23. mars 2010

Om motivasjon

Dei siste åtte vekene har eg trena to gonger i veka på SATS, som altså blei det nye treningssenteret mitt etter jul. Senteret har lokka med "en fin overraskelse", og etter kvart som vekene har gått, har eg samla stadig fleire stempel i eit lite kort. Eg har tvinga meg på trening dei gongene eg har vore sånn passe motivert, berre fordi eg har sikla etter å få stempel i kortet mitt. Sånn såg kortet mitt ut før den siste og avgjerande treningsøkta sist søndag:


Eg visste jo eigentleg at det ikkje kom til å vera ei stor premieutdeling med dunder og brak, men eg må innrømma at eg var litt spent då eg opna den avlange boksen med SATS-logo på.
– Det er noko som kan koma godt med på trening, sa ho i resepsjonen. Aha! Kanskje det er ei pulsklokke, tenkte eg. Den avlange, smale fasongen på boksen styrkte meg i trua. Men det var nok inga pulsklokke. Premien var ein søt, liten handduk – ein litt avlang vaskeklut, trur eg vi kallar det – og eit sveitteband. Med SATS-logo på, sjølvsagt. Eg må innrømma at eg blei litt overraska. Stod dette i stil til hardslitet eg hadde vore gjennom dei siste åtte vekene? Eg blei pittelitt skuffa med det same, men det gjekk fort over, altså. Eg tok med handduken/vaskekluten på aerobic-timen, og han kom godt med, faktisk. Så lurt, det var jo ein liten sveittehandduk! Praktisk! – lett å ta med i den fine SATS-bagen (som eg fekk då eg meldte meg inn).

SATS er gode på merkevarebygging, men dei er også gode på å motivera til meir trening. Den største motivasjonen min for å trena, var eigentleg ikkje den vesle overraskinga, men å fylla kortet med stempel. Det ville vore eit stort nederlag dersom eg ikkje greidde å fylla det. Eg skulle gjerne hatt eit kort til å fylla, sjølv om eg ikkje får noka pulsklokke i premie. Det er noko med å sjå alle stempla nedover på kortet. Det visuelt tilfredsstillande. Så no prøver eg å halda oppe treningsfrekvensen ved å tenkja meg at belønninga er større enn det alle handdukar og pulsklokker kan gje meg.

2 kommentarer:

Anonymous sa...

Haha - eg likar å lese om andre som lar seg lure. Eg heng også med på desse kortene. Føler det nesten som eg er tilbake på søndagsskulen. Samle stempel og glede seg til premie. Må seie meg einig i at innholdet i den stilige boksen ikkje stod i forhold til forventningane. Har forresten både paraply og drikkeflaske som eg har skaffa meg å same måte. Paraplyen får eg nok god bruk for denne påska.
Ønskjer deg ei riktig god påske. Håper du finn noko fint på loftet. Finn du 4 spisestuestolar i teak så tar eg gjerne dei. Helsing Jorunn

Ragnhild sa...

Hei, Jorunn!:-) Eg skjønar det gjeld å vera med i SATS i fleire år, slik at eg kan få eit heilt arsenal av gadgets. Eg har nok verken paraply eller drikkeflaske frå før.

Det er nok ikkje så mange stolar i teak på loftet, men eg kan by på gamle sofastolar frå 60-talet. God påske!