22. desember 2009

Førjulstankar

Det har vore dårleg med blogging i desember, gitt, sjølv om eg eigentleg har hatt god tid til å blogga. Og eg har hatt nok av emne å blogga om. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på emne som har med handarbeid og andre diller å gjera. Det som irriterer meg oftare og oftare, er at eg ikkje kan skriva kva som helst her inne. Det å blogga om strikking og mat og daglege syslar er ganske snilt samanlikna med kva eg eigentleg har lyst til å blogga om mange gonger. Eg har mykje på hjartet om andre emne også ... emne som engasjerer meg, som provoserer meg – emne som gjer at eg får ein enorm trong til å uttrykkja meiningane mine. Det er ofte vanskeleg å vita kvar grensa går mellom kva eg kan seia og ikkje. Eg har fått mange nye tankar om norsk skule, f.eks., etter å ha arbeidd som lærar i haust. Men det er ikkje så lurt å skriva alle tankane mine når alle kan lesa det – foreldre, lærarar (elevane er nok ikkje så gode på å finna fram på det store Internettet enno) ... Innimellom lurar eg på om eg må venta til eg blir pensjonist med å ytra meg. Det er litt keisamt å venta. Og når eg blir pensjonist, er eg sikkert ikkje så sint lenger, heller. Og ingen bryr seg om kva pensjonistar seier. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg skal tenkja på det.

4 kommentarer:

Little Man From Another Place sa...

Nei, det er rart med det. En lærer har ikke ytringsfrihet før han er(under dagens system) 61 år og 9 måneder...

Ragnhild sa...

Ein har jo ytringsfridom, men kan kanskje ikkje uttala så mykje offentleg om den skulen ein er lærar på ... Men etter jul byrjar eg i ny (lærar)jobb!

Ingvild sa...

Skjønar kva du meiner. Ikkje alltid lett å vere journalist, heller. Me har jo ytringsfridom, men det er ikkje berre berre og plumpe ut med kva som helst når ein skal vere lokalavisjournalist på ein liten stad.

Ragnhild sa...

Det skjønar eg, Ingvild. Eg kunne nok aldri ha vore journalist:-D