31. desember 2012

Godt nytt år!

Det er tre timar att av 2012. Eg er heime hos mamma og pappa. På pinnane har eg God morgen-genser:
(Jepp, eg bytta garnfarge! Appelsin var ikkje heilt som forventa.)

I koppen har eg kaffi. På bordet ligg føtene mine. Poden søv. Ytre sett er det nesten som ein heilt vanleg kveld, med andre ord.

2013 blir eit heilt kreisi spanande år. Etter mange år i Oslo flyttar vi til Vestlandet. Eg håpar det blir bra. Bloggen blir med!

Eg ønskjer alle dei fine lesarane mine alt godt for 2013!

3 kommentarer:

Marit sa...

Godt nyttår og gratulerer med ny blogg :). Nyttårsfeiringen høres ganske lik ut som min. Sitter her og tenker at det er litt lenge å holde seg våken til midnatt. Lykke til med strikkinga!

Mette sa...

Godt nytt år. Gler oss til å høyra frå Gaupne og Jostedalen. Reknar med du har tenkt å ta turen frametter dalen sånn no og då.

Ragnhild sa...

He-he, eg heldt meg vaken til midnatt, Marit, men det var eigentleg godt å koma seg i seng:-)

Mette: Jepp, no blir det bygdablogging, vettu. Og det blir nok mange turar frametter dalen. Du er hjarteleg velkomen på besøk, forresten!