13. mars 2011

Saum og draum

Trass i mange meter med nyinnkjøpt stoff (+ eit allereie velfylt stofflager), blir blir det ikkje så mykje tid til sying som eg drøymer om ... Eg drøymer stadig om å ta turen til Stoff og stil, og eg har laga meg ei laaang liste over alt eg har lyst til å sy. Det er jo så kort veg til den fine butikken, og det var ikkje noko problem å ta med poden dit, som vi ser.

Men det gjeld å ikkje berre drøyma. Og no har eg funne ut at det einaste som kan få fart på syinga, er når eg har eit heilt konkret mål med syinga, dvs. at det eg syr, skal brukast ved eit bestemt høve. Som då eg gjekk gravid og skulle sy gravidkjole til å bruka i eit bryllaup. (Eg rakk å bruka kjolen tre gonger, faktisk.) Eller no forrige helg, då Tryggve blei døypt (største dåpsbarnet i mils omkrins, sikkert), og eg hadde bestemt meg for å sy dåps-outfit i form av ei skjorte og ei bukse (ingen dåpskjole, nei). Eg sydde og sydde. Og blei ferdig! Skjorta sydde eg etter ei oppskrift frå den fantastiske klassikaren Børnetøj du selv kan sy. Skjorta såg slik ut:
Eg likte dei tre legga på kvar side, men droppa å sy legg på ermene. Eg laga pose-ermer i staden for å få skjorta til å passa betre til buksa (pose-bukse). Det er også eit legg på ryggen, og det var superstilig. Det var første gongen eg sydde ei skjorte, og eg digga det. Fin oppskrift! Eg brukte eit lysegrønt lintstoff. Diverre har eg ingen supergode bilete som viser skjorta, innser eg no, men her er eit glimt av hovudpersonen saman med bror min:

Eg valde treknappar fordi eg tykte dei passa så fint til det litt røffe linstoffet (tjukk lin). Han hadde ei kvit ulltrøye under skjorta, det er ho som stikk fram over navlen;-)

Buksa sydde eg etter dette mønsteret, og her valde eg lin i ein annan farge for å unngå at antrekket skulle få ein slags uniform-look. Eg må ta bilete når guten har på seg begge plagga samstundes, for han blei skikkeleg smashing, men enn så lenge får eg visa fram eit bilete av buksa i grelt blitzlys, før eg hadde festa strikkane:
Det som eg blei litt nøgd med, var blondekanten. Kjøpte blonder på Stoff og stil (åf kårs) og tykte dei pynta opp buksa. Kven seier at gutar ikkje kan gå i blonder? Vonleg får han på seg kleda til 17. mai! Eg sydde storleik 1 år, men kleda sit perfekt allereie, som vi ser ...

Uansett, eg veit ikkje heilt kva som blir neste syprosjekt enno. Eg må finna ein dato og eit høve først! Og drøyma litt innimellom.

2 kommentarer:

Torunn sa...

Nydeleg sett på ein flott liten pode!

Marit sa...

Åå, så herlige klær! Har hatt lyst til å lage den skjorta mange ganger. Sant som du skriver, bra å ha en anledning. Typisk meg å sitte natta før vi skal på juleferie og sy juleklær. Og JA til gutter med blonder.