2. oktober 2009

På rammejakt



(Du bør klikka på bileta for å sjå dei i stort format)

Desse fotoa er frå 1980, og kven skulle tru det? Rett nok er det mogleg å sjå at bileta ikkje blei tekne i fjor, men eg er likevel imponert over fargeattgjevinga og biletkvaliteten, eller rettare sagt kvaliteten på negativa. Dei har halde seg så godt at skanninga går utan problem. Og kvadratisk biletformat er så fint! Eg skal gå i gang med å framkalla og henga opp foto frå fortida, og eg er spent på om eg finn rammer som passar perfekt til foto som desse (også svart-kvitt-foto), og som ikkje kostar skjorta. Og som eg ikkje treng å ta med til rammebutikk for å få ramma inn. Dersom nokon har tips til kvar ein kan få kjøpt enkle, gjerne svarte, smale rammer, som passar til kvadratiske foto, rop ut!

7 kommentarer:

Torunn sa...

Nydelege bilete!! Ha ei fin helg.

Ragnhild sa...

Jepp, herlege fotos frå barndommen:-) God helg til deg òg!

Kort og Søm sa...

Supre bilder!!
Ikea har vel svarte rammer skulle jeg tro!?
Fredrikke :o)

Little Man From Another Place sa...

Veldig koselige bilder!

Ragnhild sa...

Ja, Ikea har fine rammer, men det er berre tjukke rammer, trur eg? Så fint at de likar bileta, det gjer eg òg. Eg får seia takk på vegner av mamma og pappa:-)

rypa sa...

Du hadde sånt hår då eg vart kjend med deg. Nittennittifire. Du liknar på Tonje Glimmerdal.

Ragnhild sa...

Eg hadde vel ikkje SÅ tjukt hår i 1994, og eg hadde heller ikkje sånn der pannelugg, men raudt, det var det! Eg MÅ få tak i Tonje Glimmerdal! Eg kan ikkje venta med å lesa boka. Takk for komplimentet:-D