31. desember 2012

Godt nytt år!

Det er tre timar att av 2012. Eg er heime hos mamma og pappa. På pinnane har eg God morgen-genser:
(Jepp, eg bytta garnfarge! Appelsin var ikkje heilt som forventa.)

I koppen har eg kaffi. På bordet ligg føtene mine. Poden søv. Ytre sett er det nesten som ein heilt vanleg kveld, med andre ord.

2013 blir eit heilt kreisi spanande år. Etter mange år i Oslo flyttar vi til Vestlandet. Eg håpar det blir bra. Bloggen blir med!

Eg ønskjer alle dei fine lesarane mine alt godt for 2013!

29. desember 2012

Nostalgiske dropar

Er det nokon som hugsar denne?
Året var 1990, og eg var 15 år. Eg kjøpte min første parfyme, og det var altså Samba. Lukta var veldig populær, hugsar eg.

Eg trur eg kjende lukta for første gong i ein sånn luktereklame som låg inni eit blad. Det tok ganske lang tid før eg kjøpte meg parfymen. Og eg hugsar at eg blei litt småskuffa då eg endeleg fekk spraya på meg dei etterlengta dropane. For lukta kjendest liksom litt annleis ut på meg (velkjend problem).

Lukta er veldig fjortis, og eg kjem aldri til å bruka opp parfymen sjølv om om det er 2/3 att av flaska. Den einasta funksjonen parfymen har, er at han fungerer som tidsmaskin. Flaska står heime hos mamma og pappa, og kvar gong eg er heime, tek eg ein liten sniff. Det er rart med det, men lukter vekkjer minne. Det vesle sniffet er alt som skal til for å bli teken 22 (!) år tilbake i tid eit ørlite sekund.

18. desember 2012

Vimpelgenser

Eg har strikka vimpelgenser frå Pickles til poden. Han er snart 2.5 år, men eg strikka storleik 4 år og la på litt ekstra lengde. Genseren kan nok ikkje brukast denne vinteren, sjølv om det sikkert kunne ha vore godt å gå med ein varm kjole av og til ...
Eg likar godt dette garnet (Pickles Pure Thin Alpaca). Det er veldig mjukt og godt å strikka med. Strikka med dobbel tråd, så det blei ein del flokar undervegs i vimpelstrikkinga. Og eg har ein del trådar att å festa, som det er mogleg å sjå.

Eg har ikkje vore begeistra for alle oppskriftene frå Pickles eg har prøvd, men denne oppskrifta likte eg.

Det blei att ein del restegarn, så eg må finna på noko av det.

14. desember 2012

Dagens skjerf

Det har vore kaldt lenge i hovudstaden no.
Og i det eg er ferdig med å strikka meg eit megatjukt skjerf i Eskimo-garn, er det sjølvsagt meldt mildvêr. Ja ja, det kjem vel kalde dagar att. Eg strikka perlestrikk, og eg brukte diverse garnnøste eg hadde liggjande som eg ikkje hadde nokon plan for. Skjerf er bra restegarnprosjekt!

10. desember 2012

Gjenbruk

Her om dagen demonterte vi sprinkelsenga. Etter ei stund høyrer eg spetakkel på gangen. Han som ikkje har bruk for senga lenger, kjem ilande: Mamma, mamma! Bygd bru, jeg! Med litt fantasi kan ein gjenbruka det meste.