4. august 2014

Ei oppsummering: livet som joggar

1. juli 2013 var dagen eg byrja å jogga. Dvs. dagen eg byrja å læra meg å jogga. Eg blogga om denne milepælen dagen etter. No har det gått litt over eitt år, og korleis har det gått? Planen var jo at eg i løpet av ni veker skulle greia jogga i 30 minutt samanhengande ved hjelp av den fantastiske appen Get running. Og ikkje minst: at eg skulle halda fram med jogginga etter dei ni vekene òg.

Og ja: Eg har greidd det! Sjølv om eg brukte meir enn ni veker. Appen hadde lagt opp at eg skulle jogga tre gonger i veka, og i byrjinga gjekk det svært bra. Det var sommar og perfekt joggevêr. Med hausten og ny jobb blei det litt meir travelt, men etter jul tok det seg opp att. Vinteren var jo så mild, og det var mogleg å jogga heile året. Og det som er så genialt med jogging, er at ein kan gjera det kvar som helst. Ein treng berre dei rette kleda ut frå årstida og eit par gode joggesko. Og mobilen. Så eg har jogga både heime og på ferie, både i fjor og i år.

Etter at eg hadde nådd målet om å jogga samanhengande i 30 minutt (20. januar), auka eg på. Då var eg ferdig med Get Running, så eg gjekk over til treningskompisen min RunKeeper for å måla kor langt og fort eg sprang. Eg heldt fram med å jogga i 35 minutt, før eg auka til 40 minutt. Og sidan mars i år har eg jogga i 40 minutt kvar gong. Rekorden min var 6.2 km før eg blei gravid, så etter det har eg sjølvsagt ikkje greidd å jogga så langt. No er eg nede i 5.3 km på 40 minutt, men det er eg svært godt nøgd med. Eg er halvvegs i svangerskapet, og eg ville aldri ha greidd å jogga så langt dersom eg ikkje hadde jogga på førehand.

Eg er så heldig at eg bur rett ved ein skogsveg som er perfekt til jogging. Dette er frå ein av
dei aller første joggeturane mine i juli i fjor – så då var det mest gåing og lite jogging.
I byrjinga var eg svært oppteken av å finna riktig joggemusikk, men etter å ha jogga i eit halvår, slutta eg med det. Det blei berre irriterande kvar gong det dukka opp ein song eg var lei av, eller som ikkje passa, og dessutan slukte Spotify straum frå mobilen. Og eg må jo ha straum til RunKeeper! Det å ha Run Keeper har ført til at eg konkurrerer med med meg sjølv og mi eiga tid kvar gong eg joggar. Det er ein heilt nødvendig motivasjon for meg for at eg skal greia å halda oppe tempoet, faktisk. 
Eg byrja med å kjøpa meg gode joggesko og joggeklede. Det var nemleg også ein viktig motivasjon! Eitt år etter er faktisk skoa utslitne, og eg kjøpte meg nettopp eit nytt par. 




Å jogga langs bringebæråkrar når sola går ned <3

Sommaren 2013 baud på veldig mange fine joggeturar – vêret var rett og slett fantastisk stort sett kvar dag.

Sti rett ved der eg bur. Alltid digg å gå opp her når joggeøkta er over.


Fine naturopplevingar har vore ein veldig bra bifeffekt av jogginga.


Denne elva har forandra seg mykje gjennom joggeåret, gitt – frå stor og brusande til lita og
puslete. Dette biletet tok eg i juli i fjor.

Joggetur under fullmånen i København sommaren 2013.

































Joggetur langs barndommens vegar var ei ny og uvant oppleving!

Hausten var fantastisk å jogga i! Det var godt at det ikkje var så varmt òg.

Dette er i Årdal, og det er er faktisk teke på (ein svært tung) joggetur 2. juledag 2013!
Ikkje eit einaste snøkorn ...




Då det blei vinter, investerte eg i ein isolerande joggetights. Eit bra kjøp!

Gjørmete og vått, men biletet er trass alt teke 4. januar, så eg skal ikkje klaga. 


Frå ein joggetur 25. januar, og det var framleis tørre vegar. Heilt merkeleg vinter! Men bra med tanke på jogging!

I februar kom det litt snø, og dette er frå den mest snørike joggeturen. Det gjekk faktisk heilt fint å jogga.

Dette biletet tok eg 3. mars – her var elva lita og puslete. Og vegen var tørr!


For litt over eitt år sidan var det utenkjeleg at eg skulle greia å jogga i 40 minutt utan å stoppa. Og eg var ikkje utrent, det var berre det at kroppen min ikkje hadde lært seg å halda ut på den måten. I byrjinga hadde eg veldig mykje sting, men det gjekk gradvis over.

Det er også utenkjeleg at eg skulle finna på å LIKA det å jogga, men eg trur rett og slett at eg har sett på det som keisamt fordi eg aldri har lært det og aldri har opplevd at eg meistrar det. No diggar eg å jogga!

Eg er spent på kor lenge eg greier å jogga no når eg er gravid, men eg held fram så lenge kroppen ikkje seier stopp. Og eg held fram med å jogga i 40 minutt så lenge eg kan.

Det neste målet mitt (etter fødselen, sjølvsagt) er at eg skal greia å jogga 10 km og ikkje bruka mykje meir enn ein time. Eg gler meg!

3 kommentarer:

Matilde sa...

Så inspirerende, og klapp på skulderen for at du har klart å opprettholde gode rutiner. jogging er gøy når man bare får litt utholdenhet :) 1 mil høres veldig langt ut for min del, men jeg blir inspirerert og får også lyst til å sette meg et mer langsiktig mål!

S I R I sa...

Halleluuja!

Ragnhild sa...

Takk for det, Matilde! Eg tykte òg at ei mil høyrdest langt ut for eitt år sidan. Men det tykkjer eg ikkje no;-)

Takk for inspirasjonen, Siri!!