26. april 2009

Frå mørkeloftet #5

Denne gongen: ei åtvaring frå Husmorboka. Men altså: når ein skal kosa seg med ei god bok, kvifor velja kjøkkenstolen? Det har vel noko med tidsepoken å gjera, kanskje. I alle fall: eg testa ut denne stillinga, som altså boka ikkje tilrår å ikkje i. Eg tykte det kjendest heilt ok ut å sitja slik, men kanskje ikkje i mange timar. Og det med at det blir "sterkt press på undersida av låra", forstår eg verkeleg ikkje poenget med å skriva. Kva kan det føra til? Lårslitasje?

1 kommentar:

rypa sa...

Dette ser klart verst ut for nakke og veikryggen (eller 'korsrygg', som det heiter på majoritetsspråket).