2. juni 2011

Mine nye vener

– Det er nok husmoreksem! sa ho på apoteket då eg viste henne utslettet på hendene mine. Med baby i hus er hendene mine mykje meir i kontakt med vatn og såpe enn nokon gong før. Så kva er løysinga på det, bortsett frå handsåpe utan parfyme og anna drit + handkrem? Jau, desse:


Apoteket selde dei for usle 34 kr, og dei er visstnok svært godt eigna for dei som har sarte hender, allergiar o.l Dei er supermjuke inni. Så no kan eg vaska kjøkkenbenken, komfyren, plukka opp matbitar frå golvet, setja inn i oppvaskmaskina, vaska golv i kokheitt vatn ... utan at hendene mine er i kontakt med vatn ein million gonger. Eg burde sikkert ha skjønt for lenge sidan at dette var lurt. Så i går då eg svinsa rundt med desse på hendene, og blei så begeistra at eg like godt vaska badet med det same (sjølv om det var midnatt), kjende eg meg som ei skikkeleg husmor.

5 kommentarer:

Kine sa...

Ja det er hva jeg kaller en skikkelig husmor! Jeg har fått oppvaskhandsker av mamma, fine knall rosa med blomsterkant. Deilig at de er lange så man har handske helt til albuen! Da kan man ta hendene godt nedi vaskebøtta ;-)
God vaskehelg til deg! :)

SURRESILJE sa...

Hei!
Likte bloggen din og legger meg til som følger. Hageinnlegget under har høy gjenkjennelsesfaktor!
Silje

Marit sa...

Så fint du har skrevet om barn og sånt under. Og ta småttisen opp i senga er noe av det koseligste jeg vet. Når han bare sukker sånn fornøyd og legger seg til å sove mellom oss i dobbeltsenga er det bare så fint å være familie! Så får vi heller våkne opp litt på kryss og tvers alle mann :) Og husmorfingre ja, å være skikkelig husmor er jo en hederstittel :)

Tarjei sa...

Alternativet er sjølvsagt å visa fram eksemen og få nokon andre til å "vaska kjøkkenbenken, komfyren, plukka opp matbitar frå golvet, setja inn i oppvaskmaskina, vaska golv i kokheitt vatn".

Ragnhild sa...

Kine: Høyrest ut som fine hanskar:-)

Surresilje: Takk for det! Skal sjekka ut bloggen din.

Marit: Kjenner meg att i det du skriv;-)

Tarjei: Trur du eg kan få husvasken gratis då? Det hadde vore noko!