16. juni 2011

Nytt til veggen

Epla er det så utruleg mange fine seljarar! For kort tid sidan kom eg over illustratøren going Danish, og no har eg kjøpt desse fine trykka som eg tenkte å få opp på eine stoveveggen (sjølv om veggen er laga av mur, og det er skikkeleg, skikkeleg demotiverande å tenkja på at eg skal få noko til å hengja fast der).
Fargane og stilen er akkurat etter min (retro) smak, og bileta skal få hengja ved sidan av kvarandre, tenkte eg. Sjå dei andre fine trykka her.

4 kommentarer:

Gagn sa...

Åh, ja dei er fine! Har óg vore og "soggla" i den Eplabutikken, men har ikkje kome i gang til å bestilla noko. På mange måtar så liknar dei ikkje på noko anna eg har på veggane, så terskelen er litt høg. Men ser veldig bra ut i glas og ramme hos deg i alle fall!

Ragnhild sa...

Bileta er ikkje i glas og ramme hos meg, altså. Bileta er frå Epla-butikken til kunstnaren:-) Eg er ganske dårleg til å ikkje kjøpa ting som eg likar ... sjølv om dei ikkje passar inn interiørmessig;-)

Torunn sa...

Kjempestilige!!

Frk.Fjong sa...

Hihi, jeg har akkurat samme kattebildet hjemme. Elsker det!

Visste du at Mariann Doherty var Ukens Designer hos meg?

Jeg har intervju med henne her:
http://frk-fjong.blogspot.com/2011/02/ukens-designer.html

Ü