8. februar 2010

Festlege strikkeprosjekt for beibiar

Det er veldig moro å sjå på gamle strikkeoppskrifter frå fordums tider. 60- og 70-talet har veldig mykje som eg kan tenkja meg å strikka. MEN 90-talet blir eg ikkje heilt ven med. Her er nokre godbitar for dei aller minste frå Garnstudio. Og alt er stort sett frå 90-talet, trur eg.

 På 90-talet skulle babyar ha store, upraktiske hovudplagg. 

Håret (same kor lite hår det var å ta av) skulle samlast i ein gigantisk strikk oppe på hovudet. Så å seia alle beibiane i denne katalogen har denne frisyren. (Genseren er fin, altså.)

Men beibiar med alt for kort hår treng ikkje å uroa seg. Det finst alternativ til hår i strikk! Nemleg hårband! Dette er eit godt eksempel på korleis ein kan pynta på ein beibi.

På 90-talet skulle kleda vera store. Alt for store. Dette biletet er freaky, altså. Kanskje fordi det ser ut som ein liten beibi i eit vaksen-plagg.

  
Enda verre! Huff og huff. Sjekk korleis beibien sit, da. Som ein vaksen!

Veldig fin sovepose, men er han ikkje hakket for stor? Ser veldig varm ut.

Nei, lat oss avslutta med noko ekte sukkersøtt. Ein kanin og ein kanin. Begge kaninane burde vore rosa, tykkjer eg. Den kvite passar ikkje inn. 

6 kommentarer:

MagFly sa...

Ja. 90-talet gjer litt vondt. Kvifor målte vi alle vegge gule t.d.?

Midtbo sa...

Haha. Vet ikke om jeg skal le eller grine. Kan jo bare være glad for at jeg slapp å være baby på 90-tallet. Fin blogg du har!

Ragnhild sa...

He-he, nei, 90-talet er ikkje lekkert:-) Heldigvis har vi mange andre tidsepokar til å bli inspirerte av!

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Grøss.

Kort og Søm sa...

*ler*..oj,oj..for noen strikkeplagg..
Klem Fredrikke :o)

Heilt spesiell sa...

Hei å hopp:)
Du kan kjøpe bodyen(e) for 260 pr stk:) Flott blogg du har!