31. januar 2012

Eg har sydd mitt første møbel!

80-talet er tilbake i heimen! Men eg vil påstå at dette møbelet er finare enn det tilsvarande eg hadde på 80-talet. I alle fall reint fargemessig. Stoffet kjøpte eg på nettet for fleire år sidan. Eg har det i gul-/lime-prikkete utforming også. Til fôret brukte eg lerretstoff eg kjøpte på sal for mange år sidan. Det var veldig godt å bruka opp stoff frå det store lageret mitt!

Ja, det er ein saccosekk! Eller sekkestol, om ein vil. Eg sydde storleik junior, for møbelet var til veslingen vi skimtar oppi der. 

Saccosekken eg hadde på 80-talet, hadde eit ytterlag av svart skaistoff, og det var umogleg å få det reint kvar gong ein eller annan kattunge hadde tissa i han. Usj! Væske vil jo nå inn til isoporkulene uansett, men det er i alle fall mogleg å ta av og vaska det ytste trekket på denne sekken.

Eg kjøpte mønsteret på Stoff og stil, og må seia at eg ikkje vart begeistra for det. Eg har ikkje brukt mønster frå Stoff og stil før sjølv om eg har fleire liggjande i kø. Syoppskrifta var utforma så stikkordsmessig og ufullstendig at eg måtte lesa henne mange gonger for å vera sikker på at eg hadde forstått alt. Ikkje var det gode illustrasjonar til, heller. Det var snakk om seks stoffdelar som skulle syast saman x 2 + ein glidelås som skulle syast i, så det var ikkje snakk om avansert søm. Kor vanskeleg er det mogleg å gjera det? Eg har null tolmod når det gjeld slikt! Eg har lese og brukt oppskrifter på langt meir avanserte syprosjekt enn dette, der eg forstår kvart eitt ord, så det er jo mogleg å få til. (Eg ser no at dei andre oppskriftene eg har frå Stoff og stil, er utforma på den same ordknappe måten. Kjem nok ikkje til å kasta meg over desse prosjekta på ei stund!)

Uansett. Eg er glad for at eg kunne testa ut oppskrifta på fôret, for det er jo ikkje så nøye om det ikkje blir fint. Eg brukte usynleg glidelås, for eg tykkjer det blir finast. Glidelåsen er sydd fast i botnen. 
Eg kjøpte mange fleire gram med isoporkuler enn det stod i oppskrifta, så sekken blei kanskje vel full av kuler. Men eg meiner å hugsa at 80-talssekken blei ganske så slapp i fisken etter ei stund, så eg trur ikkje det gjer noko. Dessutan er det bra med polstring når eigaren sjølv både vil hoppa, liggja og sitja i han. Så eg trur eg kan seia meg nøgd med resultatet, trass i ein del irritasjon undervegs.

7 kommentarer:

Gagn sa...

Imponert!! No gav du meg kjempelyst til å gjere det same! Ser føre meg at ein saccosekk slår godt an for små gutar :)
Skal på Stoff og Stil om eit par veker (jippi, ikkje så ofte me er på slike trakter), så då skal eg få tak i isoporkuler og (dårleg) mønster. Håpar eg kan få spørje deg dersom eg skulle stå heilt fast..

SURRESILJE sa...

Nå følte jeg litt at glansen forsvant over mitt jegharsyddenbukseoppned-innlegget mitt. Mitt andre syprosjekt. Bruke og mønster fra stoff og stil, og leste de få ordene maaange ganger. Og siden jeg ikke har sydd noe før ble alt feil vei. Så glad det er fler enn meg som sliter. (selv om en saccosekk er hakket mer avansert enn en bukse..) fin var den ihvertfall!

Kine sa...

FINT møbel og FIN gutt!

Bøllemamma sa...

Så flott den blei, likte stoffet du brukte.
Jeg har også tenkt litt på å lage en saccosekk, og det skjer kanskje plutselig en dag. Skjønner at jeg ikke burde bruke stoff og stil sin oppskrift.

Tøybleiemamma? sa...

ÅÅÅ, meg også vil sy sakkosekk...eller vil i alle fall ha. (vet ikke helt om jeg vil sy selv, men veldig ok å vite hvilken oppskrift en ikke bør bruke). Den var kjempefin. Søstra mi og jeg hadde og sånne skaisakkosekker. I rosa og mint. De ble rimelig slakke med tiden ja.

Mariann T. sa...

Forresten var også strømpebuksa veldig fin, og perfekt for min krabat som jobber med ulike måter å komme seg fremover på. Vet du hva slags merke det er og hvor du kjøpte den?

Ragnhild sa...

Gagn: Takk! Mønsteret er nok ikkje verre enn at du greier det, men berre spør dersom du lurar på noko:-) Eg ser at Stoff og stil har seks (!) ulike mønster på sekkestol no. Eg brukte dette: http://www.stoffogstil.no/Katalog/Monstre.aspx?group_id=1237.

Surresilje: Hehe, men då greier du det fint neste gong, skal du sjå;-)

Kine: Å, takk!

Bøllemamma: Eg trur du greier det fint, altså. Hovudproblemet for meg var at eg ikkje forstod kvar glidelåsen skulle vera. Og så stod det ingen råd undervegs, det sakna eg. Men du greier det!

Tøybleiemamma: Sukk, mintgrøn saccosekk i skai! Det hadde vore noko det!:-D

Mariann T.: Det er veldig bra strømpebukser (i ull). Kjøpte dei på Bogerud tekstil, men merket er Safa, så dei blir nok selt i fleire kjeder. Dei finst i mange fine fargar: http://www.safa.no/product/category.aspx?menu1=2&accid=1&accsubid=11&id=556b&page=2