31. juli 2014

Strikk for livet

Her er eg! Det har vore ein travel vår og ein sommar nesten utan internett (godt!), men no skal eg prøva å blogga litt att (kanskje). Eg har litt på hjartet (trur eg).

På strikkefronten har det skjedd ganske mykje òg. Mange strikkarar har jo heilt sikkert høyrt om Strikk for livet allereie. Eg har hatt som mål i år at eg skal få brukt opp mykje restegarn eg har liggjande, og då då blei Strikk for livet ei genial løysing. NB: Dei har lagt ut veldig enkle strikkeoppskrifter på pledd, genser, lue og sokkar på nettsida si, så det er mogleg å strikka for dei som ikkje har strikka mykje før òg.

Eg byrja med eit pledd, men eg brukte oppskrifta på På veg helseteppe frå Pickles. Eit fantastisk artig mønster å strikka, som gjekk superfort på tjukke pinnar. Og eg fekk brukt opp haugevis med garn i Extra fine merino (også frå Pickles), som er eit utruleg mjukt og godt ullgarn. Eg strikka til eg var tom for garn i kvar farge. Den lyseblå fargen er eit heilt nøste, faktisk.

Pleddet blei ganske stort. Som det er mogleg å sjå, fekk 4-åringen god plass under det. Og så strikka eg nyføddgenser og nyfødd-lue, som poden også viser fram (men ikkje fekk på seg ...). Då brukte eg oppskriftene til Strikk for livet, og eg brukte babyull frå Dalegarn.
 




























Rart (og godt!) å tenkja på at garnet mitt kan koma til nytte for nokon som verkeleg treng det!

2 kommentarer:

Magiske pinnar sa...

Så fint! Eg vart så inspirert at eg grov fram restegarnet mitt og har til no strikka to huer og starta på eit babyteppe. Verkeleg kjekt å kunna strikka og vera til nytte samtidig. :-)

Ragnhild sa...

Hei, magiske pinnar!:-) Så bra du blei inspirert! Ha ei framleis god helg!