For den med liten kjennskap til fromasj, kan denne vesle Wikipedia-snutten vera klårgjerande:
Fromasj er en dessert av krem som er stivnet med gelatin. En fromasj kan ha forskjellig smak etter hva som er puttet i den. For å få en appelsinfromasj er det nødvendig å ha appelsin i fromasjen. For å få en sjokoladefromasj må man ha oppi smeltet sjokolade i fromasjen. For å få en vellykket fromasj, er det nødvendig å kunne bruke gelatinen riktig.
Lat oss lista opp fordelane med denne velsmakande desserten:
- Du kan laga fromasj med akkurat den smaken du vil, alt etter kva du likar, alt etter kva du har, og sjølvsagt alt etter kva årstid det er: jordbær, bringebær, sitron (ein favoritt!), appelsin (også ein favoritt!), mango, solbær, blåbær ...
- Det einaste du treng i tillegg til smaken, er gelatin, vatn, egg, sukker og kremfløyte
- Konsistensen på fromasj er fantastisk! Skikkeleg fluffy og fin!
- Fromasj smakar friskt/syrleg (i alle fall dersom du vel ei frukt og ikkje sjokolade som smak)
- Fromasj får fantastisk farge uansett kva du har oppi
- Fromasj passar godt saman med frukt, vaflar, kjeks, bollar ... ein fleksibel dessert, altså (men samstundes: Ein treng ikkje eitt einaste tilbehør – retten står godt på eigne bein)
- Fromasj står seg fint i kjøleskåpet nokre dagar, så det er ikkje farleg om det blir restar
- Fromasj er enkelt å laga (sjølv om det kan høyrast vanskeleg ut når Wikipedia-artikkelen seier at det er viktig å bruka gelatinen riktig)
- Viss du serverer fromasj i eit selskap, får du garantert overraska og glade gjester
Og her er oppskrift på appelsinfromasj, for den som vil prøva seg. (Det var ikkje akkurat denne oppskrifta mamma brukte, men det er vel rimeleg likt.)






