19. desember 2007

Sidemålet: ei oppsummering

Skulane som har vore med på det legendariske lat-oss-sleppa-å læra-nynorsk-prosjektet i hovudstaden har no sendt inn rapportar om korleis dei har arbeidd med sidemålet, utan å læra det, åf kårs. Den eine skulen, som hadde gjennomført heile TO festdagar for sidemålet (der dei gjekk i bunad på den eine festdagen), utlyste ei tevling mellom elevane, med denne problemstillinga:

Hvordan style den tradisjonelle lusekofta/skigenseren til et moderne antrekk?

Rapporten fokuserer på at nynorsk = bunad, lefse, lusekofte, MEN at det går fint an å modernisera desse uttrykka. Vi kan til dømes stappa parmaskinke inn i lefsa, og vips: vi får noko moderne! Eg skjønar ikkje heilt sambandet til nynorsk her, men dei prøver seg med ei forklaring:

Vi vil ha elevene bort fra ideen om et arkaisk språk som ikke fungerer i dagens samfunn. Gjennom metaforen lusekofte – fikk vi demonstrert det.

Hæ? Metaforen lusekofte??? Eg trur ærleg tala det er enklare å berre læra seg å skriva dette sidemålet.

1 kommentar:

Anonymous sa...

Metaforen lusekofte, ja, den er jo opplagd! Himmel og hav. Og dette er altså skrive av dei som skal utdanna neste generasjon - jammen ikkje rart elevane slit!