16. april 2009

Det er dette du drøymer om

I morgon reiser vi til Jostedalen på test og fest! Dei som lurar på kva det inneber, kan gå til Jostedalendiggiloodiggileinettstaden og lesa både om test og fest og om Jostedalen. Eg er litt seint ute med å oppmoda lesarane om å bli med vestover, men eg gjer no det likevel. Det er plass til ein person til i bilen, ved sidan av karseplanten (jf. førre blogginnlegg). Vi reknar med å bruka 6–7 timar på køyreturen frå Oslo, og jo nærare du bur Jostedalen, jo kortare tid brukar du på å koma deg dit. Eh ... logisk nok. Men poenget er at det ikkje er langt dit dersom du bur ein eller annan plass sør for Trondheim.

MEN Jostedalen ligg laaangt inne, inst og langt unna storbyen. På nettstaden ligg det flust av idylliske naturbilete, særleg av ski, snø, isbrear og slikt, som dokumenterer det. Eg skal difor i staden visa nokre glimt av Jostedalen frå innsida, nærare bestemt av heimen til snille Marit og Even, som vi skal bu hos. Eg meiner slike bilete er minst like god Jostedalsreklame som det skispor er.

Ok, de får godta litt snø på dette biletet. Det er berre for å visa huset frå utsida. Huset har to etasjar og så mange rom at eg kjem ut av teljinga når eg prøver å hugsa kor mange det var. I Jostedalen er det mogleg å kjøpa smarte hus som dette for under 1 million NOK. Dette huset kosta 1 mill.!!!

Lat oss gå over til viktigare ting: interiøret. Her ser vi litt av stova (ei av dei). Legg særleg merke til det fænsy golvet. I Oslo kostar det flesk å leggja slikt golv, men i Jostedalen fekk dei så bra deal at dei ikkje ruinerte seg på det. Heile huset har slikt golv. Då har ein råd til designlampe!

... og ein får råd til å trekkja om gamle stolar. Legg merke til morgonsola (gratis) som kjem inn gjennom dei smart plasserte vindauga.

I Jostedalen bur det mange ungar! Her ser vi to av dei. Ungar i Jostedalen går ikkje berre på ski, dei ser på tv òg. Legg merke til endå fleire lekre stolar. Vi skimtar fjella utanfor, men det er ikkje det viktigaste her.

Ja, på bui kan ein kjøpa det same som på Meny på Oslo City. Og er det ikkje ei designlampe her òg, skal tru? Kyllingen i taket er eit prov på at dei har barnehagedekning.

Eg har diverre ingen bilete av badet, men det blei pussa opp for ein slikk og ingenting (100.000 NOK), sjølv om dei valde dei dyraste flisense som var å oppdriva på Vestlandet. Badet som dei pussa opp i kåken i Oslo (og som var mykje mindre enn jostedalsbadet), kosta det same, endå dei valde dei billegaste flisene.

... og slik kunne eg ha halde fram. Men eg reknar med at poenget er oppfatta. Eg avsluttar i staden med bilete av huset til naboane, nærare sagt huset til Rypa og Husbonden:

Dette huset er nytt, då. Og større. Men tomta var gratis. Og då har ein råd til to bilar! (Det stemmer det, Eli? Ikkje øydelegg poenget, plis ...)

No skal eg bruka nokre nattlege timar på å pakka. Fotoapparatet blir med, kanskje kjem det fleire interiørtips over helga!

3 kommentarer:

Marit sa...

Lampene er frå Ikea, og alle pengane me har spart på billege, skattebetalande handtverkarar har me brukt på sportsnett...

rypa sa...

Det stemmer det, Ragnhild. Eg må elles seie at eg synest snøen på taket vårt er imponerande. Vel møtt i dalen!

Ragnhild sa...

Men de KUNNE hatt råd til designlamper, då, Marit:-)


Ja, det var nok snøen på taket som var motivet, Eli. Han var verkeleg imponerande!