisk og tilbake til 50-talet og slikt. Dette må eg tenkja på!)
Uansett, grunnen til at eg skriv dette, er at eg for nokre veker sidan las ein utruleg god artikkel i magasinet Fett som heiter Pippi Langstrømpe er en jente, jente! Skribenten Heidi Bøhagen skriv innsiktsfullt om omgrepet gutejente, og ho skriv ting som eg aldri har tenkt fullt ut, men som eg kjenner meg så utruleg godt igjen i. Det er ein lang artikkel til å vera på nett, men han er verkeleg verdt å lesa. LES HAN! Kjenner du deg att?
Viser innlegg med etiketten 80-talet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 80-talet. Vis alle innlegg
14. mai 2012
19. mars 2011
Ein 80-talsfavoritt!
Eg hugsar då mamma introduserte ostesmørbrød (dvs. rundstykke) med ananas som laurdagskos ein gong på 80-talet. Det var jo berre SÅ godt, og sidan den gongen har eg ete det ein million gonger når eg vil eta noko som er kjapt, varmt og godt og/eller viss eg vil bli kvitt brød- og osterestar. Ananas + smelta ost er ein uslåeleg kombinasjon. Det er juks å ha på kjøtpålegg eller krydder av noko slag. Det skal altså vera brød + ein stor ananasring + ost. Og ketsjupen må på til slutt, etter at ostesmørbrøda er tekne ut av omnen. Nam!
10. mai 2010
Frå mørkeloftet #8
Lukka er å vinna ei dokke og ein heil garderobe full av heimesydde og heimestrikka dokkeklede! Lat meg presentera Anne:
Eg vann Anne på basar då eg var lita. Og ho heiter Anne fordi det var tanta mi Anne som trekte vinnarloddet. Eg har alltid hatt vinnarlukke på basar, men denne premien var nok den gjevaste eg vann nokon gong. Eg fann henne på mørkeloftet heime i påska, og eg veit at det var fleire klede i garderoben enn det eg kan presentera her. Eg hugsar at det var med ein sovepose også, og det manglar eit bunadsskjørt. Men dette er i alle fall ein liten smakebit. Og ikkje minst er det eit godt prov på at basarpremiane før i tida var mykje meir forseggjorde enn i dag. Takk til Lise som strikka og Gerd som sydde!
Eg vann Anne på basar då eg var lita. Og ho heiter Anne fordi det var tanta mi Anne som trekte vinnarloddet. Eg har alltid hatt vinnarlukke på basar, men denne premien var nok den gjevaste eg vann nokon gong. Eg fann henne på mørkeloftet heime i påska, og eg veit at det var fleire klede i garderoben enn det eg kan presentera her. Eg hugsar at det var med ein sovepose også, og det manglar eit bunadsskjørt. Men dette er i alle fall ein liten smakebit. Og ikkje minst er det eit godt prov på at basarpremiane før i tida var mykje meir forseggjorde enn i dag. Takk til Lise som strikka og Gerd som sydde!
2. oktober 2009
På rammejakt
(Du bør klikka på bileta for å sjå dei i stort format)
Desse fotoa er frå 1980, og kven skulle tru det? Rett nok er det mogleg å sjå at bileta ikkje blei tekne i fjor, men eg er likevel imponert over fargeattgjevinga og biletkvaliteten, eller rettare sagt kvaliteten på negativa. Dei har halde seg så godt at skanninga går utan problem. Og kvadratisk biletformat er så fint! Eg skal gå i gang med å framkalla og henga opp foto frå fortida, og eg er spent på om eg finn rammer som passar perfekt til foto som desse (også svart-kvitt-foto), og som ikkje kostar skjorta. Og som eg ikkje treng å ta med til rammebutikk for å få ramma inn. Dersom nokon har tips til kvar ein kan få kjøpt enkle, gjerne svarte, smale rammer, som passar til kvadratiske foto, rop ut!
26. mai 2009
Vekas kulturminne
Dette biletet blei teke 22. mai 1988, altså ganske nøyaktig for 21 år sidan. Det er ikkje til å tru! Eg var 12.5 år og gjekk i favorittantrekket mitt, som eg gjekk i heile tida ein periode. Lat oss analysera det vi ser på dette kulturminnesmerket:- Den stripete genseren var Levi´s (som eg enno ikkje hadde fått eit forhold til), og eg arva han frå eit søskenbarn.
- Den gulblomstrete tightsen var eg berre SÅ glad i. Kjøpte han på ein ferietur, trur eg. Han blei heilt tynnliten til slutt og blei stadig mindre gul.
- Den merkelege vesten fann eg i klesskåpet til mamma, og eg trur eigentleg han var lysegrøn, men at han var heilt utvaska.
- Eg har kvite seglarsko, som eg måla over flekkvis med rosa måling i same slengen som vi måla eit klasserom rosa (barnearbeid).
- Håret: ja, det var raudt, og eg har fletta det i våt tilstand og sove med flettene, slik at eg fekk gratis permanent. (Og eg dreiv og sparte til langt hår – eit uendeleg prosjekt.)
- Sigmund har tradisjonell gute-outfit frå 80-talet: sporty jakke, joggebukse og joggesko. Han sydde joggebuksa i forminga (ja, namnet hans står på låret), og han står tradisjonen tru med capsen i handa fordi pappa bad han om å ta han vekk under bilettakinga for å hindra skugge i andletet.
- Biletet er teke på den vesle øya Kuli (trur eg) på nordmørskysten, med flate Smøla i bakgrunnen – enno fri for vindmøller, men ikkje fri for vind. (Eg veit ikkje om eg skal vera for eller mot vindmøller, det er eit heftig ordskifte som eg ikkje har teke stilling til enno.) Som vi ser, dreiv dei og bygde bruer den gongen, og eg trur det er frå brusambandet som knytte Edøya og Kuli til Smøla. (Brusambandet blei opna i 1989.)
Abonner på:
Innlegg (Atom)







