å gå i bikini frå tidleg om morgonen til eg stuper i seng lenge etter midnatt
å eta jordbær
... hm, denne gleda er det manko på i oslokvardagen, nemleg båtturartil holmar og skjer som ein har heilt for seg sjølv. Men heldigvis er det berre å gle seg til heimreise om nokre veker!
Det var det første eg sa i dag tidleg då eg såg overskriftene om at Michael Jackson var død. Pressa kjem vel til å fråtsa i spekulasjonar dei næraste vekene, can't wait ...
Dei første vage minna mine om Michael Jackson er at han reklamerer for Pepsi, og at han seier han vil bli nedfrosen etter at han er død for å bli forska på. Trur det var i 1988.
Eg skreiv særoppgåve i musikk om Michael sånn omtrent i 1989, hugsar eg. Eg skreiv oppgåva saman med Kamilla, og eg hugsar at vi hadde sånn før- og etter-bilete av andletet hans, og at vi skreiv at han nekta for at han hadde operert kløft i haka. Eg hugsar at eg så gjerne ville tru på han ... men det var litt vanskeleg. Og det blei vanskelegare og vanskelegare med åra ...
Det næraste eg har vore Michael, var då eg var i Salvador (Brasil) i 1996. Då gjekk vi rundt i dei same gatene der Michael nettopp hadde spelt inn den siste musikkvideoen sin, saman med unge og vaksne knytte til kulturorganisasjonen Olodum, som arbeider mot rasisme, særleg rasisme som råkar afro-brasilianarar. Vi var der nettopp for å vitja Olodum, og dei snakka mykje om denne musikkvideoen, som veldig mange hadde vore med og spelt inn. Vi møtte ein liten gut som hadde vore med i videoen (eg tok eit bilete av han, til og med), og som hadde fått skikkeleg heltestatus i ettertid. Han såg ut som ein liten Michael look-a-like, med mørke solbriller og rasta-aktig hår og det heile. De ser eit glimt av han etter 5.31 minutt i videoen, som ligg her. (Og eg kjøpte sjølvsagt Olodum t-skjorte, lik den eine som Michael har på seg i videoen.)
Så fine traktorar bør nok tjorast godt fast her i storbyen. Dei veks ikkje akkurat på tre, så dei er nok attraktive for traktortjuvane ved Oppsal-senteret, der plakaten hang på ein trestamme. Eg skal halda augo opne, i alle fall. Er litt nyfiken på finnarlønna.
Det gjekk ikkje opp for meg før seint i ettermiddag at det var den dagen i dag. Slik går det når ein ikkje bur heime lenger. I barndommen var St. hansaftan ein viktig dag. Då var skulen akkurat slutt, og det var bålbrenning neri fjørå, eting og atter eting, bållukt av klede og hår, og det var lov å drikka Solo. Eg har eit Solo-biletprov liggjande ein plass, men finn det ikkje nett no. Difor dette fotoet i staden, teke av pappa på 60-talet ein gong. Eg trur det er St.hans, men er ikkje heilt sikker. Himmelen brenn, i alle fall. Dårleg kvalitet på skanninga, men stemninga er nok mogleg å ta til seg likevel. Det er båttur uti havgapet, mat i kjølebag og på svaberg. Sukk, ekte nostalgi!
Spinatsuppe er sunt. Det har eg lært av Skipper´n. Så då vi oppdaga fersk spinat på Smart Club som lokka med oppskrift på baksida av posen, gjekk vi sjølvsagt rett i garnet/baret. Dette var oppskrifta:
Eg vurderte faktisk å senda eit aldri så lite klagebrev. Ikkje først og fremst på grunn av alle orddelingsfeila og andre openberre rettskrivingsfeil (det krev eit eige brev), men på grunn av sjølve oppskrifta. Dette er nokre av dei mange spørsmåla som melde seg undervegs i matlagingsprosessen:
Det står at ein treng 300 gram spinat. Posen var på 250 gram ... Salstriks eller rett og slett dårleg planlegging? Vi la ikkje merke til det før vi kom heim, men 250 g gjekk jo fint det òg (... det blei ikkje akkurat mangel på spinat, jf. biletet nedanfor).
Kva er forskjellen på "Fersk basilikum" og "1/2 potte basilikum"?
Kor mykje er "2 1/2 cremefraice"? Er det 2 1/2 boksar, skeier, dl ...?
Kvifor må spinaten "tørkes tørr med husholdnings papir" når han likevel skal oppi suppa og bli våt som berre det?
Kvifor må eigentleg "cremefraiche" og kvitvin blandast med ein stavmiksar? Poenget er vel at ingrediensane berre skal blanda seg, og det går jo fint med å berre røra dei saman. Eller var det meininga å vispa blandinga ei stund, slik at han blir "luftig", som det står i overskrifta?
Eg forstod ikkje heilt poenget med å varma oljen "til den svir en fyrstikk". Korleis gjer ein det? Skal ein halda fyrstikka over oljen og venta på at ho blir svidd? Eller tek fyr?
Vi følte vel eigentleg at det blei litt ekstragavant å pynta suppa med fersk basilikum i og med at ho blei sjåande slik ut (vi hadde oppi pinjekjernar pga "tips" bakpå posen):
... men eg skjønar jo at det gjer seg med litt basilikum på toppen dersom det var meininga at suppa skulle sjå slik ut (!!!):
Ja, og då lurar vi alle på: kvar har det blitt av spinaten (3o0 gram, faktisk)???
Suppa var eigentleg god på smak (smakte fiskesuppe), men det var litt vanskeleg å få i seg spinatblada utan å splætta suppe over heile seg. Og spinaten smakte eigentleg ikkje så mykje. Men det funka bra med kvitvin til. Og pinjekjernane var uunnverlege (kvifor kunne ikkje dei vore ein obligatorisk del av oppskrifta?). Og trass i trongen til å skriva eit aldri så lite brev til produsenten, Elstøen gartneri, trøysta vi oss med at det i alle fall var sunt!
I går hadde eg bror på besøk, og etter at vi hadde vore innom fotobutikken Fotovideo og konstatert at "Norges største fotobutikk" definitivt ikkje er den beste fotobutikken, gjekk vi spontant innom UFF i Storgata for å sjå på bruktklede. Og DER fann eg ein fantastisk kjole til 200 kr! (Konsulenten min, Herr Bror, tykte han var kjempestygg ... dårleg smak) Sjekk da:
Til forskjell frå mange gamle bruktkjolar er han ikkje laga av tjukt, syntetisk materiale. Han er laga i eit superlett og fluffy tøystoff, perfekt til varme sommardagar! Og fargane er jo dritfine! Anar ikkje kva tøystoff det er, for han inneheld ingen vaskelapp. Dette er nemleg ein heimesydd kjole! Det er lett å sjå på saumane også. Endå ein grunn til at eg fall pladask. Kven har sydd denne kjolen? Kven har brukt han? Eg trur syerska har sydd ein del, for det er nøyaktige saumar. Og kjolen ser velbrukt ut, utan at han er utsliten.
Det er knyting bak: Eg må sy han litt inn i sidene, og så må eg leggja han opp 5 cm, men det er no det minste problemet. Han er perfekt!
Ein detalj frå bringa:
Eg har eigentleg aldri vore særleg hypp på å sjå ut som ein sommarfugl, men desse ermane godtok eg, trass i at det er hakket før ein lettar i kjolen. Eg likte veldig godt det høge, stramme livet i kombinasjon med ermane. Herleg snitt, rett og slett! Og tanken på at ein SÅ fin heimesydd kjole lever vidare, er sjølvsagt den aller beste!
The Specials: The rat race Denne låta har det meste: kul rytme, fin melodi, herleg trommespeling, gode vokalar, ein glimrande video (eg diggar særleg uttrykket til han mørke trommisen i starten) ... og ikkje minst: ein meiningsfull tekst. Eg dedikerer songen til alle som gjer det godt på bullshit bingo (jf. tredje strofa). Syng!
You're working at your leisure to learn the things you'll need The promises you make tomorrow will carry no guarantee I've seen your qualifications, you've got a Ph.D. I've got one art O level, it did nothing for me
Working for the rat race You know you're wasting your time Working for the rat race You're no friend of mine
You plan your conversation to impress the college bar Just talking about your Mother and Daddy's Jaguar Wear your political T-shirt and sacred college scarf Discussing the worlds situation but just for a laugh
You'll be working for the rat race You know you're wasting your time Working for the rat race You're no friend of mine
Working for the rat race You know you're wasting your time Working for the rat race You're no friend of mine
Just working at your leisure to learn the things you don't need The promises you make tomorrow will carry no guarantee I've seen your qualifications, you've got a Ph.D. I've got one art O level, it did nothing for me
Working for the rat race You know you're wasting your time You're working for the rat race You're no friend of mine
Dette biletet blei teke 22. mai 1988, altså ganske nøyaktig for 21 år sidan. Det er ikkje til å tru! Eg var 12.5 år og gjekk i favorittantrekket mitt, som eg gjekk i heile tida ein periode. Lat oss analysera det vi ser på dette kulturminnesmerket:
Den stripete genseren var Levi´s (som eg enno ikkje hadde fått eit forhold til), og eg arva han frå eit søskenbarn.
Den gulblomstrete tightsen var eg berre SÅ glad i. Kjøpte han på ein ferietur, trur eg. Han blei heilt tynnliten til slutt og blei stadig mindre gul.
Den merkelege vesten fann eg i klesskåpet til mamma, og eg trur eigentleg han var lysegrøn, men at han var heilt utvaska.
Eg har kvite seglarsko, som eg måla over flekkvis med rosa måling i same slengen som vi måla eit klasserom rosa (barnearbeid).
Håret: ja, det var raudt, og eg har fletta det i våt tilstand og sove med flettene, slik at eg fekk gratis permanent. (Og eg dreiv og sparte til langt hår – eit uendeleg prosjekt.)
Sigmund har tradisjonell gute-outfit frå 80-talet: sporty jakke, joggebukse og joggesko. Han sydde joggebuksa i forminga (ja, namnet hans står på låret), og han står tradisjonen tru med capsen i handa fordi pappa bad han om å ta han vekk under bilettakinga for å hindra skugge i andletet.
Biletet er teke på den vesle øya Kuli (trur eg) på nordmørskysten, med flate Smøla i bakgrunnen – enno fri for vindmøller, men ikkje fri for vind. (Eg veit ikkje om eg skal vera for eller mot vindmøller, det er eit heftig ordskifte som eg ikkje har teke stilling til enno.) Som vi ser, dreiv dei og bygde bruer den gongen, og eg trur det er frå brusambandet som knytte Edøya og Kuli til Smøla. (Brusambandet blei opna i 1989.)
Russetida er vel over for dei fleste no, og skuleavslutningane er rett rundt hjørnet (dei sluttar så tidleg no til dags!) Då kan det høve med ei helsing til russen frå ei heilt anna tid, nemleg 1968. Det er vel ikkje så mange rektorar som skriv slik lenger. Eller som har det same skarpe blikket.
Frå minneboka til russen ved Orkdal landsgymnas (= Follorussen) 1968
Nei, øko- og gjenbruks-varer er ikkje alltid gråe, beige, kvite, formlause og triste. Her er ein collage av diverse miljøvennlege produkt eg fann på nettet: Den runde lampa nedst til venstre er berre genial. Ho er laga av ulike fargerike plastikk-ting (nokre vil kanskje kalla det søppel) som kunstnaren Stuart Haygarth har funne. Fantastisk bruk av gjenbruk! Her kan du lesa meir om lampa og kunstnaren. Og andre ting han lagar av det folk kastar.