22. oktober 2010

Strikkebommert

Då Tryggve blei fødd, byrja eg å strikka ein vest frå Nøstebarn-boka som eg tenkte kunne bli fin å bruka på julaftan. For eit par veker sidan blei eg omsider ferdig – ja, til og med bittesmå strikkeprosjekt tek tid når ein har ein liten baby i hus. Her viser veslingen fram vesten:

Eg har jo sett kor mykje den fine guten har vakse og innsåg fort at det ikkje kom til å bli nokon vest med loose fit. Eg har heile tida tenkt at ribbestrikken i vesten skulle gjera plagget tøyeleg. Men nei, vesten er alt for kort og han strammar alt for mykje til at det er behageleg å ha han på. Så dette blei ein strikkebommert, gitt! Eg innser at eg er nøydd til å strikka mykje større enn eg trur. Guten er kjempestor for alderen, og han blir berre større og større, reknar eg med, så her er det nok berre å strikka storleik STOR med ein gong.

Tryggve var raskt ute med å testa garnkvaliteten og verka eigentleg ganske nøgd:
Eg trur likevel vesten skal få ein ny eigar.

Det neste strikkeprosjektet er ein fantastisk fin genser til den same heldige eigaren som over, og denne genseren byrja eg på i vår ein gong. Eg håpar eg rekk å bli ferdig slik at han rekk å bruka han!

5 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Så fin vest og gutt :O)
Ja, den ser i snaueste laget ut...*ler*..
Men du kan jo strikke den noen str større, for vesten avr veldig fin :O)
God helg!

Ragnhild sa...

Ja, det må bli ein del storleikar større dersom eg skal strikka ein ny;-)

Tøybleiemamma? sa...

Utrolig fin vest! Jeg må nok gå til innkjøp av den nøstebarnboka (evt gi i julegave til mormora) for der er mye fint. Vi har vært litt mer andre veien. Fått strikka (for jeg er ikke så flink til det) ALTFOR stort.

Jorunn sa...

Øj så fin den vart. Tryggve har jo DEN fine Nøstebarn-bodyen også da, i kobinasjonen ull/silke :-)

Ragnhild sa...

Ja, Nøstebarn-strikkeboka er kjempefin! Kan absolutt tilrå den, altså!

Ja, Jorunn, Nøstebarn har både fine bodyar og oppskrifter;-)