23. mai 2009

Frå mørkeloftet #6

Russetida er vel over for dei fleste no, og skuleavslutningane er rett rundt hjørnet (dei sluttar så tidleg no til dags!) Då kan det høve med ei helsing til russen frå ei heilt anna tid, nemleg 1968. Det er vel ikkje så mange rektorar som skriv slik lenger. Eller som har det same skarpe blikket.

Frå minneboka til russen ved Orkdal landsgymnas (= Follorussen) 1968

5 kommentarer:

Torunn sa...

Så artig. Tidene endrar seg, ja, det er det ingen tvil om. Ynskjer deg og dine ei flott helg!

Mette Løkeland sa...

Hm, no byrjar eg å lura på kva vår gamle rektor skreiv i russeavisa til Follorussen i 1991. Eg meiner å hugsa det var hans avgangsår også. Litt trist at eg plutseleg ikkje ein gong hugsar namnet. Men akk, det er jo så lenge sidan.

Ragnhild sa...

God helg til deg også, Torunn!

Mette: du får finna fram minneboka di, det har sikkert gått såpass mange år at du finn nokre gullkorn der òg:-)

rypa sa...

Faktaboks: Trygve Ræder var gift med Gudrun, som var syster til bestefar til mannen min. Og den bestefaren heitte elles Oddmund Hoel.

Ragnhild sa...

Ja, eg visste om at det var noko slektskap der, rypa. Mamma var jo lærar på Follo på 60-talet, og eg hugsar både Trygve og Gudrun frå då eg var lita, då vi var og besøkte dei i Trondheim. Gudrun levde jo ein del lenger, så eg hugsar henne best. Leika med eit barnebarn, hugsar eg, men eg hugsar ikkje kva ho heitte. Mamma var elles bestis med Halldis Hoel, som døydde på 1-årsdagen min (ikkje at eg hugsar det, men.) Kvar kjem ho inn i biletet? Var ho tanta/gamaltanta til Oddmund?