18. desember 2007

To matrettar eg saknar

KNYPSUP (eller nypesuppe, for dei tungnæme)
Denne suppa spela ei viktig rolle i livet mitt på 80-talet. Det var obligatorisk å eta knypsup saman med pannjkak. Suppa er ikkje lenger å sjå i butikkane, og det forundrar meg. Suppa var nemleg både full av smak (søt) og farge (oransj), og ho passa både til søtmat og saltmat.

HØN (eller høne, for dei særs tungnæme)
Søndagsmiddag! Høna måtte kokast i mange timar. Hønlukta sette seg i heile huset, og det lukta høn av kleda mine i fleire dagar. Vart servert med kokte poteter, kokt gulrot og ein fantastisk god saus, laga av sosen som høna vart kokt i. I det høna stod på bordet, sa mamma alltid at dette var sunt, det. Men høna er altså borte frå marknaden. Det tek nemleg for lang tid å ala opp kjuklingar til å bli god hønemiddag.

Det hadde nok vore von om overleving dersom rettane hadde blitt ein viktig del av noko større. Td jula sine mattradisjonar. Pinnekjøtet kjem nok ikkje til å forsvinna med det første (heldigvis!) Eg trur knypsupå kunne passa inn i feiringa av Halloween (mest pga fargen). Eg trur høna kunne vore like bra som kalkun på nyårsaftan, men eg redd kalkunen er komen for å bli. (Sjølv får eg assosiasjonar til Mr. Bean sin kalkun når eg ser denne fuglen, og det er jo god nok grunn nok til å føretrekkja høn)

1 kommentar:

Rangla sa...

Artig å lese at du saknar høne, for det gjer eg også. Eg og mamsen leita rundt etter høne her i Oslo for eitt års tid sidan, og då leita vi lenge. Men vi fann den til slutt i kjellaren på Gunerius! Tenkte eg skulle blogge om oppskrifta på hønsefrikassé som var ein av mine absolutte favorittrettar då eg vaks opp så eg håpar dei framleis har høne på Gunerius...! :-)