29. januar 2012

Heldige biverknader av å skriva nynorsk #2

For nokre år sidan starta eg ei spalte her på bloggen som eg kalla Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Eg byrja spalta med å skriva om at nynorsk er det beste sjekketrikset. Tida er mogen for å skriva det andre blogginnlegget i serien.

Eg blir så utruleg lei av sutring og klaging når det gjeld nynorsk. Den siste veka har det vore ein del sutring, og sjølv om det har ført noko godt med seg, nemleg fleire medlemer til Noregs Mållag, er det viktig at alle vi som har levd i fleire tiår med å skriva nynorsk, får fram alle dei heldigve biverknadene av å skriva nynorsk! Tru meg, det å skriva nynorsk er berre bra! Ein er aldri usynleg. På den positive måten!

Til saka: Eg har stort sett hatt jobbar der det å kunna både bokmål og nynorsk har vore avgjerande for om ein fekk jobben eller ikkje. Og det er jo veldig kjekt, i og med at eg kan skriva både bokmål og nynorsk. Men det er ikkje slike jobbar det skal handla om. Det skal handla om jobbar ein søkjer på der det ikkje blir stilt like strenge krav om språkkunnskapar.

For mange år sidan, medan eg var student, søkte eg på sommarjobbar i helsevesenet. Og eg skreiv sjølvsagt jobbsøknadene på nynorsk (dette var i bokmålsland). Det var særs mange som søkte, så konkurransen var stor, og mange av dei som søkte, hadde dei same jobberfaringane som meg. På den eine plassen eg var på intervju, forstod eg eg hadde ein konkurransefordel som eg ikkje hadde tenkt på før. Eg oppdaga den heldige biverknaden av å skriva nynorsk i jobbsøknader. På denne arbeidsplassen sa sjefen under intervjuet at dei hadde fått inn mange søknader, men at dei la merke til søknaden min fordi eg skreiv på nynorsk! Ho la mykje betre merke til kva eg skreiv, sa ho. Eg hugsar at eg sat på intervjuet og fekk inntrykk av at ho knytte så mange positive assosiasjonar til det å skriva nynorsk at ho blei positivt innstilt til meg. Og det er jo eit godt utgangspunkt for eit intervju! Ein har meir å gå på då. Og eg fekk ein fantastisk sommarjobb.

Eg kan ikkje garantera at det er 100 prosent sikkert at ein får jobbtilbod fordi ein skriv nynorsk, men eg kan garantera at det aldri trekkjer ned. Skriv du bokmål, minskar du i alle fall sjansen for å bli lagt merke til. Med andre ord:

7 kommentarer:

Bloggeriet sa...

Hei!
Vi har linket til denne posten fra den politiske bloggportalen Bloggeriet. Håper det er OK for deg!
Hilsen Elisabeth på Bloggeriet

Ragnhild sa...

Det er sjølvsagt heilt i orden!:)

Mette sa...

Endå ein positiv effekt Ragnhild :-). Ein vert då oppdaga av Bloggeriet som vil framheva blogginnlegget....

Kine sa...

Ohyeah!

Gunn SD sa...

Så urtruleg bra! Klart dei la merke til kva du skreiv i obbsøknaden din. Nynorsk er eit konkret språk utan kliss. Folkeleg og greitt. Måtte også inn å lese om det sosialantropologiske studiet ditt. Artig :-)Fin blogg med godt språk, godt å lese!

Strida sa...

Likar! Når ein skriv noko på nynorsk er det som om ein meiner det heile litt ekstra. Eit synleg og ærleg språk!

Signhild sa...

Eg har opplevd å sende inn ein søknad på nynorsk, for så å bli oppringt med spørsmål om eg kunne sende den inn på nytt på bokmål "for cv'en ser veldig god ut, men jeg forstår ikke hva du skriver i søknaden". Eg svara at eg umiddelbart trekte søknaden min. (Og nå hugser eg jammen ikkje kor det var eg søkte, eingong, berre at det var eit hotell i Kristiansand. Godt for vedkommande bedrift)